Kommentar

Kor vil Raymond Johansen?

I si nye bok stakar Raymond Johansen retning for sosialdemokratiet. Det er vanskeleg å lese den annleis enn at han har større ambisjonar enn byrådsleiarjobben i Oslo.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

22. juli, koronapandemien og besøk til mange kriseområde gjennom jobben i Flyktninghjelpen. Det er klart at Raymond Johansen, Arbeidarpartiets byrådsleiar i Oslo, hadde gode grunnar til å skrive bok om korleis å komme seg gjennom krisa. Det er også derfor det han har gjort, i boka Gjennom krisa som kom denne veka.

Likevel er det ikkje først og fremst Johansens forteljing om handteringa av koronapandemien som står att etter å ha lese boka.

Ørnen har forlate reiret

Mest av alt verkar tanken bak boka å vere å stake ut ein politisk kurs for sosialdemokratiet i vår tid. Krisa i Arbeidarpartiet verkar djup, i alle fall viss ein ser på meiningsmålingane. Det er vanskeleg å sjå ein klar veg tilbake til stabil oppslutning over 30 eller 40 prosent. Kanskje har ørnen i norsk politikk forlate reiret for alltid.

Dersom ein skal ta det som står i boka på alvor, er det like lite naturlov i at Ap no skal gjere det dårleg som at Ap før gjorde det best. Det handlar berre om politiske prioriteringar.

Etter å ha lese boka ville det i alle fall ikkje vore utenkeleg om Johansen – etter kommunevalet neste haust – dukkar opp i regjeringa ein stad

—  Emil André Erstad, kommentator

Raymond Johansen er ein av Arbeidarpartiets mest populære politikarar. Trass i fallande oppslutning om Arbeidarpartiet også i Oslo, er han ein stødig og populær byrådsleiar. Få i partiet verkar å ha eit så tydeleg politisk prosjekt som Johansen. Sjølv om han ikkje sit i regjering er han blant dei mektigaste Ap-folka i Norge – ved å styre hovudstaden, sitte i sentralstyret og med erfaringa som tidlegare partisekretær.

Politikk er å ville

Det er klart at når ein mann som Johansen vel å gi ut bok – midt i full krisehandtering for regjeringspartiet og eitt år før kommunevalet – er det grunn til å spørje kva som er den eigentlege motivasjonen.

Basert på samtalar med kjelder i partiet er det fleire moglege svar.

Det første handlar om at Johansen er ein som vil noko. Først og fremst handlar det om politikk. For Johansen handlar det om å ha makt, å bety ein forskjell. Det har vi sett i Oslo, der det å styre byen handlar om å sette tydeleg retning på politikken. Ein kan like eller ikkje like det, men Raymond Johansens byråd har ein annan retning enn den vegen opposisjonen vil. Færre bilar, fleire faste stillingar og mindre privatisering. Det politiske prosjektet er ikkje vanskeleg å få auge på.

I eit slikt perspektiv er det forståeleg at han som hadde ansvaret for koronahandteringa i Oslo ville nytte høvet til å reflektere – grundig og politisk – over kva pandemien hadde å sei for byen, kva som var grunnlaget for prioriteringane og kva konsekvensar tiltaka mot pandemien får for politikken framover.

Sannsynlegvis attval

Den andre grunnen handlar om at det er kommuneval neste år. Der ventar dei fleste at Johansen vil velje å ta attval som byrådsleiar. Det handlar om at han leiar eit byråd som har sitte med makta sidan 2015. Dersom han no vel å trekke seg, vil det minske sjansane for attval betydeleg for den raudgrøne konstellasjonen. Å gje ut boka vitnar om at han har meir å gje.

I Gjennom krisa skriv Johansen engasjert om dei fleste politiske saker, med alt frå ulikskap, forskjellar, skule og helse, til oljeutvinning og tilsettingspolitikk. Han framstiller seg sjølv som ein politikar som framleis har meir å utrette i Oslo.

Raymond Johansen i rikspolitikken

Det tredje perspektivet er nok det mest spekulative, men som ein likevel ikkje kan unngå å pønske på medan ein les. Er byrådsleiarjobben nok for Raymond Johansen? Med sin sterke politiske CV er det langt frå unaturleg at han kunne tenkje seg å sette preg på norsk politikk også på riksplan.

Måten Johansen formulerer seg om partiet og partiets prioriteringar i boka viser at han sannsynlegvis vil meir enn å styre Oslo

—  Emil André Erstad

Fleire har peika på at Johansen kunne vore ein utmerkt kandidat til å overta som partileiar for Arbeidarpartiet ein dag, men at problemet er at han er i same alder som noverande statsminister Jonas Gahr Støre. Med så dårlege målingar som Støre-regjeringa har hatt gjennom sitt første år, er det nok fleire i partiet som har tenkt tanken på ein arvtakar – sjølv om dei klokleg ikkje har uttalt den høgt. Ein del held mot Johansen at han representerer Oslo og same generasjon som partileiar og statsminister Støre.

Måten Johansen formulerer seg om partiet og partiets prioriteringar i boka viser at han sannsynlegvis vil meir enn å styre Oslo. Fleire stader i boka – som til dømes i spørsmålet om oljeskattepakke – skriv Johansen om feil prioriteringar og vurderingar Arbeidarpartiet har gjort dei siste åra.

Urbant alternativ

På den måten presenterer Johansen eit alternativ. Som bypolitikar i hovudstaden står han for eit meir urbant sosialdemokrati enn den versjonen partiet gjekk til val på i fjor – og som kom til uttrykk etter regjeringsforhandlingane med Senterpartiet i Hurdal.

I samtaler med kjelder er det lite som tyder på at Johansen eller hans allierte planlegg kamp om partileiarvervet, slik Stoltenberg i si tid utfordra Thorbjørn Jagland. I eit maktparti som Arbeidarpartiet er det òg sterk tradisjon for at den typen diskusjonar ikkje føregår før det er reell sjanse for at eit maktskifte vil skje.

Etter å ha lese boka ville det i alle fall ikkje vore utenkjeleg om Johansen – etter kommunevalet neste haust – dukkar opp i regjeringa ein stad.



Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar