Kultur

Den uventa poesien

Førre helg viste 83 år gamle Magne Larsen oss at poesien hører heime også i beste sendetid på TV 2.

Både ni år gamle Angelina Jordan og 83 år gamle Magne Larsen har skrive bok etter å ha deltatt i TV 2s program Norske Talenter. Jordans bok har vore ute eit par veker allereie og blir meldt på kultursidene våre i dag. Larsens bok hadde lansering denne veka.

Er ikkje desse bøkene berre spinoff av eit underhaldningsprogram på TV 2, kan ein innvende. Til det er å seie at ein skal ta alle kulturuttrykk på alvor. Og diktet som 83 år gamle Magne Larsen las i finalen på Norske Talenter, rørte meg ... ja, faktisk til tårer. Kanskje gjaldt det også fleire enn meg?

LES OGSÅ: – Kultur i kirken er mer enn kakepynt

Bøn til soldat

Kort oppsummert resiterte Larsen eit dikt han skreiv nokre år etter andre verdskrigen. Ei bøn til ein soldat. Det kunne like gjerne ha vore skrive i dag: «Jeg har en bønn til deg, soldat / Du er så ung, forstå at hat / er noe eldre folk har skapt / seg i et hjerte som har tapt.»

I vår urolege verd, med oppblomstring av terrorisme, krig og frykt, er dette framleis ord i rette tid. Og orda fekk ekstra tyngd gjennom Magne Larsens milde og rolege framtoning i Norske Talenter. Mange hadde nok den gamle poeten som sin personlege favoritt til å vinne heile TV-konkurransen.

LES OGSÅ: «Adventstida er ventetid, men vi har ikke så mye å vente på lenger»

Beste sendetid

Den unge gitaristen Odin Landbakk (13) var til sist ein verdig vinnar. Viktigast var det at Magne Larsen fekk høve til å framføre diktet sitt framfor 760.000 nordmenn. Poesiopplesing midt i beste sendetid. Framført som ei stillfaren bøn.

Magne Larsens diktdebut, som kom i går, har fått tittelen Dikt og fanteri. Eg noterer meg at 83-åringen har skrive dikt sidan han var 17 år. Poesien brukar ofte lang tid på å nå fram. Samtidig kan han plutseleg slå igjennom momentant. Som diktet «Bønn til en soldat», i eit underhaldningsprogram på TV.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Ingen aldersgrenser

Angelina Jordan har ikkje hatt den same livserfaringa når ho har skrive bok. Men ho har fått god hjelp av ein eldre diktar, Erling Kittelsen. Mitt fremste håp er at ho får god hjelp til å ta vare på seg sjølv. Det er få forunnt å bli forfattar i niårsalderen.

Men kunsten kjenner ingen aldersgrenser. Kanskje treng vi fleire 83 år gamle talent? Samt meir poesi i «primetime».

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur