Kommentar

Støres snuoperasjon

Jonas Gahr Støre er Ap-leiaren som har gjort Arbeidarpartiet meir folkeleg og mindre elitistisk. Det viser valkampen og valresultatet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kor mange nordmenn har eigentleg bachelor- eller mastergrad? Medan du som les og tenker over det spørsmålet, kan vi først hoppe inn i ei lita analyse av valkampen og valresultatet til Arbeidarpartiet. Det er nemleg ein samanheng her.

Vann valkampen

Tysdag denne veka heldt Jonas Gahr Støre tale til Aps landsstyre, der han gjekk på scena etter at event- og partybandet The Feelgood Orchestra hadde skapt reine vekkingsstemning i salen i Folkets Hus. Det var ein sjølvsikker, triumferande og smørblid Støre som stod på talarstolen framfor eige parti. Dei siste åra han fleire gonger vore langt meir alvorstung frå den same talarstolen i møte med den same forsamlinga. No har han snudd pessimisme til optimisme.

Ap-laget var euforiske under landsstyremøtet fordi valkampen hadde vore ein suksess. Faktisk ein så stor suksess at bransjenettstaden for PR-bransjen, Kampanje, kåra Arbeidarpartiet til vinnar av valkampen. Isolert sett er det ikkje så rart: Partiet gjekk frå å ha målingar på 17-talet i vinter, til eit valresultat på over 26 prosent.

35,3 prosent

Også i salen der dei nye stortingsrepresentantane og alle dei sentrale partifolka var samla, rådde optimisme og framtidsglød – trass i det faktum at partiet har gjort eit av sine dårlegaste val. Det seier noko om at Støre har lukkast med å jekke ned forventningane i eigen organisasjon til kva normal storleik på eit sosialdemokratisk parti er i vår tid. Partiet kan ikkje lenger forvente valresultat på over 36,9 prosent.

Endå meir interessant er måten det skjedde på: Ved å jakte distriktsveljarar utanfor dei store byane som ikkje har høgare utdanning.

Svaret på spørsmålet i starten på denne teksten er: 35,3 prosent. Det er andelen av befolkninga som har utdanning på universitets- og høgskulenivå i Norge. For mange er dette eit overraskande lågt tal, spesielt for dei av oss som bur i dei store byane og ferdast mest blant folk som har tatt ein bachelor- eller mastergrad.

Støres suksess er denne: Han har lukkast med å få Arbeidarpartiet til å forstå at partiet ikkje kan vere eit parti for alle, slik partiet i langt større grad var under Jens Stoltenberg og Gro Harlem Brundtland.

—  Emil André Erstad, kommentator

Ein av dei Støre peika på i talen sin til landsstyret, er den tidlegare LO-leiaren Hans-Christian Gabrielsen, som døydde brått 9. mars i år. Bak slagordet «Nå er det vanlege folks tur», stod ei ideologisk tenking som Gabrielsen i fleire omgangar var ein aktiv pådrivar for. Fleire enn Støre har slått fast korleis Gabrielsen brukte omgrepet «Vanlege folks interesseparti» om Arbeidarpartiet, og at denne forståinga av Arbeidarpartiet sakte utvikla seg til å bli hovudstrategien for valkampen.

Ikkje ei fallitterklæring

I Danmark, der sosialdemokratane også har gjort det relativt sterkt under Mette Fredriksens leiarskap, var ein liknande strategi mykje av nøkkelen til partiets suksess. Der vart den 59 år gamle bryggeriarbeidaren Arne Juhl brukt som eksempel på den veljaren partiet ønskte å prioritere. Fredriksen lova at innan neste val skulle Arne og vanlege strevarar i arbeidslivet som han, ha fått innført rett på tidleg pensjon. «Nu er det Arnes tur», var ekkoet frå det danske Socialdemokratiets valkamp.

Støres suksess er denne: Han har lukkast med å få Arbeidarpartiet til å forstå at partiet ikkje kan vere eit parti for alle, slik partiet i langt større grad var under Jens Stoltenberg og Gro Harlem Brundtland. Nokon vil kalle det ei fallitterklæring, medan andre vil peike på at det var heilt naudsynt for å redde partiet. Fordi: skilnadane mellom dei som har høgare utdanning og dei som ikkje har det, vert større i Norge, både kulturelt og økonomisk. Å prøve å nå alle samstundes, lar seg derfor ikkje gjere. Fragmenteringa av veljarmassen er for stor.

Det same gjeld dei geografiske ulikskapane, og opplevinga av eit geografisk utanforskap som Senterpartiet har pekt på. Ap såg denne viktige dynamikken, redda i land eit relativt godt valresultat.

Den tause majoriteten

I faktiske tal betyr strategien at Arbeidarpartiet kalkulerte med å gå ned i Oslo (ned 5,4 prosent), Bergen (ned 0,7 prosent), Stavanger (ned 1,3 prosent) og Trondheim (ned 2,8 prosent). Det bur færre vanlege folk utan høgare utdanning i dei store byane, enn utanfor. I distriktsorienterte valkrinsar som Troms (opp 3,1 prosent), Nordland (2,8 prosent), og tydelege distriktskommunar som Utsira (opp 8,7 prosent), Nord-Fron (opp 2,8 prosent) og Luster (opp 2,2 prosent) gav strategien større suksess.

Støre smiler framleis, sjølv om han seinare i veka skal i forhandlingar med Senterpartiets Vedum og SVs Lysbakken. Det er ikkje sikkert han lar seg skremme, han som tidlegare har forhandla med både Vladimir Putin og Taliban.

—  Emil André Erstad, kommentator

I talen snakka Støre om «den store, ofte tause, majoriteten av nordmenn». Det var denne tause majoriteten partiet heilt medvite prøvde å nå i valet. Difor kjende sosialdemokratar med doktorgrad, i Oslo og Bergen, at valkampen til Ap ikkje var retta mot seg. «Når vi går inn i regjering skal vi ikkje forsvinne inn i regjering, men framleis vere vakne der ute», sa Støre i talen til landsstyret. Kanskje var det meir ei melding til seg sjølv enn partikameratane.

Vedum, Lysbakken, Putin og Taliban

Valsuksessen til Støre har trekt til seg interesse frå sosialdemokratiske parti i Europa. Til dømes har den tyske kanslarkandidaten Olof Scholz hatt tett kontakt med Støre etter valsigeren. Scholz kan sjølv bli ny forbundskanslar i Tyskland etter valet på søndag. Blant dei leiande sosialdemokratiske partia i Europa er valresultatet til Støre og Ap særs oppløftande. Vi lever i ei tid der fragmentering av det politiske landskapet har tæra hardt på sosialdemokratiske parti.

Støre smiler framleis etter den relative suksessen, sjølv om han seinare i veka truleg skal i forhandlingar med Senterpartiets Vedum og SVs Lysbakken. Det er ikkje sikkert han lar seg skremme, han som tidlegare har forhandla med både Vladimir Putin og Taliban.






Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar