Kommentar

Småbarnsmødrer må også kunne drive toppolitikk

Sjølv om det er lett å forstå Une Bastholms ønske å tre av som partileiar for MDG, viser grunngjevinga eit stort problem i norsk politikk.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det var ikkje planlagt slik, at Une Bastholm skulle stå på taket av den nye elektriske katamaranen Legacy of the Fjords i Arendal – med ei hasteinnkalla presse til stades. Då ho snakka om grunngjevinga for at ho no trekk seg som partileiar, brast stemma då ho nemnte dei to barnehagejentene sine. Det er lett å forstå at ho vil bruke meir tid med dei.

Planen var å kome med nyheita om avgangen måndag etter Arendalsuka, etter at Bastholm hadde fått ein siste runde i ringen i torsdagens partileiardebatt frå sørlandsbyen. Så skjedde det som ofte skjer når politiske nyheiter skal bli planlagt i samarbeid mellom presserådgjevarar og leiinga; det byrjar å lekke.

Reelt ønske om å prioritere familien

Og er det ein stad det lekk informasjon, så er det i Arendal. Onsdag morgon kunne derfor Filter Nyheter melde at Bastholm ville trekke seg, visstnok av omsyn til å prioritere familien.

Ei slik grunngjeving fører umiddelbart til spekulasjonar om det ligg andre ting bak. Å prioritere familien er noko dei fleste som går frå ei stilling nemner, men ofte når det ligg heilt andre årsaker bak. I Bastholms tilfelle tyder mykje på at ho har eit reelt ønske om å bruke meir tid med dei næraste.

Optimismen forsvann

At ho òg mangla motivasjon til å stå på som partileiar er vanskelegare å skrive i ei pressemelding eller sei på ein pressekonferanse, utan å skade partiet unaudig.

Une Bastholm gir seg som leder for MDG under Areldalsuka 2022

I MDG-krinsar har det i lengre tid vore kjend at Bastholm har mangla motivasjon til å stå på toppen av organisasjonen med liv og lyst. Mykje tyder på at Bastholm allereie i vår, og kanskje tidlegare, ikkje lenger hadde den tilstrekkelege motivasjonen til å halde fram.

Trass i dette sa ho ja til ein ny periode, mellom anna fordi partiet mangla klare kandidatar til å ta over. Mangelen på motivasjon handlar om at partiet ikkje nådde gjennom ved valet i fjor, og at det etterpå har vore vanskeleg å bryte lydmuren med partiets bodskap. I tillegg har det vore stor utskifting i partiets apparat på Stortinget.

Den optimismen som tidlegare prega MDG og Une Bastholm, forsvann.

Ei lekse for norsk politikk

Uansett er det trist for kvinnelege politikarar med småbarn – som siktar mot toppen – at Bastholm no trekk seg. Det er eit problem at politiske møter vert lagt til tider på døgnet som passar småbarnsforeldre særs dårleg.

At det ikkje er lettare å kombinere eit politisk liv på toppen, med familielivet, er eit demokratisk problem. Det gjer at toppolitikarane vert likare, på same stad i livet, gjerne etter den mest intense småbarnsfasen.

Det burde vore enkelt å legge til rette for små endringar som kunne gjort det lettare for Une Bastholm å halde fram. At ho trekker seg, bør vere ei lekse for norsk politikk.

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar