Kommentar

Arbeidsfolk og røvarar i Kardemomme by

Den store debatten om arbeidslinja må ha eit meir realistisk perspektiv enn det Tante Sofie har i Kardemomme by.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I desse dagar går den nye animasjonsfilmen Folk og røvarar i Kardemomme by for fulle hus på kinoane i Norge.

Han kunne ikkje ha kome på eit betre tidspunkt for å passe inn i den pågåande debatten om arbeidslinja som no rasar i Arbeidarpartiet.

I filmen, som bygger på Thorbjørn Egners legendariske forteljing, kan alle sjå at Kardemomme by er eit fint og sivilisert samfunn. Kanskje er den vesle eventyrbyen endå finare og meir sivilisert enn det verkelege Norge.

Youngstorget og Kardemomme by

I alle fall har alle innbyggarane klart og definert arbeid. Innbyggarane går på jobb og har ein funksjon. Alle utanom dei tre røvarane Kasper, Jesper og Jonatan. Dei bur langt utanfor byen i ei hole med ei løve, er skitne og rotar mykje i henne. Dei klarar rett og slett ikkje å ta vare på seg sjølv.

I Norge ville dei kanskje ha hamna på NAV, men det er heller tvilsamt at dei ville klart å navigere seg gjennom papirmølla. Akkurat som mange NAV-klientar kjenner dei tre røvarane seg uglesett og utanfor.

I staden reiser dei tre røvarane kvar veke på tokt i Kardemommeby for å stele mat og brød.

Det er vanskeleg å tenke seg eit samfunn der arbeidslinja står sterkare enn nettopp i Kardemomme by. Det må i så fall ha vore i Arbeidarpartiets partiorganisasjon. Der var Tante Sofie og sosialdemokratane samde: Det skal løne seg å jobbe, framfor å få stønadar frå fellesskapet.

Farleg terreng

Den siste tida har likevel fleire i partiet tatt til eit oppgjer med den berømte arbeidslinja. Mellom anna sa Oslo-byråden Rina Mariann Hansen at omgrepet var utdatert og forferdeleg.

Akershus Arbeiderparti – ved profilane Ina Libak og Tuva Moflag – har fremja forslag til landsmøtet om å sjå på om trygdenivåa er levelege og om å auke barnetrygda.

Det fins ingen kronikarar eller personar med varig nedsett arbeidsevne i Kardemommeby

—  Emil André Erstad, kommentator

Onsdag melde kunnskapsminister, og av mange nemnt som kandidat til nestleiarvervet i partiet, Tonje Brenna, at partiet bør stå på arbeidslinja. Som ei slags Tante Sofie i partiet seier Brenna at «hvis ikke vi gjør det, så kommer vi ironisk nok ut i et terreng hvor vi ikke får råd til å betale de som ikke kan jobbe».

Det er nesten som eit ekko av stemmene i Kardemomme by som fryktar at det lukkelege samfunnet deira blir øydelagt, viss røvarane får halde på.

Trygd i Kardemomme by

Til slutt blir dei tatt og fanga i fengsel. Der må dei vaske seg og omstille seg til eit lovlydig liv.

Redninga for trioen vert brannen i tårnet til Tobias, der røvarane – som er innbrotsekspertar – kjem til unnsetning og klarar å slokke brannen. Jonathan blir spurt om å bli brannmeister, og røvarane får seg jobb.

Det fins ingen kronikarar eller personar med varig nedsett arbeidsevne i Kardemommeby. Men røvarane er i gråsona.

Alle bør sleppe å bu i ei skitten hole eller måtte stele mat på bordet

—  Emil André Erstad, kommentator

No er det ikkje trygder Kasper, Jesper og Jonathan levde av før dei fekk seg jobb, men burde Kardemomme by heller innført det?

I det verkelege livet meiner Oslo-byråden Rina Mariann Hansen (Ap) det neppe er økonomiske motiv som held folk utanfor arbeidslivet i dag. Ho hevdar derimot at jobbane ein kan «gå rett inn i» har blitt færre med auka krav til kompetanse. Brenna meiner på si side at debatten om arbeidslinja i partiet no er ufullstendig, fordi også kompetansen blant dei som står utanfor arbeidslivet har endra seg. Dei har aller fleste har i dag vidaregåande opplæring.

Alle vil bidra

Frå Egners fortelling og den nye animasjonsfilmen er det likevel poeng å hente:

Alle vil bidra, og folk og samfunn får det betre om flest mogleg får vere med på dugnaden som kallast arbeidsliv. For dei som framleis kan bidra, bør gjere det. Brenna har rett i at vi bør frykte å kome i ein situasjon der samfunnet ikkje klarar å betale for dei som ikkje kan jobbe.

For dei som likevel ikkje vil klare det på nokon som helst måte, bør det vere mogleg med endringar som gjer trygdene meir levelege. Alle bør sleppe å bu i ei skitten hole eller måtte stele mat til bordet.

Livet er ikkje som Kardemomme by, men det treng ikkje vere så langt unna.



Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar