Bøker

Historiene som bind oss saman

Eit nøkkelverk i den skeive litteraturen kan òg vere ein nøkkel i mitt liv som heterofil mann.

Da eg var tjueto år leste eg ein roman som ga meg fotfeste i verda. Eg plukka opp boka på eit bakgardssal i Oslo, og las den etter at eg var ferdig med ein eller annan eksamen på Blindern. På denne tida var eg plaga av både sjukdom og depresjon, utan at eg såg nokon enkel veg ut av det. Men boka, som eg ikkje kjente til, ga meg eit språk og ei stemme som gjorde det lettare å halde ut.

Først seinare vart eg klar over at Giovannis rom av James Baldwin var eit hovudverk i den lesbiske og homofile litteraturhistoria.

LES OGSÅ: Viser den iboende rasismen i USA

Forboden sex

Anbjørg Ohnstad (70) og Sylvi Sæther (71) er to av mange som kan fortelje om eit anna samfunn for skeive enn det vi har i Noreg i dag. I det siste nummeret av By, Kirkens Bymisjons magasin, fortel dei om da dei treftest og vart kjærastar for 43 år sidan. Det gir eit blikk på ei fortid mange av oss ikkje kjenner til. Blant anna var dei redde for å sleppe handtverkarar som skulle pusse opp inn på soverommet, i frykt for at nokon skulle sjå at dei to levde saman som partnarar.

Slikt høyrest nesten komisk ut i dag. Men det seier mykje om det vi har lett for å gløyme. Da Ohnstad og Sæther vart saman var sex mellom menn forbode, og homofili var ein psykiatrisk diagnose.

LES OGSÅ: Ropstad vil ikke gå i paraden, men møter i mottagelsen av Oslo Pride

Baldwins rare bok

James Baldwin er eit enda meir ekstremt eksempel. I ein artikkel i det siste nummeret av det litterære tidsskriftet Vinduet kan vi lese om kor ute av tida Giovannis rom var. Romanen handlar om amerikanske David som, mens han ventar på kjærasten sin, Hella, møter Giovanni på ein bar i Paris. David og Giovanni utviklar eit kort forhold fylt med lidenskap.

Baldwin var ein afroamerikansk forfattar som skreiv om kvite, homoseksuelle menn. Dette var under den kalde krigen, og eitt år før dei kjente Stonewall–opptøyane. Mottakinga boka fekk var svært kritisk.

Likevel er romanen blitt ståande som ei av Baldwin sine sterkaste bøker. Og framleis passar den ikkje heilt inn, vi veit ikkje heilt kvar vi skal plassere den.

Ein nøkkel i livet

Stor litteratur vil alltid presse mot rammene han er satt inn i. Mi eiga lesing av Giovannis rom som tjueto–åring i Oslo vart etter kvart ein augeopnar for meg, utan at eg kjende til boka sin kontekst. Fridomen og kjærleiken David kjempar for, var noko eg kunne kjenne meg igjen i. No har eg aldri stått i kampane som Anbjørg Ohnstad og Sylvi Sæther har stått i. Likevel vart James Baldwins bok, som er eit nøkkelverk i den skeive litteraturen, òg ein nøkkel i mitt liv som heterofil mann.

Kona mi og eg prøver kvar sommar å ta med oss barna våre for å sjå på Pride–paraden som går gjennom gatene i hovudstaden. Eg fortel barna mine at desse menneska som går her, dei har kjempa for kjærleiken sin. Dei har kjempa for å kunne stå oppreist. Det er ei historie som bind oss saman, uansett kva legning eller tru vi har.

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker