Kommentar

Demokrati i stormkast

Vi som trudde demokratiet var på varig framgang som global styreform, må innsjå at vi var naive.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Gjennom 2024 vil det bli halde val i over 80 land. Liva til over 4,2 milliardar menneske, 52 prosent av folket på jorda, vil bli påverka, skriv tidsskriftet Foreign Affairs. Dette kunne vore demokratiets store år. Men det kan diverre bli nedtur.

Sju av dei ti mest folkerike landa har val i år: India, USA, Indonesia, Pakistan, Bangladesh, Russland og Mexico. I autoritære Pakistan blei den eigentlege valvinnaren, Imran Khan, bura inne før valet. I Russland blir «farlege» kandidatar nekta å stilla, eller bura inne – for Aleksej Navalnyj enda det med ein død ingen andre enn Putin har ansvaret for.

Styrt av autoritære

Ingen av desse sju landa er rekna som «fulle demokrati» av Economist Intelligence Unit. USA og India blir med rette kalla «mangelfulle demokrati», med piler som peikar nedover.

I 2022 budde færre menneske i land med ei eller anna form for demokrati enn to år før. 37 prosent budde i diktatur. Det er berre nedgangen i folketalet i Kina som «trugar» veksten i den siste prosentsatsen.

Storminga av Kongressen i 2021 var ei skam for USA. Det er ei minst like stor skam at «den frie verda» etter valet i november risikerer å bli leia av ein mann som sit i fengsel, dømt for undergraving av demokratiet. At Trump er støtta av folk som meiner demokratiet er ein fare, varslar ille. Trump er dessutan berre ein av mange maktpersonar som undergrev tilliten til uavhengig journalistikk som kan sjå makta i korta. Metoden er å fyra opp mistru.

Dette er året då alle som vil forsvara demokratiet, må slutta å vera naive. Vi må verna alt som trugar vår eigen demokratiske samtale.

Frå demokrati til «gudestyre»

India som i 2023 passerte Kina som det mest folkerike landet i verda, er blitt kalla «verdas største demokrati». I dag er landet eit demokrati berre i namnet. Eit svensk demokrati-institutt fastslår at India, som i ti år har vore leia av hindunasjonalisten Narendra Modi, er landet som har gått mest i autoritær retning. Det fremste opposisjonspartiet, Kongresspartiet, fortalde nyss at bank-kontoane deira – med pengar til å føra valkamp – er frosne. Ingen treng prøva å påstå at dette ikkje har med det komande valet å gjera.

Modis hindunasjonalistiske parti BJP har sprunge ut av – og er støtta av – ei utanom-parlamentarisk rørsle, RSS, som er både hatefull og valdeleg. Fridom for minoritetar – muslimar og kristne – blir kraftig redusert. Modi innfører eit teokrati, eit hinduistisk «gudestyre». Etter ein venta valsiger vil han truleg erklæra India som hinduistisk land, med ny grunnlov. Då han nyleg innvia eit tempel over den 7000 år gamle hinduguden Ram, kalla han Ram «essensen av India» og «Indias grunnlov».

Manipulering

Vala i India og USA blir garantert mål for dei som teknologisk vil manipulera. Lat oss ta eit alarmerande indisk døme frå valet i 2019. Team i Twitter kom over eit rykte som spreidde seg: At blekk som vart brukt for å merka neglene til veljarar som hadde brukt røysteretten, inneheldt griseblod. Den dåverande tryggingssjefen for Twitter, Yoel Roth, fastslo at det var desinformasjon som skulle få muslimar til ikkje å røysta. Den gongen reagerte Twitter kraftfullt.

I eit intervju, sitert av tidsskriftet Foreign Policy, seier Roth at han er uroleg før årets val. Han gjekk av etter at Tesla-milliardær Elon Musk kjøpte Twitter. Roth er redd for at X, som Twitter i dag heiter, i verste fall ikkje vil reagera på løgner før årets val. Då Musk sa opp halve staben, gjekk det nemleg hardt ut over teama som arbeidde med tryggleik og tillit, teama Roth hadde leia. Under Musk har desinformasjon og hatefull tale auka.

Urolege veljarar

Også Facebook, Instagram og WhatsApp, eigd av selskapet Meta, har kutta kostnader og redusert stab som modererer innhald. Ipsos utførte i fjor ei undersøking i 16 land som skal ha val i 2024. 87 prosent av dei spurde uttrykte uro over at desinformasjon og falske nyhende kunne påverka vala.

Meta og Google har lovd tiltak for å verna val. Dei vil sikkert bruka ressursar for å verna til dømes det amerikanske. Men dei brukar neppe store ressursar til å verna val i mindre land, noterer Foreign Affairs.Veljarane vil sjølve vera makteslause i møte med manipulatorar.

Mange land har innført lover for å regulera internett og verna eigne val. Men lovene kan vekkja autoritære impulsar. Herskarar, som indiske Modi, har demonstrert at dei brukar sine eigne program for å avgjera kven og kva som trugar landet. Teknologien er eit farleg våpen i feil hender, både kommersielle og politiske.

KI trugar val

Det kan også avgjort seiast om kunstig intelligens som kan skapa manipulert tekst, lyd, foto og video. Like før valet i Slovakia I fjor haust spreidde ei KI-fabrikkert lydfil seg der ein toppkandidat «avslørte» at han hadde rigga valet. Ein liknande KI-skapt løgn-kampanje spreidde seg før valet i Bangladesh i januar i år. Verktøyet som kunne øydelagt valet, kostar 24 dollar i månaden, skriv Financial Times. Det er billeg å manipulera demokratiet.

Foreign Affairs fryktar at det aller største problemet er KI-kapasiteten til å skapa generell mistru. Dersom alt kan vera fake, er ingenting sant. Det fremste angrepsmålet kan vera tilliten til avviklinga av val. Dei som skal vil skapa forvirring og mistru, har ei stor verktøykasse.

Dette er året då alle som vil forsvara demokratiet, må slutta å vera naive. Vi må verna alt som trugar vår eigen demokratiske samtale. Vi må samla stå opp mot autoritære maktpersonarar som vil undergrava demokrati og val.

I fleire land i Europa er illiberale krefter på farleg framgang. I aust lurer ein ny russisk krigstrussel mot det vi trudde var garantert fridom. Heller ikkje der kan vi vera naive.



Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar