Tenk om kampen om regjeringsfleirtalet vart avgjort, kvart fjerde år, av kven som fekk flest røyster i gamle Aust-Agder. Vi andre kunne røyste som vi ville, men det var ein margin på om lag 10.000 veljarar i Aust-Agder valkrets som gjorde utslaget for høvesvis blå eller raud side. Dersom du, som eg, bur ein annan stad enn Aust-Agder, ville det kanskje kjennast litt urettferdig.
Slik – om enn litt karikert – er røynda for langt dei fleste innbyggjarane i USA. I eit land med over 335 millionar borgarar, vil valet mest truleg bli avgjort av godt under éin million av dei.
I 2020 vann Joe Biden seks av vippestatane med ein margin på til saman 470.000 røyster
Det rigide systemet
Årsaka til at det ikkje er knytt spenning til resultatet dei aller fleste stadane, handlar både om måten valet blir gjennomført og korleis befolkningssamansetninga er i dei ulike delstatane. Valmannssystemet (sjå faktaboks) gjer at dersom siger i ein delstat ser ut til å vere utanfor rekkevidde for ein kandidat, er sigeren utan meining i det store biletet.
Det er berre i dei såkalla vippestatane at det er interessant for presidentkandidatane å drive valkamp.
Om lag 60 millionar menneske bur i desse sju delstatane, og i 2020 vann Joe Biden seks av dei med ein margin på til saman 470.000 røyster. Av dei om lag 178 millionar registrerte veljarane i USA var det altså om lag ein kvart prosent sine røyster som gjorde utslaget. I 2016 var det endå tettare: Donald Trump vann tre av dei sju vippestatane med til saman 80.000 røyster.
---
Presidentval i USA
- Kvar delstat har eit antal valmenn i eit kollegium på totalt 538 personar, fordelt etter folketal
- Alle delstatar (med to unntak) gjev alle sine valmenn til det partiet som får flest røyster i delstaten (eit såkalla winner takes all-system)
- Det partiet som får flest valmenn vinn presidentvalet. Ved likt røystetal er det Representanthuset som avgjer vinnaren
- Talet på valmenn svarar til delstaten sin representasjon i Kongressen (talet på representantar i Representanthuset pluss to senatorar). I tillegg har Washington DC, som ikkje er ein delstat, tre valmenn
---
Rustbeltet
Grovt sett kan vi dele dei sju vippestatane i to kategoriar: Rustbeltet og Solbeltet.
I Rustbeltet, nord i landet, finn vi Wisconsin, Michigan og Pennsylvania. Desse delstatane var kjerneområde for amerikansk industri og har opplevd økonomiske nedgangstider dei siste åra. Detroit i Michigan var gjennom mange tiår hovudsetet for amerikansk bilproduksjon, og i takt med at arbeidsplassar i næringa har flytta til Aust-Europa og Asia, har arbeidsløysa auka.
I Rustbeltet finn vi, generelt, eit lågare etnisk mangfald og fleire av dei kvite arbeidarklasseveljarane som både Donald Trump og Joe Biden appellerer til, og som Kamala Harris kanskje strever noko meir med å nå.

Solbeltet
I Solbeltet, sør i USA, ligg dei siste fire vippestatane: Nevada, Arizona, Georgia og North Carolina. Desse delstatane har ein yngre befolkning enn Rustbelte-statane. Dei er også meir mangfaldige: Nevada og Arizona i vest har høg andel latinamerikanske innbyggjarar, medan mellom ein tredel og ein firedel av innbyggjarane i Georgia og North Carolina er svarte.
Desse gruppene har vore gode for demokratar tidlegare, men ting tyder på at det er i ferd med å snu: Særleg mellom unge menn i båe grupper – nett som mellom unge kvite menn – går støtta til Trump stadig oppover. Sett under eitt er det ting i målingane som tyder på at latinamerikanske veljarar, trass i at Kamala Harris framleis er i leiinga på målingane, i stadig større grad fordeler seg likare mellom dei to partia. Svarte veljarar, med unnatak av dei unge mennene, er framleis solid på demokratisk side, men også her ser vi teikn til endring.
Berre om lag 4 prosent av dei registrerte veljarane er opne for overtyding
Kva avgjer?
Som vi har vore inne på tidlegare, er det svært få veljarar som ikkje har bestemt seg for kva veg dei vil røyste inovember. Berre om lag 4 prosent av dei registrerte veljarane er opne for overtyding. Det vil i praksis seie at det er snakk om ein promille av innbyggjarane som vil avgjere det amerikanske valet.
Det kan bety at det viktigaste for både Kamala Harris og Donald Trump er å motivere dei som allereie er på deira respektive lag, men som kanskje ikkje bryr seg nok til å faktisk gå og røyste. Det handler om unge, som vi veit også frå her heime at er vanskelege å nå med bodskapen om å delta i demokratiet. Det handler også om minoritetsgruppene som historisk har vore mindre motiverte til, eller har jobbar som gjer det vanskeleg, å dra til eit røystelokale.
Derfor vil vi sjå at båe presidentkandidatene bruker tid på å delta i podkastar og radioprogram retta spesielt mot unge, svarte og spansktalande – i dei sju vippestatane. For det er, som kjent, berre desse som betyr noko.