Kommentar

Vi skal verne jødane med vage ord og berøringsangst

Stikk i strid med innspel frå norske jødar, klarar ikkje regjeringa prioritere kven tiltaka mot antisemittisme skal treffe.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Meir kunnskap er eit refreng gjennom regjeringas nye handlingsplan mot antisemittisme. Til dømes skal Støre-regjeringa «fortsette arbeidet med å bygge kunnskap og kompetanse om rasisme, antisemittisme, hets og diskriminering i ulike deler av samfunnet». Vidare står det at trugslane mot jødiske institusjonar i Norge har auka og at antisemittismen breiar om seg.

Mykje av det som står i handlingsplanen er vel og bra, men er det nok?

Kor eller kven?

Det står til dømes ingenting om kor eller kven som står bak denne auken i jødefiendtlege haldningar – utover at «krig og konflikt i Midtøsten bidrar til økte motsetninger og påvirker intensiteten».

Ja, antisemittismen er eit eldgammalt fenomen i Norge – lenge før det kom ein einaste muslim hit. Den rotnorske antisemittismen som sende jødane til konsentrasjonsleirane i samarbeid med nazismen, er framleis eit utbreidd problem i Norge. Det er likevel ikkje denne forma for antisemittisme som er grunnen til at PST meiner norske jødar er utsette terrormål i dag. Frå tidlegare undersøkingar veit vi at antisemittismen blant norske muslimar er langt høgare enn i resten av folket.

Det ligg i ordets natur at ein handlingsplan må vere konkret. Då må den tørre å sette fleire konkrete ord på norsk antisemittisme enn regjeringa gjer i sin handlingsplan

Det finst miljø i Norge med meir enn gjennomsnittleg antisemittisme. Mange av dei er muslimske. Det var noko vi visste lenge før 7. oktober i fjor.

Som då Abid Raja i 2017 fortalde om at jødane var den naturlege fienden i mange muslimske heimar. Eller året før, då islamisten Arfan Bhatti skaut mot synagogen. Eller synagogen i København vart angripe og ein jødisk mann døydde.

Berøringsangst for antisemittisme blant muslimar

Derfor er det betimeleg å minne om det «Norsken, svensken og dansken»-programleiar Hilde Sandvik nyleg sa til Vårt Land, då ho åtvara om at når det gjeld islam er det «ein del spørsmål vi unngår, ikkje går skikkeleg inn i eller følger skikkeleg med på». Då HL-senteret undersøkte antisemittismen i Norge i 2022, viste tala at meir enn kvar fjerde muslim i Norge hadde negative fordommar mot jødar. Allereie i 2019 åtvara Aftenposten-kommentator Ingeborg Senneset om at vi burde snakke meir om antisemittisme i muslimske miljø.

I HL-undersøkinga for 2024 var det inga eigen respondentgruppe blant norske muslimar, og derfor ingen ferske tal, men Vibeke Moe ved HL-senteret seier det er viktig å følge opp kartleggingane blant norske muslimar – slik dei gjorde i 2022.

Når ikkje regjeringa som øvste instans klarar å gjere det i sin handlingsplan er spørsmålet kven andre som skal gjere det? Lærarane i skulen? Undervisarane på demokrati- og menneskerettssentera? Jødane sjølv?

Det ligg i ordets natur at ein handlingsplan må vere konkret. Då må den tørre å sette fleire konkrete ord på norsk antisemittisme enn regjeringa gjer i sin handlingsplan.

Berøringsangsten for muslimsk antisemittisme i Norge, står i sterk kontrast til dei danske sosialdemokratane, som har vore klokkeklare mot antisemittismens kår i muslimske miljø

Forfattarane av regjeringas handlingsplan har i alle fall ikkje tatt oppmodinga om å peike konkret på kor antisemittismen er i vekst – og spisse tiltaka slik at dei treff der.

Berøringsangsten for muslimsk antisemittisme i Norge, står i sterk kontrast til dei danske sosialdemokratane, som har vore klokkeklare mot antisemittismens kår i muslimske miljø. Der kalla statsrådane Kaare Dybvad frå Socialdemokratiet og Morten Dahlin frå Venstre danske imamar inn til møte med klare meldingar.

Det er få som tvilar på Jonas Gahr Støres personlege engasjement mot antisemittisme og for at jødane skal kjenne seg trygge. Mange hadde likevel håpa på ein meir konkret handlingsplan.

For vi har allereie nok kunnskap om antisemittismen i Norge til å sette fingeren på problemet.

Burde vore nemnt i handlingsplanen

Mange fine og viktige tiltak er lista opp i den ferske handlingsplanen, sjølv om dei fleste allereie eksisterte i den gamle. Til dømes tiltaket med å styrke dei viktige freds- og menneskerettssentera. Det låg ingen nye pengar i planen utover dei regjeringa allereie hadde lova i statsbudsjettet for 2025.

Det er moglegvis forståeleg at regjeringa i handlingsplanen skriv vage formuleringar for å verne norske muslimar. Spesielt ettersom det store fleirtalet av norske muslimar ikkje står for antisemittiske haldningar.

Samstundes risikerer vi at antisemittismen held fram med å vekse. Det er vanskeleg å komme med gode tiltak dersom ein ikkje veit kor eller kven tiltaka skal treffe. Dersom tala er på 2022-nivå eller høgare snakkar vi altså om ein av fire norske muslimar som har antisemittiske fordommar mot jødar.

Det burde vore nemnt i ein handlingsplan som påstår at kunnskap er viktig for å bekjempelsen av antisemittismen.


Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar