Kommentar

Det norske glansbildet av Kasakhstan

Dei som har bidratt til å male eit glansbilete av Kasakhstan i norsk offentlegheit, bør tenke seg om. For det er utan nåde kasakhstanske soldatar no har fått ordre om å drepe fredelege demonstrantar.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det kasakhstanske regimet har vore eit rote, gjennomkorrupt og autoritært styre sidan Sovjetunionens fall for 30 år sidan. Det har likevel ikkje hindra landet i å bygge ei effektiv PR-forteljing i vestlege land om den økonomiske velstanden og eit skin av gradvis demokratisk utvikling.

Mange har latt seg bruke i denne forteljinga.

Mellom trivielle kundar som Utviklingsfondet, Revisorforeningen og Brønnøysundregistra, har PR-byrået Geelmuyden Kiese det kasakhstanske regimet på si offisielle kundeliste. Seinast i november trykka Dagbladet eit 24-siders annonsebilag som hylla kasakhstansk historie, natur og samfunn – noko den kasakhiske ambassaden var så fornøgd med at dei la det ut på sine Facebook-sider. Tidlegare ambassadør til Sentral-Asia og Høgre-politikar, Mette Kongshem, har fleire gonger skrive hyllester til Kasakhstan i norske medium – der ho mellom anna har kritisert det ho har omtalt som «svartmåling av Kasakhstan».

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik skreiv i fjor sommar eit innlegg der han skrytte av utviklinga i Kasakhstan, mellom anna ved å hylle den tidlegare leiaren for landet, Nursultan Nazarbajev: «Jeg registrerte en politisk leder med mer enn vanlige ambisjoner på vegne av sitt land».

Vart ikkje autoritære i går

Det Bondevik ikkje skreiv i teksten, var at Nazarbajev også heldt eit uvanleg stort tal politiske fangar i fengsel og hadde eit usedvanleg høg privat formue – takka vere Nazarbajevs grådige korrupsjon.

Det var altså ikkje førre veke at leiarane i Kasakhstan vart autoritære. Dei har vore gjennomkorrupte og autoritære i 30 år.

Det har ført til at vanlege folk opplever å mangle pengar, medan eliten kan sette seg på privatflya sine for ei langhelg i Dubai. I Genève bur dottera til den avgåtte president Nazarbajev i ein villa som har den høgaste prisen noko hus har blitt seld for i Genève, 70 millionar sveitserfranc.

Det som er sikkert er at dei her heime som held fram med å forsvare det kasakhiske regimet, bør skamme seg. Tida for rørande fortellingar om Kasakhstan i Dagbladet, bør vere forbi.

—  Emil André Erstad, kommentator

Det var noko av bakgrunnen for at demonstrasjonar braut ut i Vest-Kasakhstan tidlegare denne månaden, i den delen av landet der Kasakhstans oljeproduksjon har hovudbase. Dei som demonstrerte, kravde regimeskifte, demokrati og betre levekår. Ganske fort spreidde demonstrasjonane seg til andre kasakhiske byar, som den økonomiske hovudstaden Almaty, der demonstrasjonane etter kvart vart valdelege. Fleire politifolk vart drepne, offentlege bygningar sett i brann og køyretøy øydelagt.

Frå dør til dør

Kasakhiske styresmakter slo ganske fort av internettet, som først vart slått på att måndag. Det betyr at vi ikkje veit så mykje om kva som har skjedd desse dagane, anna enn det styresmaktene sjølv har fortald. Dei seier at 164 menneske skal vere drepne og over 2.000 skadd.

Kasakhstans president frå 2019, Kassym-Jomart Tokajev, har hevda at demonstrasjonane er organisert av terrorceller som har fått trening i utlandet. Han hevdar at så mange som 20.000 terroristar har gøymd seg i Kasakhstan, og at det er desse som no står bak demonstrasjonane og opptøyane.

No gjennomfører styresmaktene oppreinskingsoperasjonar, der dei mellom anna går frå dør til dør for å samle unge menn og sjå på telefonane deira. Dei som har bilete frå demonstrasjonane, blir tekne med av sikkerheitstenesta og politiet – og sannsynlegvis torturert.

Nazarbajev vs. Tokajev

Det er mange teoriar om kva som utløyste demonstrasjonane og det som etter kvart kunne bli omtalt som opptøyar. Ein av teoriane er at det føregår ein maktkamp i kulissene mellom folka til den tidlegare presidenten Nazarbajev og den noverande presidenten Tokajev. Det som styrkar denne teorien er at fleire av Nazarbajev sine folk har blitt arrestert, mellom anna den tidlegare sjefen for sikkerheitstenesta i landet. Fleire spekulerer også i om Nazarbajevs avgjerd om å trekke seg tilbake i 2019, kan ha utløyst eit maktvakuum som no slår ut i full blomst.

Svaret frå styresmaktene er uansett nådelaust, og viser ingen teikn på å la den fredelege delen av demonstrantane få viljen sin. President Tokajev har gitt soldatar og politi ordre om å skyte på demonstrantane for å drepe, utan åtvaring. Han har òg bedt Den kollektive sikkerheitspakta (CSTO) – som er ei militær allianse mellom Kviterussland, Russland, Armenia, Kasakhstan, Kirgisistan, Tadsjikistan og Usbekistan – om å sende styrkar til landet. Vladimir Putin har gjort det klart at han ikkje kjem til å tillate noko revolusjon i Kasaksthan, og har sendt inn store mengder russiske spesialtroppar. Troppen vert leia av ein russisk militærveteran som hadde ansvaret for annekteringa av Krim og erfaring frå krigane i Tsjetsjenia.

Ingen tør spå kva som skjer i Kasakhstan no, men president Tokajev har lagt skulda på journalistar og menneskerettsforkjemparar

—  Emil André Erstad, kommentator

Førespurnaden frå Tokajev til Den kollektive sikkerheitspakta har ført til demonstrasjonar også i nabolandet Kirgisistan. Der førte ein folkeleg oppstand til den såkalla Tulipan-revolusjonen i 2005, der landet gjekk i meir demokratisk retning. No som Kirgisistan blir bedne om å sende soldatar til Kasakhstan for å skyte på demonstrantar, skapar det sjølvsagt misnøye.

Bør skamme seg

Det vart ikkje betre av at det kasakhiske regimet viste fram ein skamslått mann på video, som openbert hadde blitt tvungen til å sei at han representerte «dei utanlandske terroristane». I Kirgisistan kjende folk att mannen som ein kjend og kjær jazzmusikar som ofte reiser for å halde konsertar i kasakhiske Almaty. Autoritære regimer er ikkje alltid dei smartaste knivane i skuffa.

Ingen tør spå kva som skjer i Kasakhstan no, men Ivar Dale i Helsingforskomiteen seier januar 2022 vil markere eit skilje i Kasakhstans moderne historie. Blir det betre? President Tokajev har i alle fall lagt skulda på journalistar og menneskerettsforkjemparar. I ei tale sa han at fordi politiet har brukt så store ressursar på å overvake desse, har dei ikkje fått med seg at 20.000 terroristar har fått bevege seg fritt rundt i landet og planlegge revolusjon. Mykje kan endå bli verre for mange.

Det som er sikkert er at dei her heime som held fram med å forsvare det kasakhiske regimet, bør skamme seg. Tida for store annonsebilag om Kasakhstan i Dagbladet, bør vere forbi.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar