Kommentar

Vi kan ikkje lenger vere tause og feige mot antisemittismen

Ein forfølgd minoritet blir uthengd, utestengd og truga i vårt samfunn. Vi i majoriteten er altfor feige i møte med norske jødars eksistensielle trugslar.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Vi treng væpna politi for å beskytte norske jødar. Vi har ikkje tatt innover oss kva det faktisk betyr, fordi det er blitt så normalt. Derfor var det kanskje heller ikkje mange som lét heve eit augebryn då jødiske kvinner førre veke vart nekta plass i 8. mars-toget i Oslo.

Ikkje mange frå majoritetsbefolkninga har heller reagert på den særs problematiske offentlege debatten som har versert etterpå.

Openlys antisemittisme

8. mars ville dei jødiske kvinnene markere støtte til ofra for seksuell vald i den israelsk-palestinske konflikten. Det passa godt inn i det overordna temaet for årets marsj, som var vald mot kvinner.

Arrangementets eigne vakter skal ha gitt tydeleg beskjed om at dei ikkje var ønska der. 8. mars-komiteen hevdar det ikkje er sant, men at «parolene som de hadde, var i strid med hovedparolene». Parolen dei jødiske kvinnene ønska å delta under var «Støtt kvinners fredsarbeid – bekjemp valdtekt som våpen».

Komiteen stadfesta også til Vårt Land at nokon ropte «ingen sionister i våre gater» til dei jødiske kvinnene. Det er openlys antisemittisme.

Å sitte stille utan å ta ordet er ikkje berre feigt. Det er livsfarleg for norske jødar.

Saka vart riktig nok tema i NRK-programma Dagsnytt 18 og Debatten. Der serverte 8. mars-komiteens representantar og støttespelarar eit narrativ det er vanskeleg å akseptere. I staden for å ta ansvar for eigen kommunikasjon og handlingar, kastar dei heller ein minoritet under bussen. Ingen av dei gjer forsøk på å ta denne minoritetens perspektiv.

Politiet har brukt uvanleg sterke ord om det som skjedde. Dei har mellom anna sagt at «det er problematisk at ytringsfridomen ikkje blir varetatt for alle grupper» og at dei bad 8. mars-komiteen leggje til rette for at alle deltakarar skulle få høve til å gå i toget.

Uansett kva som skjedde, uansett kva som er sant, så sit vi att med dette: Jødiske kvinner representerer i følge PST den mest utsette minoriteten i Norge. Dei vart fryst ut av ei politisk markering som skulle inkludere alle. Vi må ikkje undervurdere alvoret her.

Livsfarleg for norske jødar

Den danske og jødiske redaktøren og forfattaren Martin Krasnik har nyleg kritisert norsk offentlegheit for å ikkje forstå det jødiske perspektivet på konflikten i Midtausten. I boka En smal bro over avgrunnen skriv han sterkt om opplevingane i etterkant av terroråtaket 7. oktober.

Krasnik meiner nordmenn må stille seg tre spørsmål. Kvifor er det slik at jødar i Oslo må beskyttast akkurat no? Kva vil vi gjere med det? Og: Vil vi godta det?

Behandlinga jødiske kvinner fekk i 8. mars-toget viser ubehageleg mykje av svara på Krasniks spørsmål. Vi som utgjer majoriteten av befolkninga har fått berøringsangst i møte med den openlyse antisemittismen fordi vi er redde for å bli kalla israelsvener eller klaga for at vi ikkje fordømer krigsbrotsverk. Det må gå an å ha to tankar i hovudet samstundes: Norske jødar kan vere i fare og Israels krigføring fortener sterk kritikk.

Å sitte stille utan å ta ordet er ikkje berre feigt. Det er livsfarleg for norske jødar.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar