Blikk på religiøs ekstremisme
Trugselen frå IS fører til ei rekke nedslag om religiøs ekstremisme i kunsten. Kristenfundamentalismen går heller ikkje fri.
FANATIKAR: I spelar Pjotr Skvortsov skuleleven Veniamin, som gradvis blir ein meir og meir farleg kristenfundamentalist.
frå «The Student»
Kunstnarar av alle slag har for alvor oppdaga at religiøse ekstremistar trugar den frie verda. Dette er ikkje akkurat ein ny trend i kunsten, som alltid har interessert seg for religionens mørke sider. Likevel ser vi ein tydeleg vilje blant dramatikarar, filmskaparar og forfattarar til å trenge djupare ned i tankegangen til menneske som let seg øydelegge av eit forkvakla religiøst brennhug. Det er god grunn til å tru at frykta for den militante islamismen, representert terroraksjonane til IS, dannar ein viktig del av bakteppet for denne kunstnariske undersøkinga. Samtidig går kunstnarane også laus på fundamentalistisk kristendom.
Manipulering
Det er berre to år sidan den tyske filmen Korsveien fekk den økumeniske Andreasprisen på Filmfestivalen i Haugesund – ein vond og provoserande film om korleis religiøs manipulering kan knekke eit ungt menneske. I år står den russiske filmen The Student på hovudprogrammet. Regissør Kirill Serebrennikovs film tek utgangspunkt i den tyske dramatikaren Marius von Mayenburgs teaterstykke Martyrer, som hadde noregspremiere på Nationaltheatret i vår.