Som vi var inne på i førre veke, er presidentvalet eigentleg ikkje eitt, men femti val. I tillegg skal mange hundre andre val bli avgjort 4. november, og står på same røystesetel.
Forhaldet mellom delstatane og den føderale regjeringa kan framstå utklart frå tid til anna, men det er ikkje tvil om at det står mykje på spel også på delstatsnivå i dette valet. Kor spanande er det? Akkurat det skal vi komme tilbake til.
Dei flyttbare grensene
Heile Representanthuset – 435 representantar* – er på val kvart andre år. Dermed kan alle som går til valurnene i starten av november røyste på sin representant i den lovgjevande forsamlinga, sin member of Congress.
I gjennomsnitt representerer kvart medlem av Kongressen om lag 760.000 innbyggjarar, og distrikta blir justerte etter folketalet i delstaten. Denne justeringa blir i hovudsak gjort etter folketeljingar kvart tiande år – då blir også kongress-seter flytta mellom delstatane i takt med folketalsutvikling. Imidlertid gjer ein i praksis justeringar langt oftare enn dette. Der finst nemleg mange måtar å vinne eit val.
Gerrymandering er eit omgrep som rett og slett ikkje har noko ord på norsk, fordi det er eit så erke-amerikansk ord og fenomen. Omgrepet oppsto på tidleg 1800-tal. Elbridge Gerry, guvernør i Massachusetts, teikna opp eit valdistrikt som, ifølge journalistar som dekka saka, likna meir på ein salamander enn på eit valdistrikt. Guvernør Gerry skreiv seg med det – og med vitseteiknarane si hjelp – inn i amerikansk valhistorie.
Gerry forsøkte med det nye valdistriktet å skapa ein fordel for sine partifeller i Det demokratisk-republikanske partiet over Føderalistpartiet i valet same år, og det oppnådde han.
I åra sidan har delstatsparti over heile USA gjort liknande øvingar for å sikre sine parti. Utgangspunktet er at folketalet tilseier at grensene må oppdaterast, men resultatet er ofte langt meir omfattande.
Som eit eksempel: Ein delstat med fem valdistrikt som i utgangspunktet kan vinnast av båe parti, kan bli til til fire litt meir solide demokratiske distrikt og eitt knallraudt republikansk distrikt dersom ein teiknar grensene slik at dei trygge republikanske veljarane blir «fanga» i eitt område. Då kan delstaten få fire demokratar og ein republikanar i senatet i staden for, til dømes, to demokratar og tre republikanarar.
Denne praksisen er ikkje ulovleg, med mindre ein gjer desse endringane på bakgrunn av til dømes rasesamansetning i distriktet. Den gjer imidlertid utslag som kan bli beint fram komiske: Grafikarane som laga skrifttypen Ugly Gerry fann fram kart over distrikt som er så forpinte i fasongen at dei liknar på bokstavar.
Sjølv om det har blitt mest bråk om distrikta som er teikna i republikansk-kontrollerte delstatar dei siste åra, er ønsket om å vinne val via kartografi definitivt tilstades også i Det demokratiske partiet. Svært, svært mange delstatar i USA har kart som er teikna for at det leiande partiet i delstaten skal få størst mogleg fordel i kongressvalet.
Kontroll i Kongressen
Det er imidlertid ikkje berre gerrymandering som gjer at det er lite konkurranse i mange distrikt. Det er ei brei trend i USA at veljarane sjølv-sorterer seg: Demokratiske veljarar buset seg i område der det er mange andre som dei, medan republikanske veljarar gjer det same. På denne måten blir lokalsamfunn meir og meir «sorterte» etter politikk.
På same måte som utfallet i det store fleirtalet av delstatar er uvesentleg i presidentvalet, er det i realiteten berre mellom 43 og 70 av dei 435 representant-vala som har spenning knytta til seg. Dei øvrige distrikta vert rekna som heilt trygge for sine respektive parti.
Det er imidlertid desse få som utgjer skilnaden på kontroll over Representanthuset og ikkje. I dag har republikanarane 220 representantar og demokratane 212, med tre ledige sete. I oversikta til Cook Political Report, som eg lenka over, er det 24 valdistrikt som vert rekna som såkalla toss-ups, altså at det er så likt på målingane at det ikkje er mogleg å seie at det lener i eine eller andre retninga.
Dersom republikanarane vinn sine sikre distrikt, og dei som no er merka som «truleg» republikanske, treng dei berre å vinne ti av dei 24 som er heilt på vippen for å halde på kontrollen i Representanthuset. Det skal ikkje mykje til at dei får til det, og det er nok mest sannsynleg at republikanarane held fleirtalet her dei neste to åra.
Senatet, som vi skal snakke meir om i neste veke, blir i dag kontrollert av Det demokratiske partiet med 51 mot 49 røyster (fire av senatorane er uavhengige, men røyster stort sett med demokratane). Det er grunn til å anta at også dette kammeret vil komme under kontroll av Det republikanske partiet etter valet.
Då kan det bli tunge år for Kamala Harris, sjølv om ho skulle ende med å slå Donald Trump: Det er begrensa kor mykje politikk du får gjennomført utan Kongressen i ryggen.
* Lurer du på kvifor det er 435 representantar i Representanthuset og 100 senatorar, når det er 538 valmenn? Det er fordi hovudstaden Washington D.C. er eit distrikt, ikkje ein delstat, men dei har likevel fått tre valmenn. Distriktet har ikkje vanlege kongressmedlemmer slik ein delstat har, men ein delegat utan røysterett i Kongressen. Det same gjeld forøvrig Puerto Rico, Amerikansk Samoa, Guam, Nord-Marianane og dei amerikanske Jomfruøyene.