Liverpool Street Station er kanskje ikkje det me ­assosierer med ein typisk turistattraksjon i London. Togstasjonen, som ligg i nærleiken av St. Paul’s Cathedral og Tower of London, er nok mest kjent for å vere eit viktig kollektivknutepunkt for dei som reiser inn til London frå aust.

Likevel var det her tidlegare statsminister for Labour, Gordon Brown, valde å spele inn videoen kor han oppmodar partiet sitt til å ta skuldingane om antisemittisme på alvor.

Det er ikkje vanskeleg å forstå kvifor: Utanfor stasjonen står ei statue av jødiske barn som vart redda ut av Tyskland, Austerrike, Tsjekkoslovakia og Polen og sendt til Storbritannia under andre verdskrigen.

LES OGSÅ: Gordon Brown krever eksklusjoner etter antisemittisme-bråk i Labour

Stolt tradisjon

Sir Nicholas Winton, av mange omtalt som Storbritannias svar på Schindler, oppretta organisasjonen som stod bak transporten av barna som vart redda. Han var i tillegg medlem i Labour.

Som Gordon Brown seier når han vandrar rundt på Liverpool Street Station: Labour-partiet i Storbritannia har ein stolt tradisjon for å kjempe mot rasisme og undertrykking.

Kanskje kunne ein framleis sagt dette om Labour i dag om det ikkje var for at leiaren, ­Jeremy Corbyn, heilt sidan han tiltredde har vore oppsiktsvekkande svak i møte med antisemittisme i eigne rekker.

Bortforklåring

For ei veke sidan sendte BBC Panorama ein dokumentar om korleis nære medarbeidarar av Jeremy Corbyn på ulike tidspunkt har tatt lett på handsaminga av varsel om antisemittisme. I staden for å ta ansvar har dei på ulike måtar insinuert at heile saka berre er eit forsøk på å skade leiaren og det han står for.

Sistnemnte påstand har gjort prosessen med å ekskludere medlemmar og ta tak i antisemittismen ekstra vanskeleg: Store delar av venstresida i partiet meiner at det først og fremst handlar om politisk usemje med Jeremy Corbyn og ikkje institusjonaliserte fordommar mot ei religiøs gruppe.

LES OGSÅ: Labour-ordfører uttalte at Hitler og ­nazistene var sionister

Ei større utvikling

Feilen som blir gjort av dei som hevdar at alt er iscenesett for å skade leiarskapen til Jeremy Corbyn, er at dei nektar å sette saka i ein historisk samanheng.

Dei nektar å innsjå at det tidlegare Labour-medlem Luciana Berger kallar institusjonalisert antisemittisme er ein del av ei større utvikling: Antisemittismen i fleire vest-europeiske land ­aukar og det blir stilt stadig fleire spørsmål ved det største folkemordet i historia: Holocaust.

I den nye utgåva av gatemagasinet Folk er Folk stiller redaktør Bjønnulv Evenrud spørsmål ved Holocaust og hevdar at dødstala har blitt nedjustert i det stille.

I Tyskland er jødar åtvara mot å bruke Kippah offentleg.

Den ungarske statsministeren Viktor Orban brukte store delar av førre valkamp på å sverte den jødiske finansmannen George Soros og fremje konspirasjonsteoriar om korleis jødar styrer økonomien.

I Umeå i Sverige måtte den jødiske møteplassen stenge på grunn av frykt for åtak.

Frankrike kunne tidlegare i år rapportere om ei auking i kriminalitet retta mot jødar på 74 prosent.

Jamt over aukar antisemittismen i Europa, og utviklinga i ­Labour kan ikkje sjåast separat frå stoda på kontinentet.

Kunnskapslaus

Ifølge ei ­måling utført av Jewish Chronicle trur over 85 prosent av britiske jødar at Jeremy Corbyn er antisemitt. Det er vanskeleg å peike på konkrete døme på at Corbyn sjølv faktisk er antisemitt, men at han både har ignorert og vore kunnskapslaus i møte med antisemittismen i eige parti, er det liten tvil om.

Det er heller ikkje til å sjå bort i frå at problemet kan bli endå større etterkvart som Corbyn-kritikarar takkar for seg eller blir skvisa ut og nye representantar kjem inn.

Fleire av desse nye representantane står nærare Corbyn. Dei har enten kome med antisemittiske utsegn sjølv, eller ser ikkje på utviklinga i Labour som eit nemneverdig stort problem.

LES OGSÅ: Partileder Corbyn erkjenner at Labour har et «reelt problem» med antisemittisme

Svarteper

Dei som til slutt blir sitjande igjen med svarteper er britiske jødar som opplever at partiet med flest medlemmar i Storbritannia ikkje representerer dei.

Ikkje berre det, men dei kan faktisk ikkje vite om dei kan forvente at Labour står opp for dei om dei skulle oppleve hets eller åtak. Frykta fleire av dei kjenner på, blir ikkje teke på alvor av Labour.

I staden blir legitim kritikk av Israel sausa saman med snakk om «sionisme». Det blir stilt spørsmål ved lidingane jødar har blitt utsett for.

Labour Party anno 2019 er ikkje noko vakkert syn. «For the many, not the few» har vore Corbyns slagord sidan han vart valt som leiar i 2015. Mange ­jødar kjenner seg nok meir igjen i ordspelet «For the many, not the jew».