Tru når verda raknar

Mange har funne fram til kristen tru når ateistiske eller maktreligiøse verdsbilete er blitt for brutale – eller har rakna.

kk
TYRKIA: Menneske som ikkje orkar meir av autoritær, nasjonalistisk islamisme under president Erdogan, vil bli døypte, skriv gjestekommentator Johannes Morken.
Publisert Sist oppdatert

Tru og gudsbilete kan endra seg. Andre mistar trua, viser debatt i Vårt Land. I arbeidet mitt støyter eg på temaet frå andre kantar – i stadige møte med menneske som finn håp i kristen tru etter at verda deira rakna. Men eit postmoderne ord som dekonstruksjon er for dei framandt.

Nyss møtte eg kristne frå Turkmenistan og andre land i Sentral-Asia. For vel 30 år sidan braut imperiet Sovjetunionen saman. Det ateistiske verdsbiletet som hadde vore tvinga gjennom med brutalitet, ramla som eit korthus. «Det var eit sug etter meining», fortel menneske som blei kristne i tomrommet.

Mange kristne misjonærar kom med klokskap, andre med invaderande overmot. Tre tiår seinare deler modige lokale kyrkjer evangeliet i møte med statsmakter og islamske lokalsamfunn som mislikar tvil og ny tru – somme er drepne av ekstremistar, andre har vore i fengsel.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP