Nyheter

Sikrar billig straum til folket

KRAFT: Jarand Felland er Sp-ordføraren som gjev innbyggarene makspris på straum. Her forklarer han kvifor han ikkje vil dela meir av kraftinntektene.

– Starta du dagen med ein varm og god dusj?

– Nei, i dag var eg litt seint av garde. Så då vart det ikkje tid.

– Eg tok ein dusj i dag tidleg her i Oslo, og den kostar minst fjorten gonger meir enn der du er, i Tokke kommune. Synes du det er rettferdig?

– Nei. Straumprisen er ute av kontroll, og marknaden klarer ikkje å styra det. Det skuldast i stor grad dei nye kablane til Europa, som fører til ein massiv eksport av straum.

– Her i Oslo torsdag morgon er straumprisen på rundt 5,6 kroner kilowattimen. I Tokke kommune, der du er ordførar, betalar innbyggarane aldri meir enn 38 øre. Korleis påverkar det folk i Tokke?

– Eg trur maksprisen gjer at folk i Tokke senkar skuldrene litt. Eg har høyrt om folk andre plassar som føler dei må sjekka straumprisen før dei set på vaskemaskina. Med maksprisen slepp ein denne uroa.

Det er oss eigarane som er problemet. Me har gjeve selskapa våre beskjed om at dei skal tena mest mogleg.

—  Jarand Felland, Sp-ordførar i Tokke

– Så folk slappar meir av?

– Ja, dei er godt nøgd. Men du må hugsa på at dette er ein kompensasjon til folk for tørrlagde elver og store naturressursar som me har avstått.

– I Etne senkar kommunen innetemperaturen på offentlege bygg, melder NRK. Har de liknande diskusjonar i Tokke?

– Det er ikkje slik at me sløser med straumen. Me har bygd om kulturhus og idrettshall med vassboren varme, me er opptekne av energieffektivisering. Dessutan, dei siste 20 åra har 38 øre blitt rekna som ein høg straumpris.

– Maksprisen kjem av at Tokke har tilgang til konsesjonskraft. Dei fleste andre kraftkommunar sel denne på marknaden. Kor mykje taper kommunen på maksprisordninga?

– I fjor gjorde me ei utrekning som viser at me avstod frå rundt 15 millionar kroner. Eg veit ikkje talet for 2022, men det blir heilt sikkert meir. Summen kan nok doblast.

Tokke kommune frister med billig strøm.

– Er det vondt å sjå alle dei pengane du ikkje får putta på kommunebudsjettet?

– Nei, det skal ikkje vera eit mål at kommunen skal gå med størst mogleg overskot. Innbyggarar og eit nesten samla kommunestyre ønsker denne ordninga.

– Flytter folk til Tokke på grunn av den låge straumprisen?

– Det er noko me håper på skal skje, at det blir meir bustadbygging og fleire innbyggarar. Så ser me at næringslivet er positive til ein låg straumpris.

– Du er jo på ein måte ordførar i modellkommunen til Raudt, som vil ha makspris på 35 øre for heile landet. Har dei rett?

– Eg har fått det spørsmålet mange gonger. Det har eg eigentleg ikkje noko synspunkt på. Me har makspris på straum i Tokke, og det fungerer bra.

– Lokalt står du for Raudt sin politikk?

– Nei, nei nei. Eg står for den politikken som folk i Tokke meiner er føresetnaden for ein massiv nedbygging av natur: At me som bur her, skal få noko tilbake, nemleg straum til fornuftig pris. Eg har ikkje noko syn på om me bør ha makspris på nasjonalt nivå.

– Lat oss likevel halda oss på nasjonalt nivå. Denne veka kom eit regjeringsutnevnt utval med eit forslag om at kraftkommunar bør dela litt av inntektene sine med resten av kommunane. Er ikkje det rimeleg?

– Eg synest det er eit lite gjennomtenkt framlegg. For det første gjev me alt av kraftinntektene våre: Naturressursskatten me får inn, fører til at me får mindre rammetilskot frå staten. Dessutan, sjå på forskjellen mellom Tokke og Oslo, der du bur. Oslo er eit pressområde der verdien på bygningsmasse er veldig høg. Kommunar ønsker å kunne ta inn eigedomsskatt på objekt av høg verdi. Derfor tek Oslo kommune inn eigedomsskatt på bygningar, medan Tokke tek inn eigedomsskatt frå kraftverk. Utvalet vil at me skal gje frå oss desse inntektene, samstundes kan Oslo halda på sine inntekter frå eigedomsskatt. Det er ein politikk som vil gje meir sentralisering.

– Du er ikkje åleine om det synet. Forslaget overlevde ein knapp dag før det vart skote ned av regjeringspartiet Sp, i tillegg til Frp, Venstre, Raudt og KrF.

– Ja, det synest eg er heilt rimeleg.

– Men andre farar står for døra: I Vestfold og Telemark er fyllingsgraden nede i 50,5 prosent. Denne veka viste du fram eit nesten tomt Botnedalsvatten til NRK. Kven har ansvaret for at det blir slik?

– Når straumprisen er høg, har kraftselskapa insentiv til å selja mykje straum. Det har dei også gjort, fordi det er det eigarane vil at selskapa skal gjera. Men det er negativt for både miljø og forsyningstryggleik.

– Kven er desse eigarane?

– Det er stat, kommune og fylkeskommune. Her i Tokke er Statkraft den største eigaren pluss at me har eit interkommunalt kraftverk som me er ein del av.

– Så det er det offentlege Noreg som er ansvarlege for at magasina blir tappa og straumen går til utlandet?

– Ja, det er oss eigarane som er problemet. Me har alle gjeve selskapa våre beskjed om at dei skal tena mest mogleg pengar. Selskapa må gjera som eigarane seier, men det har negative konsekvensar.

Kva bør gjerast?

– I statens eigarskapsmelding frå 2019 som Solberg-regjeringa la fram, står det at målet med å eiga Statkraft, er høgast mogleg avkastning over tid. Det målet ønsker eg skal bli supplert med omsyn til forsyningssikkerheit og godt vassdragsmiljø. Men også kommunar og fylkeskommunar må gå i oss sjølve. Det er naturleg at me i Tokke også skal sjå på målet om inntening i vårt kraftselskap.

---

Jarand Felland (Sp)

  • Ordførar i Tokke kommune i Vest-Telemark i Vestfold og Telemark fylke. Representerer Senterpartiet, det største partiet i kommunestyret.
  • Var i 2009 og 2010 politisk rådgjevar for dåverande olje- og energiminister Terje Riis-Johansen (Sp).
  • Dei fleste kraftkommunar sel konsesjonskraft på den opne marknaden, og bruker fortenesta over kommunebudsjettet.
  • Tokke er eit av få unntak, og gjev heller innbyggjarane ein makspris på straum. Ordninga har røter tilbake til 1980-talet. For 2022 er maksprisen på 38 øre per kilowattime, før moms og nettleige.

---

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter