Kultur

Norskfaget er ikkje som før

Kva betyr det for norskfaget i skulen at Knut Hamsun, Sigrid Undset og Henrik Ibsen ikkje lenger står på læreplanen?

Norsk var eitt av favorittfaga mine på skulen. Men om eg i dag skulle sett meg på skule­benken igjen, ville eg neppe blitt særleg nostalgisk. Norsk­faget har vore i rivande utvikling dei seinare åra, og ei av endringane gjeld den klassiske norske skjønnlitteraturen. Før stod både Knut Hamsun, Sigrid Undset, Olav Duun, Cora Sandel og Henrik Ibsen på læreplanen. I dag kan lærarane velje fritt.

Det er usemje om kor vidt ­dette er ein god ting. Avisa Klasse­kampen har dei seinaste dagane 
køyrt ein artikkelserie om ­temaet. Norsklærar ved Røyken videregående skole og tillitsvald for Utdanningsforbundet, Thom Jambak, er ein av dei som er kritiske til at skulen ikkje lenger tek ansvar for den norske kultur­arven. Han er lei av det han oppfattar som ei pågåande vengeklipping av norsk­faget, og ønskjer seg forfattarar som Bjørnstjerne Bjørnson og Henrik Wergeland attende på læreplanen.

Frå Hamsun til Nesbø

I etterkant av Kunnskapsløftet i 2006 er det altså den enkelte lærar som sjølv legg opp kva slags forfattarar elevane skal få lese. Som nybakt lærer var det forlok­kande for Jambak å fritt kunne velje tekstane sjølv. Inntrykket hans no er like fullt at «mens lærerstudentene tidligere hadde forfattere som Knut Hamsun og Olav Duun øverst på sin ti-på-topp-liste, er det nå krimforfatter Jo Nesbø som er den soleklare favoritten».

HØR PODKAST: Velferdsstaten gjør oss mindre empatiske

Utfordrande

Dette er truleg 
sett på spissen, men Jambak ­risikerer å ha for lite tiltru til lærarkollegane sine med denne utsegna. Samtidig har han eit viktig poeng: Når det ikkje finst nokre retningslinjer for kva slags forfattarar ein skal ta for seg i norskfaget, endar ein fort med at elevane på dei ulike skulane har lese heilt forskjellige ting. «Jeg frykter at man ender opp med å lese ting som ikke er like viktige for dannelsen, og det gjør meg bekymret,» seier han til Klasse­kampen.

Denne fridomen i norskfaget kan sjåast som ein god ting — der breidde og variasjon skaper grobotn for utveksling av idear. På den andre sida kan det også bli ei utfordring for den sosial­demokratiske folkesjela når 
nye generasjonar nordmenn ikkje anar kven Peer Gynt, ­Kristin Lavransdatter eller Isak Sellanrå er.

Nokre vil meine at dette er heilt greitt, at norsk kulturarv er i stadig endring, og at forfattarar frå 1800-talet og tidleg 1900-tal ikkje fremmar dei viktigaste kompetansane ­elevane skal ha med seg ut av skulen. Andre vil tenke at vi har mista noko.

Ideologi

I den nemnde avis­serien uttaler også professor i norsk fagdidaktikk ved Høg­skolen i Sør-Trøndelag, Jon Smidt, seg. Han peiker på at litteraturen er i ferd med å gli bort frå norskfaget fordi ein i større grad har begynt å sjå på språk som kommunikasjon. Det har skjedd ei ideologisk dreiing der språk- og kommunikasjonsdelen overkøyrer litteraturdelen, meiner Smidt. Faren er at elevane får dårlegare kompetanse til å sette tekstar inn ein større samanheng.

Professor i tekstvitskap ved Universitetet i Oslo, Kjell Lars Berge, meiner på si side at den reviderte læreplanen inviterer til ei rikare litteraturforståing, der skjønnlitteraturen ikkje får spesielle privilegium. «Litteraturen er ikke under press,» seier han til Klassekampen.

Eg er ikkje like sikker som ­Berge. Den klassiske norske skjønnlitteraturen verkar å vere under press. Spørsmålet er kva det betyr for norskfaget i skulen at Knut Hamsun, Sigrid Undset og Henrik Ibsen ikkje lenger står på læreplanen.

Tidlegare i år kom den offent­lege utgreiinga «Fremtidens ­skole». Vil vi i framtida ha ein skule som har gløymt dei mest sentrale forfattarane i vår felles historie? I så fall bør vinninga vere stor.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur