Kommentar

Halloween gjer det lettare å vere annleis

Det er på tide å slutte sutre: Halloween er ein unik sjanse for barn og unge til å vere mørke, stygge og annleis for ein kveld.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kvar oktober skjer det same: Eg og kona blir uroleg når Halloween nærmar seg.

Oftast handlar det om eit ubehag. For når du har mista nokon i nær familie, er det ikkje så lett å stelle seg til at døden blir tulla med rett utafor døra di.

Men det handlar også om små ting, som at barna går og et godteri til seint på kveld – det er jo ikkje akkurat så sunt. Og så har vi irritasjonen over korleis amerikansk kultur, hand i hand med handelsstanden, brøyter seg inn i haustmånadane. Og kvifor er Halloween blitt så populært, mens så mange kristne høgtider snakkast ned?

For å gjere det enda verre, hamnar vi i krangel med barna våre. For dei ser ikkje heilt poenget i vår prinsippfaste motstand mot Halloween.

Og det blir ikkje betre når dei vaksne gløymer å kjøpe inn kostyme og kunstig blod til barna.

Så nei, Halloween er sjeldan ein suksess heime hos oss, sjølv om humøret ofte stig etter kvart som sukkerinntaket tek seg opp utover kvelden.

Men bak desse kvardagslege konfliktane, som kanskje går føre seg i mang ein norsk heim, trur eg vi gløymer at Halloween gjer fellesskapet vårt større.

Ein frigjerande kveld

Å skilje seg ut og vere original, er eit tviegga sverd. Vi kan av og til drøyme om å vere den alle ser opp til. Men i dei aller fleste tilfella kjenner vi på eit ubehag ved å bli lagt for mykje merke til. Vi vil vere unike individ, men vi ønsker også å bli aksepterte og ha vår plass i fellesskapet. Frykta for å ikkje passe inn blir fort større enn behovet for å skilje seg ut.

Det gjeld også når ein er barn, og kanskje enda meir når ein er ungdom.

Og det er her Halloween ber i seg noko nydeleg.

For på denne sure, kalde kvelden i slutten av oktober handlar det ikkje om å pynte seg eller å vere den beste versjonen av seg sjølv.

Nei, langt ifrå.

Denne kvelden skal du vere stygg og fæl. Du skal vere alt det du ikkje skal vere dei 364 andre kveldane i året. Og når eg er vitne til alle dei maskerte unge menneska som går gatelangs på Halloween, slår det meg at det også ser ut til å vere temmeleg frigjerande.

Halloween som teater

Så kan det likevel hende at nokre av oss vaksne vil meine at Halloween bidreg til seksualisering når vi ser lettkledd ungdom i trongt, svart skjørt og med svart naglelakk. Og det er garantert nokre av oss som meiner at alt dette av blod og gørr og skrekk bidreg til råskap og vald i samfunnet.

Men når eg begynner å trekke fram slike argument, prøver eg å seie til meg sjølv: Skjerpings. Ikkje tenk for mykje tullball no. Seksualisering og råskap blir barn og unge utsett for kvar einaste dag, det er litt urettferdig om dei skal bli skulda for å drive med det på Halloween også. Eller som Jens Bjørneboe ironisk skreiv: Kan vi fatte og begripe kvar ungdommen har sin råskap ifrå?

Nei, dess eldre eg blir, dess oftare prøver eg sjå på Halloween som eit stort frigjerande teater.

Når Trump dukkar opp då døra di

Da tenker eg på den brasilianske teatermannen Augusto Boal (1931–2009) og hans tankar om dei undertryktes teater. Kort fortalt meinte Boal at tilskodaren i teateret var undertrykt. I dette ligg det ein moglegheit, for om skiljet mellom scene og sal forsvann, kunne tilskodaren frigjere seg. Det er ein radikal teori, og som er meir samansett enn dette, men den viser korleis vi kan gå frå å vere passiv tilskodar til å bli ein aktiv deltakar.

Og det er jo dette som skjer på Halloween – barn og ungdom går inn i rollene som monster og skurkar og speler eit spel der dei sjølv er dei aktive. Dei sit ikkje og ser på, men kjem heim til deg, ringjer på døra kledd ut som ein fullstendig framand og speler ei rolle rett der framfor deg. Frigjort frå den kvardagslege rolla dei alltid kler seg i, gir dei deg ein bitte liten, intens framføring på dørterskelen til din trygge heim.

På Halloween får barn og unge lov til å lage teater ut av ei verd dei prøver passe inn i

På Halloween får barn og unge lov til å lage teater ut av ei verd dei prøver passe inn i. Eit teater der dei kler seg ut som det verste og vondaste dei veit om, og slik snur dei spegelen utover. Når for eksempel barn og unge dukkar opp utkledd som Trump på døra di på Halloween, er det eit uttrykk for politisk medvite, heller at amerikansk kultur har tatt fullstendig over.

Jesus og dei utstøytte

Når eg har gjort meg klar for Halloween, har eg i mange år gjort det med stive skuldrer og ein bismak i munnen. Men framover skal eg slutte å sjå skrømt og monster på høglys dag.

Eg skal heller prøve tenke på denne seine haustkvelden som ei utviding av samfunnsrommet vårt.

For ein kveld i året kan ungdom droppe å tenke på at dei skal kle seg fint, passe inn, oppføre seg normalt, ete sunt, trene rett, og alt det andre som vi forventar at dei skal gjere.

For ein kveld skal dei berre vere grufulle.

Jesus og dei utstøytte

Det skal eg i år feire og sjå på som eit stor pluss. Ikkje minst som kristen. I evangelia tek Jesus hand om dei ureine og dei utstøytte. Mange av desse som Jesus tok inn, trur eg vi ville sett på som monstrøse i dag. Og monster og grufulle skapningar er ikkje uttrykk for kva vi fryktar aller mest, dei er like mykje spegelbilde av kva vi sjølve fryktar å bli.

Så når barn og unge tek på seg dei styggaste kleda og dei fælaste maskane, og gir seg fullstendig over til Halloween, skal eg prøve å hugse på at det er mykje å glede seg over på ein mørk og skummel haustkveld i oktober.


Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar