Eit stort fleirtal i Bio-tekno­logirådet har tilrådd at Universitets­sykehuset i Nord-Norge får ta i bruk ein ny og meir presis blodprøve som kan spore opp foster med mellom anna Downs syndrom. Blodprøven fangar opp DNA frå fosteret i mors blod.