Kommentar

Solberg og Støre konkurrerer om å bli eldste statsministerkandidatar sidan Gerhardsen og Hambro

Bak tala i Vårt Lands statsministermåling ser vi tendensar til at veljarane byrjar å gå lei av både Erna Solberg og Jonas Gahr Støre. Det kan opne rommet for andre og yngre kandidatar – frå heilt andre parti.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det mest oppsiktsvekkande med Vårt Lands siste statsministermåling er ikkje at Erna Solberg gjer det betre enn Jonas Gahr Støre. Solberg ser ut til å ha ein så hardbarka stamme av lojale veljarar at ho nesten kan gjere kva som helst utan å miste støtte.

Den nye tendensen er at ein betydeleg del av veljarane ikkje lar seg mobilisere av verken Støre eller Solberg. Vi kan skimte ein slags statsministerapati i veljarmassen.

Solbergs samlande effekt er borte

Solberg har framleis solid støtte frå Høgres eigne veljarar, der lojaliteten er tett opp mot 90 prosent. Det er lett å la seg imponere av dei høge tala, men bak den mektige oppslutninga skjuler det seg ein ny og interessant dynamikk. Problemet for dei borgarlege strategane er at Solberg i mindre grad enn før klarar å hente over raudgrøne tvilarar. Før haustens aksje- og habilitetsskandalar var det Solbergs paradegrein.

Ho samla nasjonen. Den entusiasmen er borte. Dei som no støttar Solberg er meir overtydde og hardnakka enn før.

I staden for å vere dei samlande symbola for dei to største partia – slik statsministerkandidatane vanlegvis er – ser Solberg og Støre no ut til å demobilisere veljarar. Veljarane ser rett og slett ut til å vere leie av begge.

Trass i at ingen av dei held seg med veldig kontroversielle standpunkt eller meiningar, er dei i ferd med å bli polariserande overfor lillaveljarane.

Mistar kontrollen over lillaveljarane

Det er den veljargruppa som avgjer kven som vinn val i Norge. Ingen av dei to soleklare statsministerkandidatane i Norge har no støtte frå minst femti prosent av veljarane, slik dei pleier.

Dersom lillaveljarane har gått trøytt på Solberg og Støre, kan det ha samanheng med kor lenge dei to ringrevane har vore med i den politiske manesjen?

Ein rask kikk på alderen til statsministerkandidatane i alle stortingsval sidan 1957 viser at vi ved det komande stortingsvalet i 2025 ligg an til å ha dei eldste statsministerkandidatane i nyare norsk historie. Jonas Gahr Støre vil vere 65 år gamal, mot Erna Solbergs 64 år.

Vi må heilt attende til duoen C.J. Hambro (H) og Einar Gerhardsen (Ap), i 1957-valet, for å finne ein høgare gjennomsnittsalder på statsministerkandidatane.

Ikkje amerikanske tendensar endå

Den gongen var gjennomsnittsalderen 66 år. I 2025 ligg den an til å bli 64,5 år.

Det er framleis eit stykke opp til alderen på politikarar borte hos onkel Amerika, men dersom Støre og Solberg stiller til val igjen i 2025 vil vi nærme oss. Ved slutten av stortingsperioden dei då stiller til val for, vil dei vere høvesvis 69 og 68 år.

Det er ingenting prinsipielt gale med eit scenario der statsministeren pushar 70 år, tvert om. Det er berre at det kanskje kan forklare ein viss trøyttleik blant veljarane.

Som vi ser på grafen har norske veljarar tradisjonelt føretrekt yngre kandidatar. Vi har relativt ofte hatt statsministrar kring 50.

Det er ingenting prinsipielt gale med eit scenario der statsministeren pushar 70 år, tvert om. Det er berre at det kanskje kan forklare ein viss trøyttleik blant veljarane. I 2025 vil dei ha sett dei same føreseielege duellane i val etter val mellom Solberg og Støre.

Kan opne rommet for Venstre-Melby

Spørsmålet no er om dei to ringrevane er så tilsmussa med negative karakteristikkar etter kriser og skandalar, at ingen av kandidatane vil kunne få den naudsynte samlande effekten overfor veljarane. Kan Solberg og Støre igjen få tvilarane til å bestemme seg før 2025?

Det er vanskeleg å sjå for seg korleis dei skal kunne endre den oppfatninga av seg sjølv ute blant veljarane. Veljarane pleier ikkje bli meir begeistra dess meir tid som går.

I nyare norsk historie har vi sett eksempel på at dei to store partia, Høgre og Arbeidarpartiet, ikkje greidde å stille med overtydande statsministerkandidatar. Det skjedde til dømes i 1997, då KrFs Kjell Magne Bondevik greip rommet som opna seg i midten. Han gjorde det same då Høgre stilte opp att med Jan Petersen i 2001.

Det kan opne rommet for at statsministeren i 2025 heiter korkje Solberg eller Støre

Spørsmålet er om noko liknande kan skje inn mot valet i 2025, dersom Støre og Solberg stiller på nytt. KrFs Olaug Bollestad blir neppe statsminister, men det kan tenkast at andre parti kan få vind i segla bak sine kandidatar. Sjå berre på den historisk høge oppslutninga til SV-leiar Kirsti Bergstø. Det er òg tydeleg at Venstres Guri Melby fiskar i dammen av misfornøgde og desillusjonerte høgreveljarar.

Kan det vere meir realisme i den lanserte tanken om Guri Melby som borgarleg statsministerkandidat? Det er vanskeleg å tru det før ein får sjå det.

Arbeidarpartiets falitterklæring å ikkje ha kandidatar

Sjølv om Melby ikkje vart oppgitt som alternativ i Vårt Lands statsministermåling, gir den store «veit ikkje»-søyla næring til slike spekulasjonar. Støre og Solbergs tid kan vere forbi fortare enn partia deira klarar å forstå.

Den negative kampanjen som borgarlege politikarar og spinndoktorar lenge har ført mot Jonas Gahr Støre som ein tåkefyrste av ein rikmannsson, ser ut til å ha gjort så varig skade på hans omdøme, at det verkar umogleg å reise seg att. Er det ein ting vi har lært av TV-serien Makta, så er det at når praten om ein etterfølgjar har byrja for alvor, så er det vanskeleg å stanse etterfølgjarens veg til makta.

I Arbeidarpartiet har det likevel blitt gjenteke til det kjedsommelege at det ikkje finst kandidatar som er klar til å overta korkje statsministerstolen eller leiarvervet. For det som i årevis har vore landets største og best organiserte parti med ambisjonar om å vere statsberande, er det nær ei falitterklæring.

Erna Solbergs teflonbelegg fungerte lenge på den måten at alle negative saker prella av. Men den kritikkverdige handteringa av haustens habilitetssak har ført til at kritikken no har festa seg på eit djupare plan i veljarmassen. Som valforskar Johannes Bergh nyleg har sagt, betyr ikkje tala at Solberg er sjølvskriven som statsminister i 2025.

Det er mogleg at dei to store partia finn andre kandidatar innan neste stortingsval. Viss ikkje kan det opne rommet for at statsministeren i 2025 heiter korkje Solberg eller Støre.






Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar