Er det blitt farlegare å vere politikar i USA?
I natt kom det melding om at Secret Service avverga eit attentatforsøk på Donald Trump på ei golfbane i Florida. For andre gong på kort tid har nokon søkt å påverke valet i USA ved å gripe til våpen.
DRAMATISK: Kort tid etter at gjerningsmannen var pågripen, var det fullt oppbod av politi, FBI og militære styrkar på staden.
NTB
Dei første timane var meldingane motstridande, slik dei ofte er. Det vi veit så langt, er at gjerningsmannen er ein om lag 60 år gammal mann med ei omfattande liste domfellingar bak seg, og svært varierande politiske synspunkt. Det er ikkje umiddelbart lett å utlede frå hans offentlege profilar at han skulle ha nokon særskilt grunn til å ønske å skade Donald Trump.
Ikkje på skuddhald
Som ved attentatforsøket i juli, skjulte gjerningsmannen seg relativt nær Trump. Ifølge Secret Service var det snakk om ein avstand på 350-400 meter, og det var ein agent som gjekk føre Trump gjennom golfrunden som oppdaga våpenet og deretter mannen i buskane. I motsetnad til i juli, ser det dermed ut til at systemet for trygging av den tidlegare presidenten fungerte, i alle fall delvis, slik det skulle.
Bestill abonnement her
KJØP