Kommentar

«Religiøse skulelag er ein sikkerheitsventil»

Eg er skeptisk til at organisasjonar med misjonsvisjonar skal få prege kvardagen til ungdomsskuleelevar. Likevel meiner eg at dei må få lov.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Rektor ved Sagatun skule, Gudrun Kjartansdottir, har fått gjennomgå etter at ho sette foten ned for ei gruppe ungdomsskuleelevar som ville halde skulelag inne i friminuttet. Vårt Land henta fram d-ordet i deira kritikk av rektorens val: «Diskriminering for å hindre diskriminering». «Vi heier på Malin (15) og hele det utfryste skolelaget i Sogndal», skreiv Vebjørn Selbekk på Dagens leiarplass, og spurde kva i all verda som gjekk av rektoren.

Til og med leiaren for Human-Etisk Forbund, Christian Lomsdalen, måtte krype til korset og seie seg einig med den kristne dagspressa: «For min del høres det feil ut med andakt eller bønn i et friminutt på skolen. Det er likevel viktig at en skole som skal fremme menneskerettighetene tillater at elevene praktiserer sin trosfrihet».

Frelsesinvitasjon og bøn for sjuke

Refrenget til kritikarane har vore at idealet om ein livssynsnøytral skule er umogleg og i strid med trusfridomen og menneskerettane. Sturla Stålsett, arkitekten bak utgreiingsrapporten «Det livssynsåpne samfunn. En helhetlig tros- og livssynspolitikk» frå 2013, har også skrive kronikk om saka. Han konkluderer med at kanselleringa av samlingane til skulelaget strid med det livsynsåpne samfunnet som staten ønsker seg. Viss Sagatun skule skulle vere på linje med den livsynsåpne politikken, burde dei hatt «en inkluderende og positiv holdning til slike livssynsaktiviteter», meiner Stålsett.

Mange kloke hovud har altså slått fast at det må vere lov å drive skulelagsarbeid. Norske elevar kan, med loven på si side, halde andakt og bønnemøte. Så vidt eg veit, kan dei også drive med meir kontroversiell verksemd, som frelsesinvitasjon og bøn for sjuke. Fridom til å dele trua si og drive misjon, er også del av religionsfridomen.

Når misjonen blir forkynnande, er den etter mitt syn vanskeleg å innlemme i det livsynsåpne samfunnet. Den påstår at eg har rett, og du tar feil

—  David Sviland, gjestekommentator

Ungdomsskuleelevar som samlar seg i friminuttet for å be og halde andakt, høyrest kanskje ikkje heilt 2022 ut. Men skule- og studentlag har ein lang tradisjon i Norge. Norges kristelege studentforbund (Forbundet) såg dagens lys i 1899 og er Norges eldste kristne studentorganisasjon. I dag er Forbundet ein liberal og progressiv studentorganisasjon med sosial profil. På nettsidene deira kan vi lese at dei mellom anna jobbar for eit fritt Palestina, kjønnsrettferd og deltek aktiv på Pride.

Den karismatiske skulelagsvarianten

Liberal teologi var også sentralt då Carl Fredrik Wisløff og Ole Hallesby braut med Forbundet og starta Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag (Laget) i 1924. I dag finst det kring 200 lokallag i Norge. Visjonen deira held misjonen høgt: «Vi vil gjøre Jesus kjent på alle skoler og studiesteder i Norge så han blir trodd, elsket og etterfulgt».

I 1996 kom den karismatiske skulelagsvarianten. Organisasjonen heitte Ny Generasjon og vart grunnlagt av mannen bak Jesus Revolution, Stephan Christiansen. Dei vaksne leiarskikkelsane i Ny Generasjon la opp til ein svært aktivt, misjonerande og utadvendt skulelagsstil. Ungdomane fekk tips om å gå rundt på skulen som eit vandrande plakatstativ med ein plakat framme og ein bak, for å reklamere for møtet kor ein gjerne baud på bollar og andakt med forkynnande innhald. Dette veit fordi eg var med på det sjølv då eg gjekk på ungdomsskulen.

Også rektoren min sette etter kvart foten ned for meg og Ny Generasjons-avdelinga mi. Den gongen gav eg uttrykk for at det var dumt til vennar og leiarar ifrå det kristne miljøet utanfor skulen. Men inst inne var eg glad for at det vart stoppa. Det var både flaut og slitsamt å arrangere desse møta heile vegen. Ingen tvinga meg til å halde på med det. Men eg skulle ønske at nokon tok ein fot i bakken og spurde om eg verkeleg ville drive på med dette, og minne meg på at eg ikkje trengde å gjere det.

Ikkje forby misjon

Dei to skulelagsorganisasjonane som har aktivitetar blant ungdoms- og vidaregåandeelevar, Laget og Ny Generasjon, held misjonsfana høgt. Eg trur ikkje det er vegen å gå i vår tid. Når misjonen blir forkynnande, er den etter mitt syn vanskeleg å innlemme i det livsynsåpne samfunnet. Den påstår at eg har rett, og du tar feil.

Vi kan likevel ikkje forby verken skulelag eller misjon. Ein stat som går så langt i å regulere truande elevar sine moglegheiter til å samle seg, er langt farlegare. Organisert religiøst arbeid i skulen legg til rette for at religiøse kan tenke og snakke saman. Då aukar sjansane for at også dei maktar å gje beskjed viss skulen ein gong krev noko av elevane som strid med deira religiøse oppfatning. Slik sett kan skulelag fungere som ein sikkerheitsventil.

Eg må seie at lar meg imponere av kor naturleg og rakrygga elevane ved Sagatun står for deira rett til å drive lagsarbeid. Det lovar godt. Kanskje er neste generasjon meir livsynsåpne enn min eigen

—  David Sviland, gjestekommentator

Heller enn forbod, ønsker eg meir samarbeid og inkludering av kristne og andre truande (ikkje minst frå andre religionar) som organiserer seg i skuleverket. La dei få eit ord med i laget, lytt til dei, bruk dei i undervisninga, og gje dei rommet dei treng for å dele trua si, be sine bøner og bøye kne for både Herren og Allah. Det er først når elevane slepp å kjenne seg som eit utskot på grunn av trua, at vi kan byrje å snakke om eit livsynsåpent samfunn.

Og eg må seie at lar meg imponere av kor naturleg og rakrygga elevane ved Sagatun står for deira rett til å drive lagsarbeid. Det lovar godt. Kanskje er neste generasjon meir livsynsåpne enn min eigen.

David Sviland

David Sviland

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Mer fra: Kommentar