For mange kyrkjer?

I kommunen der eg vaks opp, er det i gjennomsnitt 500 innbyggjarar for kvar kyrkje. Er det for mange gudshus?

– Eg har eit sterkt forhold til både Joranger kyrkje (biletet) og Fet kyrkje eit par kilometer unna, skriv Vårt Lands kommentator.
Publisert Sist oppdatert

Er det noko som gjev signatur til heimbygda mi Indre Hafslo i Sogn, er det kyrkjene. Ja, vi har faktisk to.

Inntil for få år sidan hadde vi rett nok to postnummer, så det var to bygder. Men mellom Fet kyrkje og Joranger kyrkje er det berre litt over to kilometer. Ingen av dei vert fortrengt av noko bensinstasjonsskilt, slik Vårt Land denne veka rapporterte om frå Sør-Fron i Gudbrandsdalen.

Det er ikkje lett å finne nøyaktig svar på kvifor vi har to kyrkjer. Joranger kyrkje, den minste med sine 60 sitjeplassar, blei opna i 1660. Fet kyrkje med 220 sitjeplassar, vart bygd i 1894. Men det var den tredje kyrkja på staden. Ei lita stavkyrkje vart reist på 1200-talet. I 1650, rundt tida då Joranger kyrkje vart bygd like ved, vart ho riven og erstatta med ei tømra kyrkje. Drygt 200 år etterpå – i ein aktiv kyrkjebyggperiode – blei ho erstatta med dagens kyrkje.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP