Kommentar

Dersom menn hadde blødd frå penis

Kvinners helse vert konsekvent nedprioritert og tatt mindre seriøst enn helsa til menn. Ville vi tolerert ei koronavaksine med like store biverknader for menn?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Førre veke kom nyheita frå Folkehelseinstituttet (FHI) om at fleire kvinner som har tatt koronavaksinen, har fått forstyrra menstruasjonssyklusen sin. Funnet kom ikkje som noko overrasking på tusener av kvinner som har rapportert om problem med endra menstruasjonssyklus etter vaksine i lang tid. Kvifor er det slik – gong på gong – at ei kvinne på 25 år skal måtte ta kostnaden med biverknader, og ikkje ein mann på 50?

Det er som om det går eit raudt blodspor av ein tråd gjennom historia som viser den same tydelege trenden.

FHIs deprimerande funn

Noko av svaret ligg kanskje i fordommar, gamle tankemåtar og det faktum at helsa til menn nokså konsekvent har vore prioritert over helsa til kvinner gjennom historia, også dei siste tiåra. Ofte har menn vore normalen i medisinsk forsking, medan kvinner har vore avviket – kanskje på grunn av kvinners hormonsyklus.

Kvinners helse blir rett og slett ikkje tatt like seriøst. Før vi kan ha ein fruktbar debatt om reell likestilling, må vi anerkjenne premissen om at det framleis finst grunnleggjande strukturar som skapar negativ forskjellsbehandling av kvinner og menn, på kvinners kostnad.

Kanskje ligg svaret i at ein viktig del av kvinners helse, menstruasjonssyklusen, framleis er eit tabu for mange menneske i våre moderne samfunn. Spesielt for menn.

—  Emil André Erstad, kommentator

Det er lett å relativisere, bagatellisere og bortforklare funnet til FHI. Folk dør av korona, men ingen dør av forstyrringar i menstruasjonssyklusen.

Fordommar og stereotypiar

Likevel er det alvorleg fordi funnet frå FHI førre veke, berre er eitt av ei endelaus rekke av funn som stadfestar den urettferdige ubalansen mellom kvinner og menn si helse:

Dei empiriske studiane talar eit tydeleg språk: Vi trur at kvinnene overdriv smertene. Vi forskar meir på menn si helse, framleis i 2021. Konsekvensane av fordommane, stereotypiane og forskjellsbehandlinga er verkeleg opprørande. Historiene er mange.

Dødelege konsekvensar

I 2018 ringde ei 22 år gammal fransk kvinne til naudtelefonen og sa at ho trudde ho kom til å døy. Operatøren i andre enden svara at ho definitivt kom til å døy ein dag, men at ho måtte ta det med ro. Då kvinna omsider, etter unødvendig lang venting, kom til sjukehuset, døydde ho av slag og multiorgansvikt. Operatøren skulda på stress og overbelastning av naudtelefonen for den useriøse responsen.

Men det er vanskeleg å tenkje at måten vi tenkjer ulikt om helse for kvinner og menn ikkje spelte ei rolle. Feilbehandling, for sein diagnostisering og kunnskapsmangel tar mange kvinneliv. Det hadde ikkje trengt å vere slik.

Kvinner skal liksom berre tole så mykje meir smerte enn menn. Kvinner skal berre akseptere at deira helse er mindre viktig. Vi trudde kanskje vi hadde komme lenger.

Det store gapet

Problemet er så utbreidd at den britiske rikskringkastaren BBC i 2018 laga ein stor serie der dei kalla fenomenet «the health gap». Der viste BBC korleis mange sjukdommar rammar kvinner hardare enn menn, for eksempel demens, fordi kvinnelege sjukdommar som kan skape den kognitive svikten seint i livet, vert ignorert og nedprioritert av helsestyresmaktene. Tilstandane som kan skape den same kognitive svikten for aldrande menn, vert løfta opp og prioritert i nasjonale kampanjar, som til dømes hjartesjukdommar og kampen mot røyking.

I siste episode av NRK-programmet «Hva feiler det deg?» delte fastlege Kaveh Rashidi førebiletleg ope og ærleg om korleis han ofte missa på diagnosen av kvinnesjukdommen endometriose: «Det der er ein av dei diagnosane eg veit at eg ofte har missa på fastlegekontoret. (...). Alle seier det jo, at det er ein sånn diagnose alle legar misser».

Kvinner og menn bør sjølvsagt ta vaksinen mot korona, men det bør vere ei viktig politisk prioritering å sørge for at kvinnekroppen er like langt framme i pannebrasken hos farmasøytane som mannekroppen, då dei skal utvikle framtidas vaksiner.

—  Emil André Erstad, kommentator

Det er ikkje Rashidi og legane sin feil. Problemet ligg på eit djupare plan.

Menstruasjonsblod er tabu

Kanskje svaret ligg i det faktum at vi veit mykje meir om mannekroppen enn kvinnekroppen, fordi det er forska mykje meir på mannekroppen. Kanskje fordi sjukdommen rammar kvinner som blør.

Eller kanskje ligg svaret i at ein viktig del av kvinners helse, menstruasjonssyklusen, framleis er eit tabu for mange menneske i våre moderne samfunn. Spesielt for menn.

Ein av dei lingvistiske teoriane om opphavet til ordet «tabu» er at det kjem frå det polynesiske ordet «tapau» eller «tupua», som det vert hevda at på polynesisk betyr «heilag» eller «menstruasjonsblod». Ordet vart skrive ned av oppdagaren James Cook då han oppdaga øya Tonga i 1777.

Kraftigare, hyppigare og meir smertefull

Det er usikkert om teorien om det polynesiske ordet faktisk stemmer, men uansett illustrerer historia eit utbreidd problem med moderne medisin: Kvinner blør ein gong i månaden, og menn gjer ikkje det. Det får konsekvensar for korleis kvinnekroppen reagerer på medikament, vaksinar og mykje anna – likevel veit vi framleis for lite om korleis.

Det er vanskeleg å tenkje seg at vi ville akseptert det same viss det var menn som blødde ein gong i månaden.

Etter koronavaksinen melder betydeleg fleire unge kvinner mellom 18 og 30 år at menstruasjonen er kraftigare, lengre, hippare og meir smertefull enn vanleg. I tillegg melder mange av dei om at vaksinen fører til uventa mellomblødingar.

Nyheita frå FHI om korleis koronavaksinene forstyrrar kvinners menstruasjonssyklus er ein kraftig vekkjar om at kvinnehelse framleis er for lågt prioritert. Det er positivt at regjeringa no har sett ned eit kvinnehelseutval, for det trengst store endringar.

Kvinner og menn bør sjølvsagt ta vaksinen mot korona, men det bør vere ei viktig politisk prioritering å sørgje for at kvinnekroppen er like langt framme i pannebrasken hos farmasøytane som mannekroppen, då dei skal utvikle framtidas vaksinar.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar