Kommentar

Kampen om sanninga i Kongressen

Ord har makt. Kor mykje, kjem an på kven sine dei er. Difor handlar mykje av høyringane om 6. januar om å få fram kva Trump sine tidlegare allierte har å seie om kva som skjedde.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Komiteen som etterforskar opptøyane 6. januar har sett seg føre ei stor oppgåve: Resultata av ti månaders etterforsking skal leggjast fram for det amerikanske folket. Enkelt, men utan å underslå alvoret og nyansane i saka. I løpet av i alt seks fjernsynssendte høyringar skal media og publikum bit for bit få sjå det store biletet som komiteen har opparbeidd seg.

Dei fire høyringane vi har sett så langt ber preg av nøye planlegging. Det er tydeleg at ein har tenkt svært grundig gjennom kva som skal seiast, av kven, og kva slags inntrykk ein vil at publikum skal sitte att med. Det er svært delte meiningar i folket om hendingane 6. januar, og komiteen ønsker å overtyde tvilarane om kva verdsbilete som stemmer.

Konservative stemmer

Eit av dei grepa som fungerer best er at ein i stor grad let konservative røyster ta oss gjennom hendingane frå valet og fram til den skjebnesvangre onsdagen i januar 2021. Fysisk i høyringssalen, og gjennom videoklipp frå fleire av dei over tusen intervjua komiteen har gjort, får vi høyre frå menneska som sto midt i hendingane.

Komiteen har snakka med Chris Stirewalt, som var politisk redaktør i den Trump-venlege TV-kanalen Fox News. Ironisk nok var nyhendeavdelinga i Fox den første amerikanske TV-redaksjonen som erklærte Joe Biden som sannsynleg vinnar av delstaten Arizona – og heile valet – 3. november i 2020. Han la fram faktagrunnlaget for at dei bestemte seg for å gå ut med denne informasjonen, lenge før dei andre store media gjorde det same.

Komiteen teiknar gjennom høyringane eit tydeleg bilete der Donald Trump sit med enormt ansvar for det som skjedde. Spørsmålet er kva makt dei så har til å gjere noko med det

—  Sigrid Rege Gårdsvoll, gjestekommentator

Vi har høyrt frå Bill Stepien, som leia Trump sin valkamp, og frå Trump sin justisminister Bill Barr. Vi har også sett korte glimt av Trump si dotter Ivanka Trump og svigersonen Jared Kushner. Alle som ein seier høgt og tydeleg at dei ikkje eit sekund trudde på at valet var stole frå sjefen deira – og sjølv om fleire av dei seier at dei gav uttrykk for dette overfor presidenten, sto dei offentleg last og brast med han medan Den Store Løgna fekk fotfeste både mellom Trump-veljarar generelt og heilt inn på det ovale kontoret. Det er påfallande, og tener dei lite til ære.

«Heng Mike Pence»

Tidlegare tilsette i Det kvite huset har i dei siste høyringane vitna om at Trump var uvillig til å handle for å roe ned mobben, og til å sende inn militære styrker for å gjenopprette ro og orden. Opptøyane kom i stand medan Kongressen var samla for å stadfeste og sertifisere valmannsrøystene frå dei femti delstatane. Etter lova er det visepresidenten, i si rolle som president over Senatet, som leier denne prosessen. Donald Trump, og fleire i hans leir, meinte at det ville vere i Pence sitt mynde å avvise denne stadfestinga. Korkje Pence sjølv eller særleg mange andre meinte at det var mogleg.

Det er tydeleg at presset på Mike Pence, både offentleg og privat, var eksepsjonelt stort, og at han gjorde ein enorm jobb for amerikansk demokrati denne dagen.

—  Sigrid Rege Gårdsvoll, gjestekommentator

Denne diskusjonen, og det Trump sa offentleg om dette i sosiale medium, gjorde nok sitt til at mobben som strauk gjennom kongressbygninga taktfast ropte «Heng Mike Pence». Tilsette som var til stades vitne i høyringane om at presidenten ikkje reagerte negativt på dette, men heller gav uttrykk for at det ikkje var den verste ideen.

Det er tydeleg at presset på Mike Pence, både offentleg og privat, var eksepsjonelt stort, og at han gjorde ein enorm jobb for amerikansk demokrati denne dagen. Samstundes er det underleg å sjå at vi i desse høyringane ikkje får høyre frå han sjølv, men frå advokaten hans og frå ein distingvert jusprofessor som gav Pence råd i prosessen.

Vegen vidare

Mellom dei mest effektive vitna så langt er kanskje Caroline Edwards, ei polititenestekvinne som var mellom dei første som vart hardt skadde under opptøyane. Under den første høyringa, som vart gjennomført i beste sendetid, vitna ho om krigsliknande scener. Ho brukte ord som «blodbad». Saman med nye, sjokkerande videobilete av panikken og kaoset i kongressbygninga hamra vitnemålet til Edwards inn på nytt kor alvorleg situasjonen var.

Søndag kom eit lite informasjonsdrypp som kan tyde på at høyringane fungerer etter hensikta: I ei måling gjort for ABC News svarer 58 prosent av amerikanarar at dei meiner Donald Trump bør bli sikta for ei kriminell handling i samband med opptøyane 6. januar. I slutten av april var det tilsvarande talet rett i overkant av 52 prosent.

Det står framleis att to høyringar av dei seks planlagde, og i etterkant vil vi truleg få komiteen sin konklusjon etter sine tusentals intervju og over 140.000 innsamla dokument.

Komiteen teiknar gjennom høyringane eit tydeleg bilete der Donald Trump sit med enormt ansvar for det som skjedde. Spørsmålet er kva makt dei så har til å gjere noko med det.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar