Kommentar

Kva skjedde med Kamala?

Som nestkommanderande til ein president som vil vere 82 år gammal når presidentperioden er over, har Kamala Harris alle formelle føresetnader for å bli USA sin neste president. Kvifor klarer ho ikkje å få det til å sjå slik ut?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Fleire gonger gjennom 2019 spekulerte rådgjevarar på om Joe Biden burde avlegge eit «one term pledge». Ved å love at han berre ville sitte éin periode dersom han vart valt, kunne den aldrande statsmannen overtyde demokratiske veljarar som var nølande til å støtte han på grunn av høg alder. Når alt kom til alt, gav Joe Biden aldri eit slikt løfte.

Det han derimot lova, på direkten i ein debatt, var at han ville velje ei kvinne som visepresidentkandidat. – Det er ei rekke kvinner som er kvalifiserte til å bli president i morgon, sa Biden den gongen. Valet fall til slutt på Kamala Harris, ein profilert senator frå California og tidlegare presidentkandidat.

Det uunngåeleg valet

Valet var ikkje sjølvsagt. Biden sjølv skal ha ønska seg Amy Klobuchar, ein annan av rivalane frå nominasjonskampen – men fekk likevel eit drag av det uunngåelege gjennom forsommaren 2020, då stadig sterkare røyster i det demokratiske partiet kravde at kandidaten måtte ha minoritetsbakgrunn.

Kamala Harris var justisminister i heimstaten California før ho vart valt til Senatet i 2016. Harris vart då haldt fram av media som ein av dei store kommande profilane i det demokratiske partiet. For publikum vart Harris gjennom sine fire år i Senatet kjent frå videoklipp der ho kraftfullt og hendig grilla til dømes nominerte kandidatar til regjeringstaburettar. Desse gjekk fleire gonger viralt i sosiale media.

Ho er talefør, kvinne og har minoritetsbakgrunn. På papiret var Harris ein perfekt kandidat, men hennar eigen valkamp for nominasjonen var mislykka. Konflikt i staben, dårlege debattprestasjonar, mangel på både ein klar bodskap og støtte frå tydelege interessegrupper i partiet felte Harris. Trass i dette valde Joe Biden og hans team å gå for Harris som visepresident.

Lite populær

I dei jamlege målingane som vert gjort av populariteten til presidenten og visepresidenten gjer Harris det like dårleg som sjefen sin. På snittet av målingane er 40 % nøgde og 56 % misnøgde med jobben Joe Biden gjer. Tilsvarande tal for visepresidenten er 35 % nøgde og 53 % misnøgde.

Kjelder seier at Biden er sterkt overtydd om at han må stille på nytt, fordi han er den einaste som kan slå den som framleis er den mest trulege republikanske presidentkandiaten: Donald Trump

—  Sigrid Rege Gårdsvoll, gjestekommentator

Tradisjonelt har visepresidentembetet vore ei rolle politikarar strever med å fylle på ein god måte. Joe Biden har valt å gje Harris ansvar for nokre store saksfelt, til dømes innanfor ulovleg innvandring og stemmerettsreform. Gjennom dei siste to åra har det likevel vore vanskeleg å sjå visepresidenten sitt handverk. Ansvarsområda hennar er svært omfattande og vanskelege å finne politiske løysingar på. Men kvifor klarer ikkje ei kommande stjerne i det demokratiske partiet seg betre enn dette?

Dårleg leiar?

Mange peiker på feil Kamala Harris sjølv har gjort når ein skal forklare kvifor ho ikkje er meir synleg og aktiv. I likskap med presidentkampanjen hennar, har også visepresidenten sitt kontor mista tilsette i relativt høgt tempo.

Mellom dei som finn anna arbeid er det fleire som anonymt fortel media at Harris rett og slett ikkje er ein spesielt god leiar, og at ho ikkje alltid er villig til å gå inn og gjere jobben som er tiltenkt henne. Det kjem stadige drypp frå folk som står henne nær som tilseier at ho ikkje er nøgd med å ha fått nærmast umoglege oppgåver.

Kvinna mot systemet

Kamala Harris sine forkjemparar vil også peike på systemiske årsaker til at Harris strever på popularitetsmålingane og ikkje klarer å snu oppfatningane som er i ferd med å sette seg i pressa. Det finst ei rekke studiar som viser at kvinner som søker makt vert oppfatta meir negativt enn menn som gjer det same. Det er mogleg å tenkje seg at Kamala Harris er, i alle fall delvis, eit offer for dette.

Til tross for at Harris slit på mange frontar, tilseier meiningsmålingar blant svarte veljarar at det vil vere vanskeleg for andre demokratiske kandidatar å slå henne i ein nominasjonskamp dersom Joe Biden vel å ikkje stille på nytt

—  Sigrid Rege Gårdsvoll, gjestekommentator

Som dobbel minoritet, både kvinne og svart, har Harris heilt andre og langt fleire utfordringar knytt til oppfatning i opinionen enn ein kvit mannleg politikar har. Mykje av kritikken som kjem frå ytste høgresida mot Harris er også tydeleg rasistisk motivert.

Sjef som vert sitjande?

Det er også verdt å peike på at Joe Biden har eigeninteresse av å sørge for at Harris ikkje står fram som for suksessrik: Det er vanskeleg å få noko gjort som president om ein sit «på oppseiing», og Biden vil derfor for all del unngå å skape eit inntrykk av at han har tenkt å gje seg.

Kjelder seier at Biden er sterkt overtydd om at han må stille på nytt, fordi han er den einaste som kan slå den som framleis er den mest trulege republikanske presidentkandidaten: Donald Trump.

Trass alt von?

Trass i at Harris slit på mange frontar, tilseier meiningsmålingar blant svarte veljarar at det vil vere vanskeleg for andre demokratiske kandidatar å slå henne i ein nominasjonskamp dersom Joe Biden vel å ikkje stille på nytt. Dryge 50 % av svarte veljarar ville stemt på Kamala Harris i eit nominasjonsval.

Det var nettopp denne veljargruppa som sikra Joe Biden sigeren i nominasjonsvalet i 2020. Det kan gje Kamala Harris grunn til von ̶ trass alt.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar