Kommentar

Med menneske som rekvisitter

Republikanske politikarar driv valkamp ved hjelp av innvandringspolitiske stunt, der menneske på flukt er spelbrikkene.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Delstaten Texas har sidan april sendt nærmare ti tusen immigrantar med buss til Washington D.C., New York og Chicago. Guvernør Greg Abbott gjer dette i protest mot demokratiske politikarar i desse byane, fordi han meiner president Joe Biden ikkje gjer nok for å sikre grensa mot Mexico. Sidan midten av august har også delstaten Arizona sett opp gratis bussreiser til demokratisk styrte storbyar for migrantar som venter på handsaming av søknad om asyl.

Stuntpolitikk

15. september kom to bussar til hovudstaden med eit anna mål enn sentralstasjonen. Sjåførane hadde fått instruks frå høgste hald om å sleppe passasjerane av utanfor bustaden til visepresident Kamala Harris. Visepresidenten har fått eit overordna ansvar for situasjonen ved Mexico-grensa, men blir stadig kritisert for manglande handling.

Dei to busslastene med migrantar, som hadde site på bussen i om lag to døgn, fekk omsider hjelp frå dei friviljuge medarbeidarane som vanlegvis møter bussane på sentralstasjonen, men ikkje hadde fått beskjed om at disse bussane ville stoppe ein annan stad. Det var ei eksplisitt politisk markering, sjokkerande i sin kynisme.

Den var ikkje den einaste. Dagen før vart ei gruppe migrantar frå Venezuela flydd frå San Antonio, Texas til Martha’s Vineyard, ein populær feriestad i Massachusetts, blant dei tidlegare president Barack Obama. Trass i at migrantane vart frakta frå Texas, var flyturen betalt av kontoret til Florida-guvernør Ron DeSantis. Det vesle lokalsamfunnet var ikkje førebudd på det som skjedde, men fekk innkvartert dei drygt femti migrantane i nødovernatting. DeSantis har sagt at han vil fortsette å bruke offentlege midler på liknande stunt, med mennesker som søkjer asyl som rekvisitter.

Sjølv om bussinga ber tungt preg av kynisk politisk stunting frå dei republikanske guvernørane, er det lett å forstå den svært reelle frustrasjonen som ligg bak

—  Sigrid Rege Gårdsvoll

Porøs grense

I 2021 arresterte grensevakter over 1,6 millionar menneske på veg over grensa frå Mexico. Så langt i 2022 er talet 1,8 millionar, det høgaste nokonsinne. Rundt halvparten av desse vert sendt tilbake umiddelbart, før dei får høve til å søkje asyl, men mange kan av ulike årsakar ikkje bli returnerte raskt. Det er ein liten andel av desse som enkelte grensedelstatar no sender nord- og austover, til byar og områder som ikkje er rusta til å ta imot.

Det er mykje som tyder på at det er langt færre som krysser grensa ulovleg no enn for 15-20 år sidan. Grensevaktene har betre overvakingsteknologi, større ressursar og langt fleire mannskap, som gjev langt høgare pågripingstal enn på tidleg 2000-tal. I fjor reknar ein med at grensevaktene arresterte rundt 70 prosent av dei som kryssa grensa ulovleg, mot estimat heilt ned mot 40 prosent i år 2000.

Den høge andelen som vert pågripne er imidlertid ei ekstra belastning for delstatane og lokalsamfunna som ligg nær grensa. Langt dei fleste som vert pågripne og ikkje kan sendast ut att umiddelbart går fri i påvente av at asylsøknaden skal handsamast. Mange av desse har ikkje pengar til eige livsopphald, og heller ikkje til å reise til ein annan delstat der dei kanskje har familie og jobbtilbod som venter.

Dei siste åra er det også skjedd ei stor demografisk endring mellom migrantane. Der det før var unge einslege menn frå Mexico som ønska å søkje lukka i USA, er no svært mange av migrantane familiar med born frå Guatemala, Honduras og El Salvador. Desse migrantane er ofte mindre utstyrte for å klare seg på eigen kjøl. Mange lokalsamfunn nær grensa er overvelda av ansvaret som følger med å ta vare på dei migrantane som ikkje har meir enn det dei står og går i, og slik ikkje kan ta vare på seg sjølv.

Kongressen har i fleire omgangar mislykkast i å handsame omfattande tiltak på innvandringsfeltet, og det mangler politisk vilje og semje på nasjonalt nivå til å ta tak i problema

Reell frustrasjon

Det virker provoserande for republikanarar i delstatar på grensa at demokratar i delstatar lengre nord ikkje ser ut til å forstå kor akutt dei opplever situasjonen. Situasjonen ved grensa er ein politisk vinnarsak for republikanarane, for eit fleirtal av befolkninga er skeptiske til utviklinga. Republikanske politikarar vil sjølvsagt nytte situasjonen for alt den er verd inn mot eit mellomval som – takka vere kontroversielle abortavgjerder – kan bli vanskeligare enn dei såg føre seg. Sjølv om bussinga ber tungt preg av kynisk politisk stunting frå dei republikanske guvernørane, er det lett å forstå den svært reelle frustrasjonen som ligg bak.

Samstundes framstår det svært uklart kva ein realistisk kan gjere for å endre på situasjonen. Kongressen har i fleire omgangar mislykkast i å handsame omfattande tiltak på innvandringsfeltet, og det mangler politisk vilje og semje på nasjonalt nivå til å ta tak i problema.

Guvernør Abbott har samla inn rundt 300.000 dollar i gåver meint til å finansiere tiltaket, men bussinga har så langt kosta Texas over 12 millionar dollar. Og ironisk nok er migrantbussane først og fremst meint for å audmjuke demokratane før valet, eit positivt tiltak for mange. Det løfter noko av innvandringstrykket vekk frå dei overbelasta grensebyane, og kan hjelpe migrantar som manglar pengar til å kome seg til andre delar av USA der det er lettare å få jobb og byggje seg eit liv. Trass den kjenslekalde taktikken som ligg bak, ender ein kanskje likevel opp med å gjere noko godt.

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er debattjournalist og kommentator i Vårt Land

Annonse
Annonse

Mer fra: Kommentar