«Etter nøye vurdering er det klart for meg at nett no, 43 dagar før valdagen, ikkje er den rette augneblinken for å gjere denne endringa», skreiv delstatssenator Mike McDonnell (R-NE) i ei pressemelding måndag.
Endringa han snakker om, kunne i ytste konsekvens ha endra utfallet av presidentvalet i november, og truleg vil McDonnell få mykje bråk frå partifellar for å innta dette standpunktet. Vi skal komme tilbake til kva som hendte i Nebraska snart.
Presidentvalet i USA er eigentleg ikkje eitt val, men 50 mindre val, i dei ulike delstatane. Delstatane har eit antall såkalla valmannsrøyster (på engelsk: electoral votes) i valmannskollegiet på totalt 538 personar. Talet kan virke tilfeldig, men er altså like mange som det er medlemmer i Kongressen, 438 i Representanthuset og 100 i Senatet. Kvar delstat har like mange valmannsrøyster som delstaten sine kongressmedlemmer. Ein delstat har alltid to senatorar, men talet på medlemmer i Representanthuset kan endre seg dersom folketalet i delstaten endrer seg. Desse endringane skjer etter folketeljing kvart tiande år.
Sidan valet i 2020, som også var året for sist folketeljing, har det skjedd ein del endringar: Texas har fått to ekstra valmenn, medan Colorado, Florida, Montana, North Carolina og Oregon har fått ein kvar. California, Illinois, Michigan, New York, Ohio, Pennsylvania, og West Virginia har alle mist ein valmann.
Men kva med Nebraska?
Tilbake til Nebraska og delstatssenator Mike McDonnell. Som du kan sjå av kartet over, er det ein liten blå firkant på den røde delstaten. Heilt oppe til høgre, i blå Maine, er det også ein rød firkant. Desse to delstatane har nemleg andre reglar enn dei 48 andre: Dei deler nemleg ut to valmannsrøyster til vinnaren av delstaten, og resten blir fordelt til vinnaren av delstatane sine høvesvis tre og to valdistrikt. I praksis er har det i dei siste vala blitt slik at eitt valdistrikt i konservative Nebraska – som omfatter mellom anna delstatshovudstaden Omaha – og eitt valdistrikt i liberale Maine har gått motsatt veg av dei andre.
I ein tenkt situasjon kan denne eine valmannsrøysta i Nebraska som går til demokratane, avgjere valet til deira fordel nasjonalt. Dei siste vekene har det republikanske partiet i delstaten jobba med å køyre gjennom ei lovendring som vil føre til at alle delstaten sine fem valmannsrøyster går til partiet som vinn på delstatsnivå.
Kan ein lage siger?
I ein tenkt situasjon som på biletet over, der demokratane vinn vippestatene Nevada, Arizona, Wisconsin og Michigan, medan republikanarane vinn Georgia, North Carolina og Pennsylvania, vil resultatet i valmannskollegiet bli 269-269 dersom Nebraska deler ut alle sine fem valmannsrøyster til delstatsvinnaren, i staden for basert på vinnar i valdistrikt. Blir det 269-269 i valmannskollegiet, er det Representanthuset som avgjer valet. Då vil det vere rimeleg å forvente at republikanarane vil gje valsigeren til Donald Trump.
Kvifor slikt hastverk? Vonde tunger vil ha det til at grunna prosedyrereglar i Maine, er det for seint for demokratane som kontrollerer delstatsforsamlinga der å gjere det same til gjengjeld.
No ser det likevel ut til at det lyser gult for Nebraska-republikanarane sine ambisjonar. Om Mike McDonnell verkeleg meiner at det er for nært opp til valdagen, veit vi jo ikkje. Vi kan også spekulere i om årsaken til motstanden hans er at han ønsker å stille til ordfører i Omaha i valet i mai 2025, og veit at den blå byen ikkje vil vere spesielt vennleg innstilt om han skulle gå med på ei lovendring som ender med å gje Donald Trump Det kvite hus på ein teknikalitet.
Til valet om fire år kan vi nok rekne med at både Maine og Nebraska deler ut sine valmannsrøyster på same måte som dei andre: Winner takes all.