Kommentar

Spinndoktorar som ikkje får gjere jobben sin

Forhåpentlegvis får dei nye statssekretærane til Jonas Gahr Støre – Kristoffer Thoner og Halvard Hølleland – betre arbeidsvilkår enn forgjengarane.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Frå dag ein i Støre-regjeringa fekk statssekretærane ved Statsministerens kontor, Tale Jordbakke og Siri Hytten, ein vanskeleg jobb. Dei to hadde ansvar for regjeringas kommunikasjon, og skulle sørge for at Jonas Gahr Støre fekk skine som statsminister.

Alle som har vore nær ein prosess ved å utnemne ei ny regjering kjenner igjen dynamikken: Mange av dei som får bli med på laget blir glade, men nokon av dei som ikkje får bli med, vert skuffa.

Umogleg jobb

For Jordbakke og Hytten vart det krevjande – og nesten heilt umogleg – å styre Støres kommunikasjon. Internt i partiet skildrar fleire korleis samarbeidsklimaet mellom Aps stortingsgruppe og kommunikasjonsstaben på SMK tidleg surna. Informasjonen flaut ikkje godt mellom dei to sentrale kommunikasjonsmiljøa i partiet – som dermed skada Støre og Ap i siste instans.

Utover vinteren i fjor vart det spreidd ei oppfatning om at Støre ikkje hadde tatt med seg spinndoktorar inn på SMK i det heile tatt – trass i at begge dei to nære rådgjevarane frå 2021-valkampen, Hytten og Jordbakke, var der som statssekretærar med ansvar for kommunikasjon.

Misforstått analyse

Det var mellom anna grunnen til at underteikna skreiv ein kommentar med tittelen «Kor er alle heltar hen?», om mangelen på spinndoktorar. Der skreiv eg mellom anna følgande: «Kven er Støre sin Kasper Juul og Bent Sejrø? Kven kan hjelpe den noverande statsministeren slik Sindre Beyer og Hans Kristian Amundsen hjalp Stoltenberg, og Sigbjørn Aanes skapte ei nær mytisk fortelling om Erna Solberg?»

Denne analysen var bygd på ei misforstått forståing om at Støre ikkje hadde spinndoktorar. Den var feil, og var med på å undergrave Jordbakke og Hyttens autoritet og arbeid. Likevel var det fleire som heldt fram med å tru på – og spreie – denne oppfatninga.

Som politisk redaktør Berit Aalborg skreiv på laurdag, har fleire bidrege til dette spinnet. NRK skreiv mellom anna i ei nyleg sak at «staben ved Statsministerens kontor mangler rutine og autoritet, både innad i partiet og eksternt». Som Aalborg skriv: «Et spørsmål av interesse er hvem som har lekket disse sakene. For mange av oss som går mye på Stortinget fremstår dette som målrettet spinn. Et annet spørsmål er dette: Hvorfor har ikke partisekretæren satt ned foten og ryddet opp?»

Sannsynlegvis kom angrepa frå ein stad internt i partiet.

Kasta under bussen

Det gjorde Hytten og Jordbakkes oppgåve som Støres viktigaste spinndoktorar umogleg. Tidleg i haust sa dei begge ifrå om at dei ville slutte – mellom anna på grunn av den totale belastninga om at dei vart hindra i å gjere jobben og at jobben kravde for mykje av dei.

I ein usedvanleg interessant seanse under seminaret til Stortingets presselosje 15. november, der Støre vart intervjua av journalist Marie Melgård, sa Støre rett ut at kommunikasjonen frå regjeringa måtte bli bedre: «Men det å gjøre informasjon tilgjengelig, er noe vi må jobbe mer med. Vi kan alle bli bedre».

I salen under seminaret sat statssekretæren med ansvar for kommunikasjonen, Tale Jordbakke, som tidlegare på hausten hadde sagt opp stillinga si. Støre visste dermed at han skulle gjere endringar, men for journalistane i salen kunne det verke som han kasta sine fremste kommunikasjonsfolk under bussen midt i ei krise.

Etterfølgarane må få støtte

Dette var på same tid som partiet gjorde sine dårlegaste målingar på lang tid, ned mot 15 prosent.

Jordbakke og Hytten har ikkje hatt noko lett jobb. Det er forståeleg at dei ikkje lenger ville ofre kveldar og netter for ein så krevjande jobb under slike tilhøve.

Vårt Land får stadfesta at det er Kristoffer Thoner og Halvard Hølleland som erstattar høvesvis Hytten og Jordbakke. Thoner er tidlegare journalist i TV2, og jobba for Støre ein kort periode i 2019-valkampen. Hølleland har erfaring som ein av Raymond Johansens betrudde byrådssekretærar i Oslo, og kjem frå jobben som statssekretær i Kunnskapsdepartementet.

For desse etterfølgarane vil det vere særs viktig at Støre og leiinga i partiet ryddar opp, slik at det blir lettare for partiets fremste kommunikasjonsfolk å gjere jobben sin.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar