Kommentar

Pappa må sy

KLIMA OG GJENBRUK: Klesindustrien forureinar miljøet meir enn fly og skipsfart til saman. For å få avtrykket ned, har eg begynt å lære meg å sy.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg går framleis i T-skjorter eg skaffa meg for 20 og 30 år sidan. Det er ikkje berre fordi eg er sunnmøring og nøktern av natur. Heller ikkje har eg mista interessa for å halde ved like eit nokolunde presentabelt ytre. Men eg har alltid vore opptatt av å bruke eit plagg lengst mogleg. Kjøp og kast har aldri vore noko for meg.

Av og til blir nok kleda brukte litt for lenge, så eg med uvørden påklednad kan sjå ut som ein fillefrans. Men alternativet er etter mi meining verre. Det verste eg ser, er folk som shoppar klede dei brukar berre éin gong, eller kanskje aldri. Denne typen handlingar er med på å forsøple kloden vår.

Ingen får studere saumen på innsida av plagga mine!

—  Alf Kjetil Walgermo

Kle deg i deg sjølv!

Eg kjenner meg ikkje som ein miljøprofet. Tvert om har eg framleis bensinbil (frå 2007) og laber evne til å utnytte alle matrestane i kjøleskåpet til fulle. Eg skal heller ikkje skryte på meg at eg aldri kjøper eit nytt plagg. Her forleden blei eg nøydd til å kjøpe meg ei ny bukse berre for å intervjue artisten Carola på Olavsfest. Hotellet ville ikkje levert vasken hurtig nok, og alternativet – å intervjue Carola med skiten buksebak – kjentest verre.

Likevel meiner eg at det er viktig at vi tenker over kledeforbruket vårt. Sjølv ønsker eg iallfall ikkje å vere ein del av motekarusellen som krev at eg fornyar garderoben min kvart år, kvar sesong.

Kanskje vil somme oppfatte meg som mindre hipp? Det kan eg leve med. At klede skaper folk, er dessutan ei sanning med modifikasjonar. Hippast er den som er til stades i seg sjølv, ikkje den som må ikle seg eit image skapt av andre.

Forsøpling av naturen

I ein artikkel i Dagsavisen kom det nyleg fram at norske klesbutikkar sit att med over 700 tonn klede som dei ikkje får seld kvart år. Noko av denne tekstilmengda kjem ideelle organisasjonar til gode, og det er bra. Noko blir forsøkt seld seinare. Talet seier oss likevel noko om overproduksjonen i samfunnet.

Eg klarer ikkje å fri meg frå biletet av det store kleshavet i Atacama-ørkenen i nordlege Chile. Rundt 40.000 tonn brukte moteklede frå Europa, USA og Asia blir kvart år dumpa her. Det som ikkje blir resirkulert og seld, blir liggande att som miljøforureinande søppel.

Går ikkje tekstilar berre attende til naturen, kan den naive spørje. Hadde det vore så vel! Rundt to tredelar av alle tekstilar består av syntetiske material som er lagd av olje, slepper ut mikroplast ved vask og kan ta 200 år å bryte ned. Mange har fått med seg problemet med mikroplast i havet. Men opp til ein tredel av all plasten i havet kjem nettopp frå klesplagg laga av syntetiske tekstilar.

Kleda våre er massive miljøsvin.

Eg klarer ikkje å fri meg frå biletet av det store kleshavet i Atacama-ørkenen i nordlege Chile. Rundt 40.000 tonn brukte moteklede frå Europa, USA og Asia blir kvart år dumpa her.

—  Alf Kjetil Walgermo

Skal vi gå nakne?

Så kva kan vi gjere? Bli naturistar og gå nakne rundt i gatene? Det gjorde profeten Jesaja i tre år, om enn ikkje som eit klimatiltak. Eg har sans for Jesaja, men vil nok ikkje tilrå denne tilnærmingsmåten. Eg har derimot komme fram til at eg blir nøydd til å utfordre meg sjølv i endå større grad enn å gå rundt med 18 år gamle Moldejazz-T-skjorter: Eg har bestemt meg for å lære meg å sy!

For ein som ikkje har sydd sidan eg tok symaskinsertifikat på barne/ungdomsskulen, er dette lettare sagt enn gjort. Eg lar meg stadig imponere av deltakarane i Symesterskapet, der eg hadde enda på desidert sisteplass. For korleis får dei det til? Det er jo så vanskeleg, så lite som skal til før alt blir vrangt.

Vårt Land-lesarar som kan å sy, og som alltid har sydd, trur kanskje eg overdriv. Familien trur meg – både store og små er nok lettare overraska over at pappa syr. Men eg har tatt eit ideologisk val om at eg må kunne sy så godt at eg kan reparere og redesigne mine eigne klede, så her handlar det berre om å sette ideologien ut i praksis!

Eit sy-under

Eg er så smått i gang, og sydde mitt første plagg no i sommarferien. Først var eg under eit visst oppsyn av mi sy-kyndige mor, før eg trakka i veg på eiga hand, i større og større fart. Hadde symaskina, ein Singer, vore eit levande vesen med kjensler og talens bruk, trur eg ho hadde ledd like godt som Sara gjorde då Gud fortalde at ho skulle bli gravid som 90-åring. Men Isak kom og skjorte blei det – eit sy-under! Ho har allereie vore i bruk under direktesendt Min tro-intervju på TVL.

Tru kan som kjent flytte fjell.

Eg blir neppe nokon stor klesdesignar. Ingen får studere saumen på innsida av plagga mine! Men så lenge eg kan reparere og bruke kleda mine endå litt til, og lage eit par nye plagg av stoff eg har frå før, har eg iallfall gjort noko.

Klesindustrien forureinar like mykje som fly og skipsfart til saman. Vi er nøydde til å redusere avtrykket. Då må også pappa sy.

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar