Ein skal halde tunga beint i munnen før ein plumpar ut med meiningane sine for tida. Før du veit ordet av det, er du fritt vilt i den digitale verda. Heldigvis går det an å endre meining om ting. Det gjorde min kollega Emil André Erstad. I boka Mørkemann fortel han om korleis han gjekk frå å ha alle dei typiske kristenkonservative meiningane, til å bli rundare i kantane og meine omtrent det same som ein gjennomsnittleg nordmann om sex, homofili, alkohol og abort.
Men slik har det ikkje alltid vore. I 2012 vart han sitert i Norges største nyheitskanalar på at abort burde vere forbode, til og med for valdtekne kvinner. Erstad fekk innboksen full av hatmeldingar og drapstruslar. Men dette ligg no trygt i eit tilbakelagt kapittel. For Erstad har endra meiningane sine og kan snakke om fortida i det folkekjære programmet God morgen Norge utan å bli trua på livet. Ei solskinshistorie.
Erstad vart også tema i radioprogrammet Norsken, svensken og dansken, kor dei diskuterte kor plausibelt det er å endre meining. Danske Hassan Preisler gjorde det klart at det handlar om kvifor du gjer det: «Viss du gjer det i tråd med din eigen moral og etikk som du har oppdaga at har blitt korrumpert av fellesskapet du tilhørte, så vil eg seie bravo. Men viss du gjer det for å skrive ei bok som du veit vil bli elska av parnasset fordi du legg deg ut med ei marginalisert gruppe, er det ikkje noko eg kjem til å ta av meg hatten for».
Folk som ikkje endrar meining
Preisler minna meg på at samstundes som Erstad feirar boka og dei nye meiningane sine, finst det folk som ikkje vil ta reisa til Emil og endre på dei upopulære meiningane sine. Preisler kallar dei marginaliserte. Det trur eg han har rett i.
Eg kjenner mange som meiner at det er prinsipielt feil å ta livet av eit foster, eller som helst ser at homofile par ikkje får gifte seg i den lågkyrkjelege kyrkjelyden deira. Dei er unge og moderne folk som ikkje vil endre samfunnet for alle andre. Men dei står på retten til å leve etter si eiga tru. For desse handlar det om ei djup kjensle av samvit og retten til å tru på si religiøse overtyding.
Eg har fleire enn ein gong oppmuntra dei til å skrive og uttale seg om meiningane sine her i Vårt Land. Men dei takkar visleg nei. Risikoen for å bli stempla, mobba og stigmatisert er for stor. Det tykkjer eg er synd. Sjølv om eg er usamd i mange av meiningane deira, så er eg interessert i å vite meir om dei. Og så elskar eg eit godt forsvar for ei upopulær meining.
Det dukka stadig opp ny informasjon, og det viste seg at langt fleire enn vi trudde ønsker å sjå på moglegheita for å ta Bibelen bokstaveleg
Eit umodent ytringsrom
Ytringsrommet i samtida er for lite, blir det gjerne sagt. Eg er ikkje einig. Du kan stort sett seie kva du vil utan å bli straffa her til lands. Men reaksjonane kan du ikkje kontrollere. Når reaksjonane blir ufine og lite saklege, er det ikkje morosamt å snakke saman lenger. Problemet vi sit igjen med då, er eit umodent ytringsrom.
Når folk ikkje seier meiningane sine, blir det verre å vere opne og personlege med kvarandre og vi går glipp av informasjon om kvarandre. Då debatten om at kvinner skal underordne seg mannen begynte å rulle hjå oss denne våren, var det nok mange som lurte på kvifor vi gjev så marginale meiningar så mykje plass. Det kan eg svare på: Det dukka stadig opp ny informasjon, og det viste seg at langt fleire enn vi trudde ønsker å sjå på moglegheita for å ta Bibelen bokstaveleg, også i desse upopulære spørsmåla.
[ «Eg følgjer ei anna linje» ]
Etter fleire rundar med skarpskodde svar frå Sofie Braut, er det lettare for ein konservativ kristen å forklare kvifor ein skal ta dei upopulære versa til Paulus på alvor. Det er bra at nokon tar jobben med å argumentere for upopulære meiningar. Samstundes har debatten fått fram andre alvorlege sider. Som då etterforskingssjef i politiet, Astri Johanne Holm, sa at dei ser samanheng mellom vald i heimen og religiøs overtyding om at kvinna er underordna mannen. Denne viktige informasjonen aukar sjansen for at kvinner i destruktive relasjonar kjem seg ut av det. Eg tykkjer både svara til Braut og innvendinga til Holm inneheld viktig informasjon.
Skal vi få folk til å gidde å by på seg sjølv, må vi behandle kvarandre skikkeleg
— David Sviland
Harselerande reportasje
Skal vi få folk til å gidde å by på seg sjølv, må vi behandle kvarandre skikkeleg. Og så har eg trua på å tulle. Det ligg mykje kjærleik i å gjere narr av kvarandre. Men eg fann lite kjærleik i Morgenbladets harselerande reportasje frå den konservative Nostos-konferansen. Her vart det diskutert aktuelle tema som arkitekturopprør, grøn konservatisme, og utflytande seksualitet.
Alt låg til rette for ein djuptpløyande Morgenbladet-reportasje om konservative strøymingar blant unge. I staden fekk vi ein grunn tekst med eit harselerande blikk på klestilen til deltakarane. Journalisten var diverre meir oppteken av å minne om dei ukorrekte meiningane til den konservative journalisten Roger Scruton på 1990-talet, enn å finne ut kvifor nokre tenker annleis enn majoriteten. Etter mitt syn bidrog reportasjen til å sette konferansedeltakarane i båsen for folk vi ikkje treng å ta på alvor.
Eg trur at alle tener på å leve i eit samfunn med eit rikt mangfald av meiningar
— David Sviland
Mangfald av meiningar
Erstad endra meiningane sine. Det har eg òg gjort. Kritikarane våre vil meine at vi har snudd kappa etter vinden. Kanskje har dei eit poeng. Når heile samfunnet snur kappen etter vinden, er vi ille ute. I den nemnde podkastepisoden, seier svenske Åsa Linderborg at «det mest har blitt eit dogme at ein skal endre meining, i staden for å våge å stå fast ved noko, og ha ei ideologisk grunnhaldning å arbeide utifrå».
Eg trur at alle tener på å leve i eit samfunn med eit rikt mangfald av meiningar. Då er det viktig å legge til rette for at folk kan tenke ut sjølvstendige meiningar, og at det finst modne ytringsrom som toler meiningar som faktisk bryt med kvarandre.
[ «Før jeg giftet meg med min kone, ble jeg nødt til å melde meg ut av Frikirken» ]