Kommentar

Då påska var tida for å drepe jødar

Kva plass skal det vera i norske gater for jødar som kallar seg sionistar?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Vi som igjen har feira påske skal vita at kristne gjennom historia ofte har brukt påskehøgtida til å setja synagoger i brann og drepa jødar. Som då russiske jødar blei gjorde til syndebukkar etter drapet på tsar Aleksander 2. i 1881.

Påska det året blei starten på ei valdsbølgje som i første omgang ramma jødar i meir enn 160 russiske byar. Hordar av bønder – piska fram av ei anti-jødisk presse og hjelpt av politi – plyndra, knuste, jaga, valdtok og drap.

«I en utarmet og fremmedfiendtlig bondestand, hvor nøden var like dyp som selvfølelsen var høy over å tilhøre et hellig folk, ble de lett identifiserbare jødene som myrdet Kristus, et opplagt bytte under påskefesten». Det skriv Håkon Harket, Trond Berg Eriksen og Einar Lorentz i boka Jødehat, om antisemittismens historie. Prestar tok del i påskeangrep på «Kristi drapsmenn». Pogromane varte i eit par tiår.

Kampen for ein trygg heimstad for jødar oppstod som naudverge

Skrekkhistorie

Dei som lurer på kva sionisme er, skal lesa seg opp på denne skrekk-historia. Sionismen oppstod ikkje naturleg. Det skriv den danske sjefredaktøren Martin Krasnik, sjølv jøde, i boka En smal bro over avgrunnen. Kampen for ein trygg heimstad for jødar oppstod som naudverje.

Gjennom hundreåra hadde jødane rett nok sagt «neste år i Jerusalem (Sion)» under påskemåltidet. Men det var ikkje bokstaveleg meint, konstaterer Krasnik. For europeiske jødar flest ville nyta vidare framgang der dei var, framfor å dra til fattige Jerusalem.

Jødehatet som i 1814 førte til «jødeparagrafen» i vår grunnlov, var importert frå Europa. Utan Henrik Wergelands innsats ville paragrafen kanskje framleis stengt grensene då valdsorgiane frå og med påska 1881 førte til massiv jødisk flukt frå Tsar-Russland.

Frankrike blei det europeiske demokratiets vogge. Men slagordet «Fridom, likskap og brorskap» gjaldt først ikkje jødar. I 12 dramatiske år frå 1894 var landet delt på grunn av justismordet mot offiseren Alfred Dreyfus. I den mest kjende rettsskandalen i verda vart Dreyfus, av jødisk opphav, to gonger grunnlaust dømt for spionasje. Han sat fengsla i fem år på den franske Djevleøya før han vart frikjent i 1906.

Dreyfus-skandalen overtydde journalisten Theodor Herzl om at jødane måtte sikrast eit heimland. Så akutt var behovet at han, som definerte sionismen, først ville ha eit heimland i Uganda. Så måtte det altså gasskammer og krematorium til før det blei eit heimland – i Palestina.

Tragisk nok har den ytterleggåande fløya fått meir og meir israelsk makt

Fanatismen drep

Skal vi diskutera sionismen, må denne delen av europeisk historie på nytt fram. Aktivistane som i Oslo 8. mars ropte «Ingen sionister i våre gater!», må vita kven ropa rammar.

Det finst jødar som ikkje er sionistar, men dei fleste er sionistar. Ein ytterleggåande fløy har alltid kjempa om definisjonsmakt: ein bibelsk grunngitt stat som minst skulle fylla området mellom Jordanelva og Middelhavet. Kravet deira, som lyder med fornya styrke etter 7. oktober, er nett det same som Hamas forfektar. Fanatikarar tek kvar si nasjonale sak som gislar.

Tragisk nok har denne ytterleggåande fløya fått meir og meir israelsk makt. Danske jødar som Martin Krasnik og norske jødar flest vert pressa inn i ein bås dei nektar å vera i. Dei tviheld på at sionisme for dei er støtte til ein trygg, demokratisk nasjonalstat for jødar, ikkje ein religiøs nasjonalistisk fanatisme.

«Både den radikale høyresiden i Israel og venstresiden i Norge prøver å definere sionisme på sin måte, og begge er like ille i mine øyne». Det seier Zhira Beck, nestleiar i Det Mosaiske Trossamfund, i Morgenbladet.

Ho er rasande fordi Netanyahu-regjeringa vil kvela den israelske rettsstaten. Ho støttar ein palestinsk stat. Men det hjelper liksom ikkje når aktivistane som ville kasta henne og andre jødiske kvinner ut av toget 8. mars, vil definera sionisme som israelsk brutalitet. «Jeg synes vi må få lov til å definere oss selv», svarar Beck. Frå HL-senteret ber forskar Vibeke Moe, gjennom Morgenbladet, folk kritisere konkret politikk, ikkje lange ut mot alle som kallar seg sionistar.

«Super-sionist» for fred

Så sterkt er trykket no at Holocaust-erfaringa tidvis vert snudd mot Israel. Eit folk som har opplevd så mykje vondt som jødane, må ikkje påføra andre brutal liding. Kritikk mot Israel let seg grunngje, men ikkje at den rammar jødar kollektivt. På den andre sida: Dei som «forstår» palestinsk vald, brukar ikkje å seia at sidan palestinarane har lide så mykje vondt, må dei avstå frå terror og vald.

Krasnik kallar seg sionist, jamvel «super-sionist», forklarte han i Jødisk Museum i Oslo for påske. Han vil ha ein levedyktig palestinsk stat. For å få fred må Israel ta beinhardt oppgjer med kolonialisme, busetjarvald, religiøs fanatisme og rasistisk tankegods. Krasnik kallar eit par av Netanyahus statsrådar for «fascistar» ­– dei deler jamvel ut våpen til busetjarar. Men han slår begge vegar: Palestinarane må ta eit like hardt oppgjer med vald og terror.

Krasnik er fortvilt over at det i det traumatiserte Israel diverre manglar empati for palestinsk liding. I det polariserte Norge bidreg jødiske leiarar som Zhira Beck til å få fram at det, ved sida av frykt og ved sida av raseri over å bli kasta ut av toget 8. mars, finst empati med palestinsk liding både i Gaza og på Vestbreidda.

God plass i våre gater

Ein som aldri gav opp empati og draumen om fred, var den israelske forfattaren Amos Oz. Oz, som døydde i 2018, definerte seg som sionist. Då eg ved to høve fekk intervjua han, leverte Oz harde utfall mot israelsk okkupasjon. Men han var også hard mot europeiske fredsaktivistar som rekna sjølve staten Israel som eit kolonialistisk prosjekt. Oz var klar: Både jødar og palestinarar har rett til landet.

I Runo Isaksens bok Litteratur i krig (2003) sa Oz at han ikkje ville blitt lei seg av å sjå Netanyahu og Yasser Arafat, som då var palestinsk leiar, «spasere side om side til helvete». Ønsket om ein slik spasertur for Netanyahu og dagens palestinske leiarar ville nok blitt uttrykt med – om mogeleg – endå meir ramsalt overtyding, dersom Oz hadde fått leva.

Eg saknar Amos Oz. For han fanst det berre éi løysing, som han var sikker på ville koma: Ei rettferdig skilsmisse, fred med deling av landet i to statar.

Det må vera god plass i norske gater for både Martin Krasnik og Zhira Beck. Dei har begge den same draumen som Amos Oz og likevel kallar dei seg sionistar.

Endring 04.04.24 kl 11.30: Vårt Land kom i skade for å bruke eit bilete som ikkje har tilknytning til saka. Vi har endra biletet.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar