Kommentar

Høgres forslag kunne løyst Giske-floken i Sør-Trøndelag Ap

Trond Giske skal ha rett i minst ein ting: Nominasjonskomiteane i dei politiske partia har for mykje makt.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Åtte av ni mektige medlemer av Sør-Trøndelag Aps nominasjonskomité bestemte torsdag kveld at Trond Giske ikkje skulle toppe stortingslista. Uavhengig av kva ein skulle meine om Giskes kandidatur, burde desse ni hatt mindre makt – og veljarane meir.

I altfor mange av dei politiske partia sine fylkeslag er nominasjonskomiteens forslag, enden på visa. Det nominasjonskomiteen bestemmer seg for, blir altfor ofte dei listene vi veljarar kan velje i.

Partiet har nesten all makt

I nokre parti blir det kamp på nominasjonsmøtet, men sjølv der er det ikkje det breie lag av veljarane som bestemmer, men ein forholdsvis liten elite av partifolk. Det er uforholdsmessig mykje makt samla på få hender. Og det er desse som i realiteten bestemmer kven som skal styre landet.

Derfor er også kampen om å bli nominert på topp så sterk i til dømes Sør-Trøndelag Ap. Alle veit at det er partiet som bestemmer, og ikkje veljarane.

Mange gonger kan derfor frustrasjonen vere stor over nominasjonsprosessane i eit parti, der medlemer som aldri ser kva som skjer bak dei lukka dørene på eit stortingsgruppemøte, skal bestemme kven som skal sitte der rundt bordet.

Det er fordi partia veit at veljarane i Norge i stor grad stemmer på parti, og ikkje personar. Ergo, blir personane som partia set på topp, ofte sikra mektige posisjonar – uavhengig av kva veljarane måtte meine om personkabalen på lista. I teorien (og av og til i praksis) er mogleg for veljarane å straffe partia for «feil» prioritering av personar på lista. Til dømes om lista manglar representasjon frå visse geografiske område. Slike utslag ser vi til dømes ofte i langstrekte fylke som Finnmark og Nordland. Men frå valforskinga ser vi at det i stor grad er partivalet som er avgjerande for folk når dei stemmer.

Kva som vil skje på Sør-Trøndelag Aps nominasjonsmøte den 30. november, er kanskje det største dramaet i norsk politikk for tida. Trond Giske seier sjølv at han har større støtte jo lenger ut i medlemsmassen i Sør-Trøndelag Ap han kjem. Derfor har han grunn til å vere optimist.

Partias maktmonopol

Det norske demokratiet blir derfor kalla eit partistyre. Fordi det er partia som kontrollerer alle dei viktige prosessane, også kva namn vi kan legge i stemmeurna på valdagen.

Det hadde ikkje trengt å vere så stor dramatikk knytt til nominasjonsmøtet i Sør-Trøndelag Ap, om veljarane hadde meir makt.

Ein ting er dei prinsipielle problema ved partias maktmonopol. Det kan resultere i einsretting og at folk som ikkje liknar dagens politikarar ikkje slepp til. Det kan vere eit demokratisk problem.

Kan det tenkast at noko av løysinga ligg i endre måten vi nominerer og vel stortingspolitikarane? Det er i alle fall det Høgre foreslår i sitt ferske utkast til partiprogram. Der skriv partiet mellom anna at veljarane skal få høve til å i større grad påverke kva personar som hamnar på Stortinget, «for eksempel ved at de kan sette kryss ved personer på listen som de helst ønsker skal komme inn».

Feil folk får skrytet

To av medlemene i Høgres programkomité, Jon Gunnar Pedersen og Lisbeth von Erpecom Vikse, har tatt ut dissens mot forslaget. I alle dei politiske partia har nok dissensen sterk støtte, slik bukken alltid vil ønske å passe havresekken. Internt i dei politiske partia er det ei utbreidd oppfatning at jo nærare ein kjem på det politiske livet i Stortinget, jo betre forstår ein kva personar ein bør velje. Mange gonger kan derfor frustrasjonen vere stor over nominasjonsprosessane i eit parti, der medlemer som aldri ser kva som skjer bak dei lukka dørene på eit stortingsgruppemøte, skal bestemme kven som skal sitte der rundt bordet.

Det er ein forståeleg frustrasjon. Det er til dømes ikkje alltid slik at dei politikarane som er mest offensive og synlege i media, er dei som gjer ein best jobb i stortings-kvardagen. Den kvardagen handlar om å lese lange NOU-ar, stortingsmeldingar, skrive merknader og selje inn saker jamt og trutt til media. Den handlar om å møte opp også når dei grå forslaga skal diskuterast og avgjerast. Dei som beherskar denne delen av den politiske jobben, når ikkje nødvendigvis fram i nominasjonsprosessane.

Det er derfor gode grunnar til å vere mot forslaget frå Høgres programkomité. Større folkeleg påverknad kan også resultere i at aksjonsgrupper vil prøve å kuppe partia. Også dei mest aktive aksjonistane kan ha mykje makt ved stemmeurnene, dersom dei organiserer seg.

For Sør-Trøndelag Ap kunne det kanskje også vore ei lette å overlate avgjerda om Trond Giskes framtid til nokon andre enn ein liten krets av partifolk.

Likevel er det sterkare argument for å opne opp nominasjonsprosessane og høvet vanlege folk har til å påverke kven som hamnar på Stortinget. Det handlar mellom anna om å heve statusen til det å sitte på Stortinget.

Kari Nessa Nordtun (Ap), Tina Bru (H) og Dag Inge Ulstein (KrF) er eksempel på profilerte politikarar som ikkje vil la seg nominere til Stortinget. Det er ei lang liste av personlege grunnar til at dei ikkje lar seg nominere, men litt av problemet synast å vere at det ikkje lenger er like stas å sitte på Stortinget som det var før. Dersom den utviklinga får halde fram, risikerer vi at vår viktigaste folkevalde institusjon mistar noko av sin funksjon. Ein ting er kva som står i Grunnlova, sjølve konstitusjonen, lovar og reglar, men Stortinget må også bety noko for å halde resten av maktapparatet i øyra.

Tidlegare nestleiar i Senterpartiet og noverande stortingsrepresentant Ola Borten Moe har vore oppteken av å utvide det norske demokratiet. Så tidleg som i 2008 tok han orde for å la seg inspirere av amerikanske primærval, og endre det norske politiske systemet gjennom ei valreform.

Inspirert av Sverige og Finland

Vi treng ikkje sjå til USA, men berre til våre naboland Sverige og Finland. Der har veljarane langt større makt over kven som hamnar i den svenske og finske Riksdagen. Finland har personval til riksdagsvalet, som betyr at veljarane kan stemme på spesifikke kandidatar, og så blir desse stemmene fordelt på kandidatane sitt parti. Det gir veljarane reell makt over kven som skal representere dei på nasjonalt nivå. I Sverige kan ein endre rekkefølge på kandidatane til Riksdagen, dersom åtte prosent av veljarane til dømes stryk ein kandidat.

I Norge har vi eit system der dei politiske partia er like mektige i dag som dei var for femti år sidan, då dei hadde vesentleg høgare medlemstal.

Det er grunn til å tru at vi med Høgres forslag ville fått eit større grasrotengasjement rundt kven som skal representere oss på Stortinget. For Sør-Trøndelag Ap kunne det kanskje også vore ei lette å overlate avgjerda om Trond Giskes framtid til nokon andre enn ein liten krets av partifolk.





Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Kommentar