Kommentar

Den redde demokraten

Då eg gjekk på skulen, var kristentru litt flaut. No er visst bøn i storefri blitt ein trussel mot skulemiljøet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

For to år sidan kom boka At være demokrat er ikke at være bange med undertittelen Åndsfrihed under press ut i Danmark. Nabolandet i sør har hatt ein endå kvassere debatt enn oss om religion og ytring i det offentlege rommet.

Eg deler ikkje absolutt alle konklusjonane i boka, som gleda over kor sjeldan rasismeparagrafen vert nytta. Men boka er eit nyttig korrektiv til dei som står klare for å lovregulera alt dei ikkje likar.

Den eine forfattaren, Daniel Toft Jakobsen, er sosialdemokrat og var medlem av Folketinget fram til valet sist veke. Det er synd at ein så sterk forsvarar av åndsfridom ramla ut av Christiansborg, som hadde trengt ei tydeleg stemme til å stilla spørsmål kvar gong åndsfridommen – som samlar religions-, ytrings-, forsamlings- og samvitsfridom – kjem under press.

Religion hamna rett nok heilt i bakgrunnen i denne valkampen. Men presset blir ikkje borte. Mette Fredriksen har neppe gitt opp draumen om å stengja alle muslimske skular.

Bøn i skulen

Fredriksen var neppe glad for at partifellen også kritiserte eige parti. Toft Jakobsen og medforfattaren Ingrid Ank viser til at mange rektorar har motsett seg bøn og andre religiøse aktivitetar på skulane. Det nye er, skriv dei, at mellom andre sosialdemokratane på eitt tidspunkt var klar til å støtta Dansk Folkeparti sitt forslag om forbod mot bøn på skular.

Rett nok røysta ikkje sosialdemokratane til slutt for forbod. Men tendensen er klar, skriv dei to urolege: Også sosialdemokratene viser vilje til å bruka lover for å avgrensa religion i det offentlege rommet.

Så langt den danske debatten. Den norske debatten tok i haust turen til Sagatun skule i Balestrand, Sogndal kommune. Der vart skulelaget nekta å halde bøn i storefri ein gong i veka.

Religiøse samlingar i skuletida kunne, uttalte kommunedirektøren, diskriminera og hindra leik på tvers av religion. Skulane skulle vera «livssynsnøytrale». Sidan alle skulle behandlast likt, skulle ingen få lov.

Utdanningsminister Tonje Brenna let saka vera opp til kommune og skule. Slik fekk Sogndal på eiga hand definera «livssynsnøytralitet» som forbod mot alt. Kommunen viste også til paragraf 9A i Opplæringslova om at alle har rett til eit trygt og godt skulemiljø.

Då eg gjekk skulen i nabokommunen til Sogndal, var kristentru litt flaut. No er lagsmøte i storefri blitt ein trussel mot eit trygt skulemiljø.

Større debatt

Lokalt var det ikkje alle som likte at Laget (NKSS) kom på bana. Dette var ei lokal sak for elevane, hevda redaktøren i Sogn Avis. Vaksne, kristne aktørar skulle ikkje blanda seg inn med ein politisk «agenda».

Men Sagatun-saka er ikkje berre lokal, den er ein del av ein større diskusjon i Noreg – og Danmark. Livssynsnøytralitet finst strengt tatt ikkje. Når omgrepet i neste omgang vert definert som forbod, inviterer det til debatt.

Regjeringa hadde trengt ei tydelegare indre stemme som kunne kritisert dei mange ideologiske kutta som rammar friskular og friviljuge og ideelle aktørar

—  Johannes Morken, gjestekommentator

Etter medieomtalen har elevane fått lov til å be i eit lånt skulerom fram til politisk behandling av regelverket, i slutten av november. Forbodet var nemleg innført av byråkratiet, utan politisk behandling. Kommunedirektøren blei leverandør av kontroversiell religionspolitikk.

Å ta vare på alle elevar er viktig. Men å vera demokrat, rektor eller kommunedirektør er, for å henta inn att den danske boktittelen, ikkje å vera redd for eit livssynsope samfunn.

Ikkje milde gåver

Også den norske regjeringa hadde trengt ei tydelegare indre stemme som kunne kritisert dei mange heilt tydelege ideologiske kutta som i statsbudsjettet rammar friskular og friviljuge og ideelle aktørar.

Støtte til trussamfunn er ikkje statlege gåver (til dei snille). Det er grunnlovsfesta likebehandling av trussamfunn.

—  Johannes Morken, gjestekommentator

Behovet for eit overordna syn på åndsfridom gjeld i alle høve statsstøtte til trussamfunn. Dei som søkjer statsstøtte, må no kryssa «ja» eller «nei» for om dei praktiserer diskriminering. Mange trussamfunn fryktar at eit skjema med ja-kryss ein dag vil bli brukt for å fjerna unnataket dei har i likestillingslova for ein sjølvstendig samlivsetikk. Det er i dagens politiske klima slett inga oppkonstruert frykt.

Støtte til trussamfunn er ikkje statlege gåver (til dei snille). Det er grunnlovsfesta likebehandling av trussamfunn. Det må Den norske kyrkja, som har privilegiet av å setja standarden for alle andre, vera tydeleg på, også i møte med staten.

Nei til maktbruk

Snorre Valen, som sat åtte år på Stortinget for SV og i dag er redaktør for Trønderdebatt, kritiserte i fjor religionspolitikken i Hurdalsplattforma. Han gjekk ut mot den raudgrøne viljen til – med økonomiske middel – å gripa inn i det indre livet i trussamfunn. Gode hensikter er ikkje grunn god nok, som han poengterte. Valen bør langt oftare minna om at å vera demokrat ikkje inneber å vera redd for det livssynsopne samfunnet.

Å utfordra tydeleg også på teologi og etikk er ein sjølvsagt del av åndsfridommen. Idear skal møtast i ope lende. Men å bruka makt for å få trussamfunn til å meina det same som staten, er det stikk motsette av fridom.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar