Kommentar

«Kor ofte reflekterer du over kva du tar feil om?»

Kunsten å skifte meining overlever ikkje utan at alle jamleg tar eit oppgjer med eigne fordommar og vrangførestillingar. Å tru at du ikkje tek feil om noko, er som å tru på julenissen.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Er du i stand til å tvile på eigne standpunkt?

Det er eit faresignal om du spradar rundt skråsikker om alt. Det kan vere farleg både for deg sjølv og for samfunnsdebatten.

«God hate fags»

Spørsmålet om å tvile på eigne standpunkt burde vi stille oss sjølv langt oftare, skal vi tru programleiaren i den populære og mykje omtalte podkasten The Witch Trials of J.K. Rowling – Megan Phelps-Roper. Podkasten handlar eigentleg om Harry Potter-forfattarens syn i transdebatten, men programleiarens eigen historie er vel så interessant.

Phelps-Roper var sjølv aktiv i ei av dei mest forhatte kristne kyrkjene i moderne tid, nemleg Westboro Baptist Church. Fram til ho var i midten av 20-åra stilte ho opp i gravferder til drepne amerikanske soldatar med grufulle plakatar. På dei stod det ting som «Thank God for dead soldiers», «You’re going to hell» og «God hates fags». Ho demonstrerte slik frå 5-årsalderen.

Den mest hata familien i Amerika

Den vesle kyrkja består av Phelps-Ropers utvida familie som i følge henne «trur dei har funne Guds sanning og at alle andre er på veg til helvete». Dokumentarfilm-skaparen Louis Theroux kalla filmen om kyrkja «The Most Hated Family in America».

Det var først etter ho oppretta ein Twitter-konto – med mål om å nå breiare ut med bodskapen frå den radikale og ekstreme kyrkja – at ho braut ut. Det skjedde i 2012.

Sjølv dei klokaste hovuda eg kjenner, har blindsoner og tar feil om ting.

—  Emil André Erstad, kommentator

Megan Phelps-Ropers personlege historie er livsviktig næring til samfunnsdebatten. Mest fordi ho seinare har blitt så reflektert om kva som skal til for å hindre fundamentalisme, ekstremisme og radikalisering. Korleis klarte ho å snu på tankemønsteret sitt?

I podkasten The Witch Trials of J.K. Rowling undersøker Phelps-Roper kvifor J. K. Rowling tok så klare standpunkt i transdebatten – og kvifor mange i transmiljøet har lagt Rowling for hat. Det er her hennar eigen personlege historie kjem til syne, spesielt i fleire av samtalane med Rowling.

Seks livsviktige spørsmål

Der avslører programleiaren at ho etter brotet med Westboro Baptist Church lenge tvila på om ho igjen kunne stole på eigen vurderingsevne. Derfor byrja ho å stille seg viktige kontrollspørsmål, som ho deretter også stiller til Rowling og andre med tilsynelatande skråsikker agenda:

  1. Er du i stand til å tvile på eigne standpunkt? Eller handlar du frå ein posisjon av full vissheit?
  2. Kan du formulere kva bevis du treng for å kunne endre posisjon eller standpunkt? Eller er perspektiva dine umoglege å falsifisere?
  3. Kan du artikulere perspektiva til motstandarane dine på ein måte dei ville anerkjenne? Eller lagar du stråmenn?
  4. Går du til åtak på meiningar eller personane som har dei?
  5. Er du villig til å kutte nære relasjonar med folk som er usamde med deg, spesielt over små stridsspørsmål?
  6. Er du villig til å bruke ekstraordinære middel mot folk som er usamde med deg?

Alle har blindsoner og tar feil

I ei tid der mange klagar over ein polarisert, fordummande og sementerande samfunnsdebatt, treng vi desse spørsmåla til oss sjølv. Viss ingen endrar meining om noko som helst, står vi fast. Utvikling og framgang stoppar opp. Dessutan vil det bidra til å skjule eit vesentleg poeng: Ingen har rett om alt.

Sjølv dei klokaste hovuda eg kjenner, har blindsoner og tar feil om ting.

Eit anna poeng i Phelps-Ropers personlege historie om å bryte ut av Westboro Baptist Church, kan eg kjenne att frå då eg sjølv var langt nede i mørkemannskjellaren. Eg var på ingen måte på nivå med den ekstreme kyrkja ho var del av, men eg sa og meinte ting som eg ikkje lenger står for – og som mange konservative kristne også vil ta avstand frå.

Likevel meinte eg at verda var korrupt og full av vantru. Abort burde bli forbode, aller nådigast kan ein kanskje gjere unntak for dei som vert valdtekne og utsett for overgrep. Homofili var ei alvorleg synd og ingen regnbogefarga løparar burde rullast ut for dei homofile.

Kunsten å endre meining

Phelps-Roper fortel at ho byrja å tvile på eigne standpunkt først då folk utanfor kyrkjesamfunnet stilte henne spørsmål – ofte med empati, varme og nysgjerrigheit. I årevis hadde ho møtt folk som gav henne klare meldingar om kvifor ho burde endre oppfatning om det ho dreiv med, men det var først då desse empatiske spørsmåla dukka opp at ho faktisk braut ut.

Det same kan eg seie sjølv.

Mindre stråmenn, mindre skråsikre haldningar, mindre blokkering, meir tvil, meir lytting og meir sjølvkritiske spørsmål.

—  Emil André Erstad, kommentator

Dei som ikkje gav opp å stille meg spørsmål, undre seg over kva eg tenkte og som heller deltok i ei samtale med meg enn å plassere meg i bås, det var desse som endra oppfatningane mine. Det er jo grunnleggande menneskeleg.

Sjå «dei andre»

Likevel er det i sterk kontrast til den utviklinga i samfunnsdebatten om å blokkere og stenge ute haldningar ein ikkje er samd med. Det kan jo kjennast rett og behageleg der og då, men i det lange løp bidreg det berre til å grave djupare skyttargraver der folk kan skjule seg med skråsikre haldningar. Då eg sjølv var der, langt nede i skyttargrava, kunne eg knapt sjå «dei andre» eller at det var ting i det «dei andre» meinte som eg kunne plukke opp, ta til meg og reflektere over.

Eg var nok ikkje unik.

Viss vi skal ta vare på det gode norske fellesskapet og den høge tilliten vi har i samfunnet, er det viktig å kunne utfordre kvarandre med respekt.

Færre stråmenn, færre skråsikre haldningar, mindre blokkering, meir tvil, meir lytting og meir sjølvkritiske spørsmål.





Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar