Engasjert kunst
er den nye vinen
Klimakrise, flyktningkrise og omforming av det religiøse landskapet. Kunstnarane er samfunnsaktuelle igjen. Politikk og religion er in.
Kunsten har alltid vore opptatt av brennbare og eksistensielle spørsmål. Å gå dit det brenn, er noko anna enn å springe etter brannbilar. Både kunsten og journalistikken fungerer best når ein evnar å løfte blikket og utforske si samtid, sjølv om dette kan gjerast med eit vell av ulike innfallsvinklar.
Det finst aldri ei eintydig retning i kunsten, og slik skal det heller ikkje vere. Likevel kan ein sjå nokre linjer som utviklar seg over tid. Ei linje eg har skrive mykje om her i avisa, er korleis religionen i større grad enn tidlegare er gjenstand for kunstnarisk handsaming, ikkje minst i film, teater og litteratur. I Noreg ser vi ei omforming av det religiøse landskapet som spelar inn i kunsten. Det opne klimaet gjer at forfattarane ikkje er redde for å gå inn i bibelsk stoff, heller ikkje for å skrive bønetekstar direkte vendt mot Gud. Forteljingane frå norske, muslimske miljø er også i ferd med å bli fleire.
LES OGSÅ: «Med disse låtene er Sigvart Dagsland best i landet»
Bestill abonnement her
KJØP