Aldri så gale at det ikkje er godt for noko. Fleire i KrF har tatt ordtaket bokstaveleg, og nytta krisa og maktvakuumet i partiet til å lansere seg sjølv til dei fremste posisjonane. Ettersom heile den valde partileiinga i KrF er delvis ute av spel, har kandidatar som Jorunn Lossius og Jørgen Kristiansen frå Sørlandet, lansert seg sjølv.
KrFU-arar frå tidleg på 2000-talet
Måndag denne veka kunne Vårt Land avsløre at også ein ringrev frå Bergens-politikken, tidlegare byråd Filip Rygg, vert løfta fram som partileiar-kandidat av tunge namn i partiet. Andre nemner Østfold-kandidat og tidlegare KrFU-leiar David Hansen som ein kandidat til partileiinga. Då redaksjonen i Vårt Land skulle finne bilete til saka om Ryggs kandidatur, var det vanskeleg å finne noko i databasen som var nyare enn ti år gamle bilete frå då han framleis var aktiv politikar.
Filip Rygg er på mange måtar minste felles multiplum i dagens KrF. Problemet er at han er meir av alt det KrF har prøvd hittil – som ikkje har fungert.
Det seier ein del om at det om dagen er nærast fritt fram å lansere partileiarkandidatar i KrF.
Både Rygg og Hansen var del av ein generasjon KrFU-arar frå tidleg på 2000-talet som seinare forsvann ut, som har hatt lite kontakt med det sentrale miljøet i partiet dei siste åra og som overraskar ved å ønske comeback.
Lindtveit Røse som fugl føniks
Mange har opp gjennom tidene spådd KrFs død. Ingen har hititil vore sannspådd, sjølv om situasjonen denne gongen verkar meir prekær enn på noko anna tidspunkt i partiets historie.
Først og fremst er det store håpet internt i partiet at ein av nestleiarane Ida Lindtveit Røse eller Dag Inge Ulstein skal ta på seg jobben med å bli ny partileiar. Skulle ein av dei sei ja, vil dei sannsynlegvis få jobben.
Lindtveit Røse er for tida sjukmeldt. Ho har i fleire presseoppslag gitt uttrykk for at ho og familien står i ei djup krise. Spørsmålet alle i partiet stiller seg, er om ho orkar å ta fatt på det krevjande livet som partileiar. Skulle ho orke det, ville ho bli klappa inn på det ekstraordinære landsmøtet i januar. Den kritikken av hennar moderniseringsprofil som normalt ville vore der, verkar å vere nesten borte.
Fleire peikar på at Lindtveit Røses personlege krise kan gje både henne og partiet eit oppsving, om ho har krefter til å stå i det. Ingen forventar at ho skal ha overskot til å ta på seg den jobben, slik situasjonen verkar å vere for henne på heimebane. KrF-strategane snakkar om at ein aldri må la sjansen gå frå seg til å utnytte ei krise. Eit av KrFs største problem har vore å nå gjennom den politiske lydmuren med vage politiske bodskap. Fleire peikar på at Lindtveit Røse vil ha gode moglegheiter til å gjere nettopp det med sterk personleg appell, om ho bestemmer seg for å stille.
KrF er utolmodige med Ulstein
Når det gjeld Dag Inge Ulsteins moglege kandidatur er det langt mindre tolmod å spore i partiet. Sjølv om han fleire gonger har avvist at han vil ombestemme seg om sin exit frå toppolitikken, gir fleire uttrykk for frustrasjon over at han likevel held døra på gløtt slik situasjonen har utvikla seg. Ulstein burde gi partiet eit klart svar, meiner desse kjeldene, og svaret burde vere at han brettar opp ermene og ombestemmer seg.
Også han skal ha ein slags fortrinnsrett på leiarvervet, dersom han stiller, blir det sagt.
Med andre ord tyder mykje på at enten Ida Lindtveit Røse eller Dag Inge Ulstein stiller, enn at den neste partileiaren heiter Filip Rygg.
Fleire skal også ha latt seg overraske over Ulsteins leiareigenskapar dei siste vekene, der han har tatt meir plass og opptredd med større autoritet enn tidlegare. Trass i at partiet ser ut til å vere ei branntomt, har han på innsida halde gåande fleire av dei viktige prosessane fram mot neste års stortingsval – som nominasjonsprosessane, programprosessen og det viktige arbeidet til valkomiteen fram mot landsmøtet.
Fleire som jobbar eller har jobba tett på Ulstein skildrar han som ein person som tar avgjerder og konklusjonar på ein litt uortodoks måte. Samanlikna med mange andre politikarar, brukar UIstein mykje tid på bøn og sjelegransking i situasjonar der han skal ta vanskelege val. Ulstein kan derfor av ein del bli oppfatta som uføreseieleg og vanskeleg å lese. Her kjem kanskje fortida hans som ungdomspastor best til syne, medan dei som står rundt berre får smøre seg med tolmod.
Minste felles multiplum i KrF
Støttespelarane til Filip Ryggs kandidatur hevdar Rygg ikkje vil stille, dersom Ulstein konkluderer på å halde fram i politikken. Skulle Ulstein verkeleg stå fast på avgjerda, vert Rygg rekna som den kandidaten som kan demme opp for fløykandidatar som Jorunn Gleditsch Lossius eller Kristiansands Jørgen Kristiansen.
Filip Rygg har ei lang karriere bak seg i partiet, basert i Bergen, der han var mest kjend for sin kamp for Bybanen. Han er det næraste vi kjem ein klassisk KrF-ar: Konservativ i verdispørsmål, radikal i sosialpolitikken og pragmatisk i alt. Rygg står stødig bak plasseringa av KrF på borgarleg side, og er samstundes opptatt av at partiet vere passeleg moderne. At han har vore ute av politikken lenge, vert ikkje rekna som noko stor hindring.
Filip Rygg er på mange måtar minste felles multiplum i dagens KrF. Problemet er at han er meir av alt det KrF har prøvd i årevis – som ikkje har fungert. Å gjere det same igjen og igjen og forvente eit nytt resultat, er kanskje ingen vinnaroppskrift.
Andre igjen, hevdar at Ryggs kandidatur er ein måte å presse fram ei avgjerd frå Dag Inge Ulstein eller Ida Lindtveit Røse. Kostnaden for Rygg ved å bli blanda inn i diskusjonen, er liten, ettersom han også kan ende opp som kandidat til eit eventuelt nestleiarverv. Om det stemmer, vil det vere kløktig taktikkeri.
Det siste verkar foreløpig å vere meir sannsynleg. Med andre ord tyder mykje på at enten Ida Lindtveit Røse eller Dag Inge Ulstein stiller, enn at den neste partileiaren heiter Filip Rygg.