Kommentar

Svertekampanjen som vann fram

Ei reiseskildring av Jonas Gahr Støres reise frå Norges suverent mest populære politikar til den sterkt kritiserte statsministeren han no er.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I desember 2005 var utanriksminister Jonas Gahr Støre ein så populær politikar at dei høge popularitetstala faktisk gjorde han brydd.

Dei neste åra meinte stabilt kring 70 prosent av veljarane at Støre gjorde ein god jobb. Først då Jens Stoltenberg i 2012 utnemnde Støre til uriasposten som helse- og omsorgsminister, fall populariteten til 46 prosent.

Mange forklaringar på Støres fall

Etterpå gjekk det brått oppover igjen, då Støre vart ny partileiar i 2014. Ap svevde så høgt på målingane at dei enkelt kunne danna regjering åleine. Kanskje såg sosialdemokratar frå mange av partiets fraksjonar sine håp og lengslar i den nye leiaren?

I løpet av Støres første år stabiliserte Ap seg solid over 30 prosent på målingane, fram mot stortingsvalet i 2017. I dag veit alle – særleg Ap-delegatane som er samla til landsmøte denne helga – smerteleg godt kor ille det gjekk etterpå. Forklaringane har spekulert kring Støres kommunikasjonsstil, leiareigenskapar, tilstanden i norsk økonomi, Giske, sosialdemokratiets fall og andre politiske kjepphestar.

Langt inn i Ap er det fleire som trur partiet ikkje har plass til menneske med fleire millionar på konto.

—  Emil André Erstad, kommentator

Viss vi studerer tala og grafane – til dømes hos PollofPolls – er det vanskeleg å ikkje leggje merke til stemningsskiftet rett før stortingsvalet i 2017. Frå oktober 2013 til juli 2017 låg Ap konsekvent over 30 prosent oppslutning. Med eit slikt valresultat i september 2017 ville Erna Solberg blitt tvungen til å gje frå seg statsministerkontoret til Jonas Gahr Støre fire år tidlegare enn det som vart.

Støres styrkar vart veikskapar

Derfor skapte den ferske og populære Ap-leiaren panikk i dei borgarlege partia.

På borgarleg side – i miljøet tett på dåverande statsminister Erna Solbergs mektige strateg Sigbjørn Aanes – vart det klekka ut ein strategi om å ta Støre meir på person enn det som hadde vore tilfellet før. Strategien handla om å vinkle alt det som tidlegare hadde gjort Støre populær, om til veikskapar.

Fram til då hadde det til dømes vore ein styrke for Støre at han som rik, ung mann hadde vald sosialdemokratiet. No vart det fokusert på kor problematisk det var å ha ein mangemillionær som partileiar for eit parti av vanlege arbeidsfolk.

Årets tåkefyrste i 2016

Fram til då hadde Støres intelligente og akademiske vokabular blitt rekna som eit bevis på at han var kunnskapsrik og forstod kompliserte spørsmål. No vart han framstilt som «tåkefyrste». Dei fekk openbert god hjelp av kommunikasjonsbyrået Geelmuyden Kiese, som kåra Støre til «årets tåkefyrste» i 2016.

Den forma for «negative campagning» – meir kjend frå amerikansk og britisk politikk – hadde fram til då ikkje vore så vanleg i Norge. Dette endra seg mellom anna drastisk med åtaka på Støre i 2017-valkampen. Mest av alt fordi strategane i Høgre såg at det fungerte: Ap byrja å slite på målingane, medan Høgre plutseleg styrkja håpet om attvalet for Solberg som statsminister.

Min påstand er at Støre aldri kom seg att etter det han vart utsett for før og i opptakten til 2017-valkampen.

For Støre var det ille nok at opposisjonen spreidde desse påstandane om hans person, som deretter spreidde seg som eld i tørt gras ute blant veljarane. Det fekk likevel langt større konsekvensar då folk i hans eige parti byrja å tru på desse framstillingane.

Plass til rike i Ap?

Allereie då Haakon Lie og Einar Gerhardsen styrte butikken på Youngstorget, vart det bestemt at Ap ikkje berre skulle vere eit parti for arbeidsfolk med skit på nevane. Også folk med sans for fellesskapsløysingar som sjølv hadde «finare» jobbar – det dei kalla funksjonærane – måtte vere del av partiets målgruppe. Slik vart Ap stadig eit parti for fleire samfunnsgrupper.

I det siste har det skjedd ei endring. Kanskje på grunn av kritikken mot Støre eller kanskje på grunn av Raudts vekst.

Det er uansett ikkje til å kome unna at den negative kampanjen han vart utsett for i og før 2017-valet, har prega vår felles forståing av kven Jonas Gahr Støre er meir enn mykje anna. Og det var kanskje målet med kampanjen.

—  Emil André Erstad, kommentator

Langt inn i Ap er det fleire som trur partiet ikkje har plass til menneske med fleire millionar på konto.

Då det vart diskusjon om kven som skulle bli nestleiar i partiet, fekk både Jonas Gahr Støre og den påtroppande nestleiaren Jan Christian Vestre kritikk for å begge vere millionærar. Ap-ordførar i Lurøy kommune, Tarjei Østrem, sa at: «Vi ser jo hvor Støre har slitt med å forsvare sosialdemokratiet med alt fokuset på hans formue. Så skal vi få en person med dobbelt så stor formue som Støre inn i ledelsen. Det ser ikke helt bra ut». VG skreiv om korleis alle i Aps sentralstyre har «millionløn».

Det er eit strengt og i overkant pietistisk syn på inntekt og sosialdemokrati. Det negative fokuset på Støre flytta seg etter kvart så langt inn i Aps eigne rekker, at slike som Lurøy-ordføraren, tar til orde for å senke takhøgda på Youngstorget og i Folkets hus rundt om i landet.

Vår felles forståing av Jonas Gahr Støre

Ein skulle jo tru at det var motsett: At dei med mykje pengar som vel å bli sosialdemokratar er betre representantar for rørsla og meir overtydd enn dei som sjølv har interesse av Aps politikk?

Kven har til dømes nokon gong vore i tvil om det sosialdemokratiske hjartet til Trond Mohn – mannen som har støtta fagrørsla, Ap, LO og eit utal frivillige organisasjonar med milliardbeløp?

Det var ein svekkja og skadeskoten partileiar som heldt tale til partiet sitt på torsdag, då Jonas Gahr Støre stod på talarstolen i Folkets hus. Den langvarige applausen då han entra scenen fekk fram tårene i augo hans. Han hadde nok kjend på presset lenge.

Kanskje kunne han smilt meir på kamera, fått større gjennomslag i møte med Senterpartiet på Hurdal, vore meir inkluderande med SV og hatt ei betre tone med næringslivet gjennom urolege tider i økonomien.

Det er uansett ikkje til å komme unna at den negative kampanjen han vart utsett for i og før 2017-valet, har prega vår felles forståing av kven Jonas Gahr Støre er meir enn mykje anna. Og det var målet med kampanjen.


Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar