Kommentar

Fem grunnar til å sjå lyst på framtida

LYSPUNKT: Det har vore mange dårlege nyheiter i det siste. Heldigvis er ikkje alt så mørkt som mange trur.

Ei jente i Pakistan mottek vaksine

Det har ikkje vore altfor mange gode nyheiter dei siste åra. Men dei finnast, om du leitar etter dei.

Som ein inngang til det nye året har eg samla fem lyspunkt i verda som gjev grunn til å kjenne litt håp for framtida – for oss sjølve, og for dei som kjem etter oss.

1. Talet på ekstremt fattige i verda går nedover igjen

Koronapandemien kasta 100 millionar nye menneske ut i ekstrem fattigdom i løpet av 2020. Det er første gong i dette hundreåret at andelen av verdas befolkning som lever i den lågaste fattigdomskategorien, har blitt høgare.

Men den negative trenden kan allereie ha snudd. Foreløpige tal frå Verdsbanken viser at det var ein liten nedgang i ekstrem fattigdom frå 2020 til 2021. The World Poverty Clock, som er ei nettside som lagar prognosar for utviklinga i global fattigdom, viser at det akkurat no blir 50.000 færre som lever i ekstrem fattigdom kvar dag.

Dette er ei god nyheit som ikkje er heilt utan atterhald. Vegen mot å utrydde ekstrem fattigdom er blitt betydeleg lengre på grunn av pandemien. Også denne gongen er det slik at dei som hadde minst frå før, er dei som blir hardast ramma.

Likevel, i dag er det – i eit globalt perspektiv – færre som lever i ekstrem fattigdom enn det var i går.

Den svenske klimaaktivisten Greta Thunberg talte til demonstrantene i Glasgow fredag. Foto: Jon Super / AP / NTB

2. Verdas befolkning blir stadig meir villig til å gjere noko med klimaet

Klimaaktivist Greta Thunberg kalla klimatoppmøtet i Glasgow i fjor haust for ein fiasko og ei «to veker lang feiring av business as usual».

Det er mange grunnar til å dele Thunbergs djupe frustrasjon. Trass ein kraftig dupp i utsleppstala i starten av pandemien, så er vi allereie i år nesten tilbake på 2019-nivået.

Fjorårets sommar blei prega av ekstremvêr over heile verda, og då FNs klimapanel la fram sin siste rapport i august, var dei for første gang heilt klare på noko dei tidlegare har vore varsame med å slå fast: Det er klimaendringane som er årsaka til ekstremvarmen, flaumane og orkanvêret vi opplever.

Ei betre verd er ikkje berre mogleg – det er noko som skjer, heile tida.

—  Hans Andreas Starheim

Trass alt dette er det eit glimt av håp for framtida. Ei lang rekke undersøkingar viser at stadig fleire ser på klimaendringane som ein alvorleg trugsel, og noko ein må gjere noko med.

Pew Institute har til dømes samanliknbare tal for femten land, som viser kor stor del av befolkninga som ser på klimaendringar som eit svært alvorleg problem. Frå 2015 til 2020 auka bekymringa markant i 12 av desse landa.

Ei undersøking gjort for World Economic Forum i 30 land og på alle dei busette kontinenta, viser at fire av fem spurte er einige i at styresmaktene må gjere meir for å ta vare på klimaet.

Greta Thunberg og andre som ønskjer mindre «bla bla bla» og meir handling mot klimaendringane, har altså aukande folkeleg støtte i ryggen – stikk i strid med det ein kan lese i enkelte grupper på Facebook.

Til sak om grønn økonomi

3. Veksten i fornybar energi er enorm

Ein skulle kanskje ikkje tru det, midt i den straumkrisa vi står i, men verda har aldri bygd ut meir fornybar energi enn akkurat no.

Faktisk har dei to siste åra vore eksepsjonelt gode for vind-, vatn- og solkraft. Det internasjonale energibyrået (IEA) kallar det ein eineståande boom – og det har til og med skjedd midt i ein pandemi.

IEA har aldri vore kjend for å vere overoptimistiske på fornybar energi sine vegner. Byrået vart trass alt oppretta i etterkant av oljekrisa i 1973, med det eksplisitte formål å sikre medlemslanda trygg tilgang på olje.

Så når det er nettopp dei som spår at fornybarandelen i verdas kraftproduksjon vil passere 50 prosent før 2030, då er det grunn til å sperre opp auge og øyre.

Og kva er grunnen til den eineståande boomen akkurat no? Jo, det er Kina. Landet stod åleine for over halvparten av fornybarutbygginga i verda i 2020.

Det kan jo vere greitt å ha med inn i neste middagsselskap med klimaskeptiske tante Turid som alltid spør kvifor vi skal gjere noko med klimaet, så lenge Kina ikkje gjer nokon ting.

Foto: Heiko Junge / NTB

4. Koronapandemien kan bli starten på ein medisinsk revolusjon

Det blir kalla ein vaksinerevolusjon. Alle ressursane som er blitt kasta inn i kampen for å utvikle effektive vaksinar mot koronaviruset, har flytta vaksineteknologien eit sjumilssteg vidare.

Men kva når vi endeleg har fått knekken på pandemien, kva skal vi bruke all den nye kunnskapen på? Då skal vi endeleg kanskje ta knekken på nokre av dei mest dødelege og seigliva sjukdomane som finst der ute.

Kvart år dør det nesten 700.000 menneske av aids. Sjukdomen har i dag inga effektiv vaksine, men takka vere ny teknologiutvikling under pandemien, kan ein slik vaksine endeleg bli verkelegheit.

Også mot blant anna malaria, zika, dengue, ebola, rabies og ulike typar influensa blir det no forska på vaksinar med den såkalla mRNA-teknologien vi har høyrt så mykje om under pandemien.

Om teknologiutviklinga vi gjer no verkeleg kan gje oss effektive vaksinar mot alle desse sjukdomane, så kan koronapandemien ironisk nok ende opp med å redde fleire liv enn den har tatt, på lang sikt.

Hans Rosling, Bill Gates

5. (Mange av) dei lange trendane går riktig veg

Som salige Hans Rosling trollbatt ei heil verd med å forklare, så går det betre med verda enn det folk trur. Dei lange trendane er at færre er fattige, færre er analfabetar, færre døyr i krig, færre døyr av smittsame sjukdomar, og folk lever mykje lenger – særleg i dei fattigaste delane av verda.

Ei betre verd er ikkje berre mogleg – det er noko som skjer, heile tida. Men ikkje av seg sjølv – den blir betre på grunn av ein villa innsats for å gjere den betre.

Å vere optimist er ikkje det same som å vere ansvarslaus, og det er meir enn nok av negative trendar å ta tak i. Men ein vinn ingen kampar ved å dyrke sine nederlag. I 2022 slår eg eit slag for framtidsoptimismen.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim er journalist i nyhetsavdelingen. Han jobber særlig med politikk.

Annonse
Annonse

Mer fra: Kommentar