Kommentar

Kor er alle heltar hen?

POLITIKK: Arbeidarpartiet kunne trengt ein Sigbjørn Aanes eller Kasper Juul. Regjeringsprosjektet til Jonas Gahr Støre manglar dei gode historiefortellarane.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

«Vi behøver at spinne det her. Vi skal tale strategi.»

Han følgjer alltid rett bak henne, Kasper Juul er spinndoktoren til den fiktive danske statsministeren Birgitte Nyborg i den politiske dramaserien Borgen. Utan Juul er Nyborg berre ein politikar som gjennomfører politikken sin. Med Juul tett på er Nyborg ein statsminister som tydeleg får fram det politiske prosjektet.

Juul spinn nyheitssaker, snakkar med journalistar, påverkar og bidreg til at Nyborg får fortelje ei større historie om prosjektet.

Denne våren kjem fjerde sesong av den populære TV-serien, og det kan hende statsminister Jonas Gahr Støre bør logge seg inn på Netflix.

Gjennomslag gir ikkje veljarar

Viss ein ser på den lange lista over gjennomslag Arbeidarpartiet har fått frå 100-dagarsplanen, er det inga tvil om at Norge har fått ein ny retning på viktige Ap-område som sosialpolitikk og arbeidslivspolitikk med Støre-regjeringa. Ap har fått gjennom dobling av fagforeiningsfrådraget, gjeninnført feriepengetillegget til arbeidsledige og uføre, stansa konkurransen om jernbana, stansa privatiseringa av helse- og omsorgssektoren og sørgja for meir faste tilsettingar i arbeidslivet.

Det er politikk partiet gjekk til val på, og som dei leverer. Ein skulle dermed tru Ap-veljarane gav eige parti tommel opp på meiningsmålingane.

Hadia Tajik kunne vore ein glitrande historiefortellar, slik ho har vore som opposisjonspolitikar i fleire år. I regjering gjennomfører ho storstilte endringar i arbeids- og sosialpolitikken som tar Norge i den retninga Ap vil, men vi ser henne nesten ikkje. Ho er ganske usynleg.

—  Emil André Erstad, kommentator

Likevel er historieforteljinga om denne nye retninga nesten heilt borte frå media og offentlegheita. Ein kan sjølvsagt skulde på krisene som har stått i kø. Straumkrisa og koronasituasjonen var på mange måtar utanfor hendene til Jonas Gahr Støre. Diskusjonen om ny sentralbanksjef og den omdiskuterte Viken-oppløysinga er derimot kriser regjeringspartia har skapt sjølve.

Fråverande historieforteljing

Vi kjem ikkje bort frå det faktum at Erna Solberg òg opplevde kriser som statsminister, men likevel var ein meister til å spinne ei historie om kva regjeringa forsøkte å oppnå. At dei rusta Norge for framtida med store reformer. Med det tydelege resultatet at Høgre stort sett gjorde det veldig godt på meiningsmålingane i dei åtte åra partiet styrte landet.

Arbeidarpartiet har på rekordtid gjort det skikkeleg dårleg. Senterpartiet fell òg med i dragsuget. Talspersonar frå begge parti legg skulda på krisene.

Problemet er berre at den overordna historieforteljinga – det kommunikasjonsfolk nyttar framandordet narrativ om – nesten er heilt fråverande. Aps folk er rett og slett for dårlege på å spinne ei historie om kva retning dei vil ta Norge i. Det held faktisk ikkje å berre gjennomføre politikken, viss ingen får høyre om han.

Erna Solberg hadde den berykta spinndoktoren Sigbjørn Aanes. Han ringde rundt til journalistar og freste mot dei for den minste sleivete eller uheldige formulering dei sette på trykk om partiet og regjeringa hans. Han brukte tid med dei som skulle skrive om politikk, sat seg ned, teikna og forklara. Jens Stoltenberg hadde også eit koppel med dyktige spinndoktorar, som Sindre Beyer, Hans Kristian Amundsen og Jan-Erik Larsen. Dei forma ei historie om den raudgrøne regjeringa som levde lenge i folket.

Manglande koordinering internt

Forutanom Arbeidarpartiets næringsminister og stjerneskot Jan Christian Vestre er det ikkje så lett å få auge på dei offensive seljarane av politikken til regjeringa. I saker som spørsmålet om Viken-oppløysing vert det òg tydeleg at regjeringa ikkje er så godt koordinert som mannskapet til Jens Stoltenberg var under glansdagane i den raudgrøne regjeringa. Det viser maktspelet i Akershus Ap, der to statsrådar i regjeringa – utanriksminister Anniken Huitfeldt og kunnskapsminister Tonje Brenna – stemte mot å løyse opp storfylket, stikk i strid med Senterpartiets siger i Hurdal.

Kven er Støre sin Kasper Juul og Bent Sejrø? Kven kan hjelpe den noverande statsministeren slik Sindre Beyer og Hans Kristian Amundsen hjalp Stoltenberg, og Sigbjørn Aanes skapte ei nær mytisk fortelling om Erna Solberg?

—  Emil André Erstad, kommentator

Jens Stoltenberg hadde Karl Eirik Schjøtt-Pedersen som ein overordna koordineringsminister på Statsministerens kontor, med plass rundt møtebordet til regjeringa. Jonas Gahr Støre har statsrådar som spring rundt og stemmer mot politikken til regjeringa i eigne fylkeslag. Det gjer det endå vanskelegare å stå fram med ei samla historieforteljing frå regjeringa, fordi den manglande koordineringa skapar kriser for regjeringa som kanskje kunne vore unngått.

Hadia Tajik kunne vore ein glitrande historieforteljar, slik ho har vore som opposisjonspolitikar i fleire år. I regjering gjennomfører ho storstilte endringar i arbeids- og sosialpolitikken som tar Norge i den retninga Ap vil, men vi ser henne nesten ikkje. Ho er ganske usynleg.

Bjella på sisterunden

Den fiktive statsministeren i TV-serien Borgen, Birgitte Nyborg, klarte seg ikkje mange dagar i jobben utan den kyniske og utspekulerte spinndoktoren Kasper Juul. Ho hadde òg god nytte av den erfarne politiske historieforteljaren Bent Sejrø. Han kan på mange måtar samanliknast med ein skikkelse på linje med rolla Martin Kolberg i mange år spelte i Arbeidarpartiet – ein som kjende alle, som heile tida hadde historia om partiet i minnet og kunne bruke eit kvart høve til å spinne ei historie om kvifor Aps politikk trongs.

Kven er Støres Kasper Juul og Bent Sejrø? Kven kan hjelpe den noverande statsministeren slik Sindre Beyer og Hans Kristian Amundsen hjelpte Stoltenberg, og Sigbjørn Aanes skapte ei nær mytisk forteljing om Erna Solberg?

Støres mannskap er uerfarent og nytt, men det held ikkje. Alle veit at viss førsteinntrykket får sette seg, så blir det verande. Ei regjering som slit frå startblokkene, risikerer å ikkje få fullføre den første runden. I alle fall vert det tøft då bjella ringjer i stortingsvalet om tre og eit halvt år.




Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar