Verdidebatt

Forslitne feministiske klisjear

UNDERORDNINGSTEOLOGI: Kristen tenking om ekteskapet inneber noko grunnleggande anna enn den feministiske kjønnskampen som biskop Ådnøy og biskop Fiske gjer seg til talspersonar for.

«Et paradoks», «en hypermoderne vending» og «en måte å iscenesette seg selv på» var blant karakteristikkane kjønnsforskar og teolog Jorunn Økland tildelte nokre refleksjonar eg nyleg delte omkring ekteskap og underordning. Er Øklands perspektiv representative for kjønnsforskinga som felt, opplever eg ikkje at saka i Vårt Land 2. mai bidreg til å styrka fagfeltet. Forsking som i så lita grad maktar å ta inn andre sine perspektiv, og møter komplekse spørsmål med enkle etikettar, er lite tillitvekkande.

Utgangspunktet for saka, er at underteikna i eit uformelt og personleg intervju med Stavanger Aftenblad, fortalde om nokre av utslaga trua får i livet og heimen. Aftenblad-deskens tabloide overskrift veksla dessverre refleksjonane mine inn i nyansefrie læresetningar. Men når Økland skuldar meg for å villa «iscenesetja meg sjølv» fell det på si eiga urimelegheit. Ho ser nemleg heilt bort frå tradisjonen eg held meg til.

Feministiske klisjear

Biskopane reagerer på si side raskt på avvik frå moderne rettru. At stavangerbiskopen forsikrar om at «vi er frie til å organisere familie- og kyrkjelivet ut ifrå slik samfunnet i dag tenkjer om likestilling», og at hamarbiskop Solveig Fiske seier vi «må (sic) akseptere nye ordninger, skape ny praksis med nye konkretiseringer», røper ein teologisk tilstand i Den norske kyrkja (DNK) som sjølvsagt er langt meir interessant enn måten eg og familien min lever på. Det som kjem fram, er at biskopane byr på lite anna enn forgjengelege frasar om patriarkatet, forslitne feministiske klisjear om at vi skulle ha kome så mykje lenger i 2022.

Biskopar aksepterer mangt, men om ei einsleg svale held fast på noko av det gamle, sjå då rullar bispeautoriteten inn i full mundur

—  Sofie Braut

Ifølgje biskopane er vi stadig meir frie når trua vert underordna tidsånda, men det er jo ikkje dette Bibelen seier. Han tilbyr eit nytt liv; gode rammer for heimen og ein djupare klangbotn for ekteskapet. I den store forteljinga får både kvinna og mannen, i kraft av å vera skapt ulike, ein heilt eineståande verdi. Evangeliet gøymer nøklane til det nye livet, og ikkje til eit oppussingsprosjekt av mellombelse og utskiftbare ideologiske byggverk.

Hamarbiskopen appellerer til at vi må ha feministklassikarane i bokhylla, men kva med alle som lengtar etter bibelske perspektiv? Biskopar aksepterer mangt, men om ei einsleg svale held fast på noko av det gamle, sjå då rullar bispeautoriteten inn i full mundur. Heilt ærleg skjønar eg ikkje kva dei fryktar. Folk flest lever uansett livet som om det ikkje finst noko anna enn konvensjonell feminisme og marxistisk maktkamp. Trengst ein biskop for å fortelja oss at vi kristne må leva som alle andre?

Ein fri person gir seg over

Jorunn Økland meiner underordningstematikk vert irrelevant dersom det er eit val ein står fri til å ta. «'Teppet’ under bibelsk underordning er rive bort i det kvinner tar eit val om å underordne seg», fortel forskaren. Grunngjevinga gir gjerne gjenklang i fagfeltet hennar, men i Bibelen og den kristne tradisjonen, er nettopp valet heilt avgjerande. Jesus gjer eit poeng av at han gir seg sjølv av fri vilje, han er ikkje berre ein del av ein struktur, han er ein fri person som gir seg over. Det må ligga til grunn for alle typar underordning.

Filtrert gjennom feminisme og marxisme blir omgrepet underordning til noko nærast unemneleg. Det er forståeleg. Det nyttar ikkje å sjå omgrepet i dette lyset, ei heller som noko einsidig. Teologen N.T. Wright forklarar: «Dersom det å ‘ta leiinga’ vert sett på som ei fullmakt til å plaga andre, eller blir eit insentiv for arroganse, kollapsar heile idealet». Ideen om det kristne ekteskapet er ideen om eit delt ideal, ei gjensidig pakt, der begge partar svarer for sin del.

Tanken om at nokon frivillig gir avkall på privilegium, provoserer og forvirrar framleis

—  Sofie Braut

Dersom ein tek seg bryet med å konsultera Bibelen, konstaterer ein raskt at mannens del slett ikkje krev eit mindre offer. Heile poenget er at ei kristen tenking på dette feltet inneber noko grunnleggande anna enn ein marxistisk maktkamp og feministisk kjønnskamp. Tanken om at nokon frivillig gir avkall på privilegium, provoserer og forvirrar framleis.

Å sjå livet i eit anna lys

Det er ikkje sant om menneskelivet at det må vera ein maktkamp mellom ulike grupper og personar. Dette er ei svært bestemt tolking av tilværet som biskopane her vel å gjera seg til talspersonar for. Det finst naturlegvis andre heilt legitime perspektiv, som til dømes det eg legg til grunn. Her dannar omgrep som paktstenking, komplementaritet og tillit eit heilt anna utgangspunkt.

Ved å vektleggja ei ekteskapsforståing der den menneskelege og ufullkomne pakta blir eit bilete på Guds djupare verk med og i oss, gjer eg noko av det same eg gjer når eg gir vekk pengar til fattige og formål som treng det meir enn eg. Vi kan frigjera ekteskapet til å vera noko anna enn ei ordning som primært dreier seg om meg og mine behov, slik vi kan frigjera pengane til å vera noko anna enn eit privilegium som stadig skal akkumulerast til min eigen fordel.

Det er noko av dette Guds rike innbyr til: å sjå livet i eit anna lys; ikkje «livet» i ei eller anna abstrakt og filosofisk meining; men livet, slik det er i det konkrete: relasjonar, forbruk, val og kvardag. Er det ikkje nettopp i desse tinga Gud vil oss noko?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt