Kommentar

«Les lokalavisa di i dag. USA viser oss at i morgon kan ho vere borte»

I eitt av verdas største demokrati døyr to lokalaviser kvar veke. Det er eit faresignal også for avislesande nordmenn om at tidene kjem til å bli endå tøffare.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Sjå føre deg at heile Vestfold og Telemark sto utan ei avis, med unnatak av ei dagsavis som dekka Tønsberg by. Sjå føre deg at halvparten av dei andre kommunane i landet var i dekningsområdet til berre éi avis kvar. Og sjå føre deg at ein god del av avisene som sto att hadde ein så utarma redaksjon at det reint faktisk ikkje var ressursar att til å drive faktisk journalistisk arbeid.

Nyhendeørkenar

I USA er dette langt på veg røynda. Landet har 3100 counties, eit forvaltingsnivå vi vanlegvis omtaler som «fylke» på norsk, men som i funksjon er ein stad mellom norske kommunar og fylke, og som varierer enormt i storleik. 200 av desse står i dag heilt utan ei lokal- eller regionavis. Rundt 1600 fylke er berre dekka av éi nyhendekjelde, vanlegvis ei vekeavis, som skal dekke fleire lokalsamfunn over eit stort område. Om lag 70 millionar amerikanarar bur i slike nyhendeørkenar, som forskaren Penny Abernathy kallar stader som har éi eller ingen lokalavis.

Om lag 70 millionar amerikanarar bur i nyhendeørkener, heilt utan eller med berre éi lokalavis

2800 aviser over heile USA har gått inn sidan 2004, om lag to kvar veke, og ein femdel av dei rundt 6000 som står att, kallar Abernathy spøkelsesaviser. Spøkelsa har svært få tilsette og har ikkje kapasitet til mykje anna enn å formidle pressemeldingar frå lokale organisasjonar og fellesstoff frå eit eventuelt morselskap. Frå 2004 har talet på journalistar i amerikanske lokalaviser blitt redusert med 60 prosent.

Sidan internettet sitt inntog har det vore ein pågåande kamp å finne ut korleis ein på best mogleg vis kan finansiere berekraftig lokaljournalistikk. Svært få i USA har så langt funne svaret: Under 14 prosent av amerikanarar betaler i dag for lokale nyhende, ifølgje Pew Research Center. Dei fleste store aviseigarane i landet, med unntak av dei som eig dei største nasjonale avisene, har valt kostnadskutt og innsparingar som strategi framfor satsing – dermed er det lite rom for vekst.

Manglande tillit

Andre tal peiker også nedover: I 2022 melda Reuters Institute at 15 prosent av amerikanarar heilt unngår å lese eller sjå nyhende, anten fordi dei vert slitne av det, eller fordi dei ikkje trur på dekninga. Berre 34 prosent av amerikanarar har stor eller ein viss tillit til media, og 38 prosent seier at dei ikkje har tillit til aviser, TV og radio i det heile, viste ei måling byrået Gallup gjorde hausten 2022. Det er første gong så lenge Gallup har gjort desse målingane at delen amerikanarar som ikkje har tillit til media er større enn gruppa som har det.

Kartet som Penny Abernathy og hennar «The State of Local News»-prosjekt har utvikla, viser tydeleg tendensen: Store strekk midt i landet, mellom dei store byane, er dei mest mediefattige områda. Innbyggjarane i desse fylka er også grovt sett lågare utdanna, eldre og meir konservative enn innbyggjarane i område med høgare medietrykk. I nyhendeørkenar må innbyggjarane navigere offentlege nettstader eller ringe rådhuset for å få tilgang til grunnleggjande informasjon. For mange er det lettare å ikkje engasjere seg.

Reportasjenettstaden The Assembly, basert i delstaten North Carolina, fortel om eit slikt fylke. Då fotojournalisten Amanda Bruce etter ei lang og merittert karriere i nasjonale media flytta heim til Pamlico fylke for å oppdra dottera si, hadde innbyggjarane to kjelder til lokale nyhende: The Pamlico News, med éin tilsett som fungerer som både journalist og fotograf, og The County Compass, ein såkalla «shoppar», ei gratisavis fylt med tett i tett av annonsar for lokalt næringsliv, ispedd i hovudsak konservativt kommentarstoff og høgreorientert, gjerne Trump-positivt, stoff om nasjonal politikk.

Bruce har starta sitt eige nyhendebrev på nett for å bidra til betre dekning av det som skjer i Pamlico. «Når vanlege folk ikkje ser seg sjølv spegla i lokalavisa, begynner dei å tenkje på seg sjølv som ‘mindre enn’», seier ho til The Assembly. Manglande lokaljournalistikk kan byggje opp under ei oppfatning om at menneske i store byar tel og folk på landet ikkje gjer det.

Det er første gong så lenge Gallup har gjort målingar om medietillit at delen amerikanarar som ikkje har tillit til media er større enn gruppa som har det

Store konsekvensar

Forsking viser at trass i utfordringane amerikanske lokalaviser møter, er dei framleis innbyggjarane si hovudkjelde til nyhende om politikk på lokal- og delstatsnivå. Når dei forsvinn, eller mister ressursane som trengst for å gjere jobben, er det i mange tilfelle sosiale media som tek over – og der er det ingen redaktør som garanterer for kvaliteten på informasjonen.

«Bortfallet av lokaljournalistikk skjer i tett følgje med den vondarta spreiinga av feilinformasjon og falske nyhende, politisk polarisering, sviktande tillit til media og eit gapande digitalt og økonomisk skilje mellom borgarane», skriv Penny Abernathy i 2022-utgåva av sin rapport om tilstanden i amerikansk lokalmedia. «I lokalsamfunn utan ei truverdig kjelde til lokale nyhende, går valdeltakinga ned, korrupsjonen både i politikk og næringsliv går opp og innbyggjarane må betale prisen».

For eit avislesande folk som nordmenn er – 81 prosent av oss oppgjer at vi les minst éi avis dagleg, på papir eller nett – kan biletet i det første avsnittet virke absurd. Langt dei fleste av oss bur i dekningsområdet til minimum ei lokalavis og ei regionavis. Dei færraste kommunestyre eller fylkesting kan rekne med å gjere sine vedtak utan minst éin representant for pressa i rommet.

Situasjonen i det enorme mediemarknaden over Atlanteren burde likevel vere eit varsel også for oss: Betal for ei lokalavis i dag, elles risikerer du å miste ho i morgon.

Les mer om mer disse temaene:

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er vaktsjef i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar