Kommentar

Trump-attentatet vil føre til meir mistru og eit giftigare ordskifte

På sikt kan skota i Pennsylvania laurdag gjere store utslag til valet i november. På kort sikt vil det avføde meir mistru, eit giftigare ordskifte og i ytste konsekvens meir politisk motivert vald.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Midt i ei setning stoppar Donald Trump opp. Lyden av skot frå eit skytevåpen gjev gjenklang over folkemengda som er samla for å høyre han i byen Butler i Pennsylvania, nordaust i USA.

På opptaket kan vi sjå at Trump tek seg til øyra, og deretter stormar Secret Service, tryggingstenesta som vaktar politiske leiarar i USA, scena. Dei dekker han med kroppane sine. Idet dei eskorterer han av scena nokre augneblikk seinare hever Trump, med blod i andletet, ein knytt neve til folkemengda, til øyredøyvande jubel og taktfaste rop.

Donald Trump vart treft øvst i øyra, altså er det truleg snakk om ytst få centimeter som skilde den tidlegare presidenten frå døden i natt.

Secret Service blir nøydde til å svare på mange ubehagelege spørsmål om korleis dette kunne skje

Kom for nær

Dei neste timane var prega av kaos. Var det ei kule som trefte ekspresidenten? Var det glasbrot frå skjermane framføre han? Vart skota fyrte av frå folkemengda, som skal ha vore gjennom metalldetektorar før dei kom inn på området? Er andre skadde?

Fasit er at eitt medlem av publikum vart drepen og to hardt skadde. Secret Service skaut og drap attentatmannen, ein tjueåring frå Philadelphia-forstaden Bethel Park. Han skal ha fyrt av skota sine frå eit tak like utanfor sjølve folkemøte-området.

Analysar frå nyhendebyrået AP tyder på at skyttaren kan ha vore plassert mindre enn 150 meter frå scena der Donald Trump talte. I løpet av dei nærmaste vekene blir Secret Service nøydde til å svare på mange ubehagelege spørsmål om korleis dette kunne skje. President Joe Biden har bestemt at ein skal gjennomføre ei uavhengig gransking av hendinga for å avdekke eventuell rutinesvikt i Secret Service.

I eit land som er godt kjent med politisk vald er det ikkje gjeve at ei hending som i natt endrar mykje

Skuldingar …

Responsen frå republikanske politikarar på det som skjedde var umiddelbar og knallhard: Dette har Joe Biden og demokratane framprovosert. Ved å kalle Donald Trump for ein eksistensiell trussel mot demokratiet, opnar deira retorikk for denne typen hendingar.

Folk søkte dekning da det ble hørt skudd under Donald Trumps valgkamparrangement i Butler i delstaten Pennsylvania lørdag. Foto: Evan Vucci / AP / NTB

Slike skuldingar er kjent frå tidlegare hendingar, men kjem ofte frå venstresida. Då kongresskvinna Gabrielle Giffords vart skoten og nær miste livet i 2011 var hennar valdistrikt blant fleire avbilda med trådkorset frå eit våpensikte i materiale frå det republikanske partiet tidlegare i valkampen.

Førre veka sa Joe Biden på eit valarrangement at ein no måtte sette Donald Trump «in the crosshairs», i siktet. Vanlegvis er ikkje denne typen våpenrelatert retorikk kontroversiell i amerikansk politikk.

… og rykte

Det tok ikkje lang tid før rykta begynte å flaume i sosiale medium om at hendinga i Pennsylvania i natt var sett i scene, anten av Trump-kampanjen sjølv eller av krefter som ønskte å støtte Trump.

Denne typen skuldingar er heller ikkje uvanlege i den amerikanske allmenta: Lengst ute på den amerikanske høgresida er det framleis stovereint å hevde at masseskytinga på barneskulen Sandy Hook i Connecticut i 2012 ikkje skjedde, og at både sørgande foreldre og dei overlevande som no jobbar for betre våpenkontroll er skodespelarar.

Det ville vere å håpe at når vi veit kven skyttaren er og at han er drepen av Secret Service kan ein leggje slike spekulasjonar ned. Ein teori om at dette er sett i scene, vil anta at den tjue år gamle republikanaren Thomas Crooks var villig til å døy for dette – eller at Secret Service er villig til å lyge om å ha drepe ein amerikansk borgar i ein slik situasjon.

Båe deler er absurd, men at det gjev gjenklang i sosiale medium seier mykje om både det politiske klimaet i USA, og kor villig ein er til å tru på konspirasjonsteoriar om dei stør eins eigen sak.

Det er ikkje berre demokratane som omtaler motstandarane sine som eksistensielle truslar

Vonde konsekvensar

I eit land som er godt kjent med politisk vald og der ei rekke presidentar, presidentkandidatar og andre politikarar er blitt skotne og forsøkt skotne dei siste seksti åra, er det ikkje gjeve at ei hending som i natt endrar mykje.

Forskjellen frå sist gong vi hadde ei liknande hending, då kongressmedlemmen Steve Scalise vart skoten i 2017, er at det politiske klimaet har blitt endå hardare. Viljen til å tru vondt om politiske motstandarar er større, og retorikken er skarpare. Det er ikkje berre demokratane som omtaler motstandarane sine som eksistensielle truslar.

Joe Biden har snakka med Trump på telefon, og sett valkampen sin på pause, men han vil ikkje kunne halde seg utanfor denne hendinga

Det er grunn til å frykte at fleire som Thomas Crooks vil finne grunn til å ta loven i eigne hender i tida som kjem, anten fordi dei ser hendingane laurdag som eit startskot, eller fordi dei vil jamne ut stillinga.

Dette vil ta til i styrke ettersom fleire detaljar frå hendingane kjem fram. Joe Biden har talt til folket og mana til ro, og mellombels sett valkampen sin på pause, men han vil ikkje kunne halde seg unna denne hendinga.

Som president er han øvste ansvarlege for Secret Service, og om dei har mislukkast i å verne motstandaren hans frå eit attentat, vil også han måtte svare på spørsmål om dette.








Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er vaktsjef i Vårt Land. Hun har jobbet i avisen siden 2022. Sigrid er kommentator og skriver da oftest om USA og amerikanske valg, Den norske kirke og aktuell samfunnsdebatt.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Kommentar