Bøker

Frå skandale til skandale

Nobels litteraturpris går ikkje til gode menneske. Han går til gode forfattarar.

Frå år med farse og øydeleggjande splid, til plutseleg å stå i blitslyset og snakke om det dei skal snakke om: Litteratur. Svenska Akademien kunngjorde i dag Nobels litteraturpris for 2018 og 2019, og dei trakk nok eit letta sukk. Endeleg kunne fokuset vere på dei litterære vinnarane. Endeleg kunne dei sleppe å snakke om skandalane i kjølvatnet etter metoo i 2017. Da stod 18 kvinner fram og klaga Jean-Claude Arnault for overgrep.

Og det er meir, mykje meir. Kvar skal ein starte?

Polsk meister

Der vi bør: Hos årets vinnarar av Nobels litteraturpris: Olga Tokarczuk og Peter Handke. Dei har ikkje noko med skandalane i Svenske Akademien å gjere. Dei har lenge vore rekna som nokre av dei ypparste forfattarane i verda i dag.

Olga Tokarczuk har skrive åtte romanar, tre novellesamlingar, og er omsett til 30 språk. Ho blir med rette omtala som ei av dei fremste i sin generasjon, og fekk Man Booker prisen for Løperne (2018), ein roman ulikt noko anna eg har lese. Før plogen din over de dødes knokler blir både kalla ein detektivroman, ein mørk feministisk fabel, og ein eksistensiell fabel. Den boka kjem ut på norsk om to veker, og da kjem Tokarczuk på besøk til Noreg - det er berre å glede seg.

LES OM VINNARANE: Polske Olga Tokarczuk (57) og østerrikske Peter Handke (76) er tildelt Nobels litteraturpris. Tildelingen skaper sterke reaksjoner

Betent austerrikar

Og så har du Handke. Hjelpe meg. Køyr debatt.

Handke er ein veteran, ein forfattar som lenge har vore aktuell for Nobels litteraturpris. Han er eit forbilde for både Jon Fosse og Karl Ove Knausgård, to av våre eigne favorittar til å få prisen. Reint litterært er det ikkje noko problem at han vinn i år. Men så kjem det evige spørsmålet: Korleis skilje mellom kunstnaren og verket? I Noreg slit vi framleis med korleis vi skal stille oss til støtta Knut Hamsun ga til Hitler og nazismen. Med Handke er det enda meir betent.

Dra til helvete

Da den serbiske leiaren Slobodan Milosevic døydde, etter å ha blitt tiltalt av FN-domstolen i Haag i 1999 for brotsverk mot menneskeslekta, heldt Peter Handke tale i gravferda hans. Det var berre ein logisk konsekvens av kva Handke hadde skrive og sagt om konflikten i det tidlegare Jugoslavia. Om du les noko av det han har skrive og sagt om konflikten, får du bakoversveis. Her er det ikkje noko fikenblad å gøyme seg bak.

Og kontroversane har ikkje lagt seg, tvert imot. Da Handke i 2014 fekk Ibsenprisen, drog det i gong den mykje omtalte Handke–debatten her til lands. Da han kom til Noreg for å ta imot prisen, gjekk han bort til dei som demonstrerte mot han og sa: «Dra til helvete.» Inne på utdelinga heldt Knausgård eit flammande innlegg som forsvarte kvifor Handke skulle få prisen.

LEST DENNE? Kunst- og litteraturkritikken må gjøre noe annet enn å peke på trender og fortelle oss ting vi allerede vet. Den må utforske det ubegripelige

Frå skandale til skandale

Vi kan trygt seie at Svenska Akademien har gått frå den eine skandalen til den neste. At dei tør! Kritikar i Morgenbladet, Bernhard Ellefsen, har sagt av årets vinnarar burde seie ifrå seg prisen i protest mot skandalane i Svenska Akademien. Det er det ingen som kjem til å gjere. Men i år blir det ekstra spennande å høyre kva både Tokarczuk og Handke vil seie i talane når dei mottek prisen. Her har dei begge høve, mens alle høyrer på, til å smelle til mot Svenska Akademien og korleis dei nesten har rota det til for heile utdelinga.

Men før den tid, vil debatten om Handke rulle nok ein gong.

Den viktige prisen

Da er det verdt å hugse på at Nobels litteraturpris er den mest kjente litteraturprisen i verda. Ingen annan pris betyr så mykje, verken for forfattarane som vinn eller for oss som lesarar. Bøkene til Olga Tokarczuk og Peter Handke stod roleg og trygt plassert i hyllene i bibliotek over heile landet. No blir dei røska ut av folk som vil lese en nobelprisvinnar. Ventelistene blir lange. Og både Gyldendal og Pelikanen forlag, som gir ut Tokarczuk og Handke i Noreg, har truleg satt maskineriet i gong for å få bøkene ut til bokhandlarane. Det er dette som gjer Nobels litteraturpris viktig: Han får oss til kaste oss over noko av det aller beste som finst av litteratur i verda.

Og så er det berre å erkjenne: Nobels litteraturpris går ikkje til gode menneske. Han går til gode forfattarar. Men vi må likevel vurdere verka som er skrivne, og handlingane og ytringane til forfattarane. Det er ikkje enkelt.

LES OGSÅ: Har Nobelprisen i litteratur tapt sin troverdighet?

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker