I politikken skjer politiske stemningsskifter ofte skremmande fort.
I januar til dømes, skreiv fleire om kor små sjansar Erna Solberg har for å vinne valet i september i år. Trygve Svensson i Tankesmien Agenda sa det slik: «Det er underlig underdekket hvor historisk dårlig regjeringen gjør det» og omtalte sjansane for at Solberg skulle få ein tredje periode i statsministerstolen som «bittesmå». Det er jobben til tankesmieleiarar på venstresida å sei slikt.
Rødt-politikaren Mímir Kristjansson okka seg samstundes over kvifor ikkje norske journalistar var meir kritiske til dei som faktisk har makta, når journalistane dreiv langt meir kritisk journalistikk mot opposisjonen: «Jeg tror ikke dette handler om høyre eller venstre. Både Gro Harlem Brundtland og Jens Stoltenberg hadde i sin tid en opphøyd status der de gikk tilnærmet fri for kritikk fra mediene. Sannheten synes dessverre å være at norske journalister beundrer makta, og da særlig statsministeren.»
Det er for tidleg for strategane i Arbeidarpartiet å lene seg tilbake og fantasere om regjeringsmakt no.
— Emil André Erstad, kommentator
Vel, kanskje var det noko i kritikken frå stemmene på venstresida i januar. Men sidan då har kritisk journalistikk mot regjeringa generelt og statsminister Solberg spesielt tatt seg kraftig opp. Nokre kjende eksempel:
Det har vore fleire kritiske saker om arbeidsmetodane til spinndoktorane rundt statsministeren. Dermed har regjeringa måtte handtere negative oppslag om spel, framfor å snakke om politikken sin. Regjeringa har stått i fleire krevjande saker om personar og posisjonar, som har skugga for politikk. Til dømes tilsettinga av statsråd Frank Bakke-Jensen som ny fiskeridirektør – der Erna Solberg til slutt måtte innrømme at det var blitt gjort feil.
Ripe i lakken·
Erna Solberg fekk sjølv ei solid ripe i lakken for å ha brote smittevernreglane med den berømte sushi-middagen på Geilo, som vart straffa med ei bot på 20 000 kroner. Regjeringa har fått kraftig kritikk for beredskapen, både frå koronakommisjonen og i saka om russisk oppkjøp av fabrikken Bergen Engines.
Så mykje har sakene prega nyheitsbiletet at ein valsiger for Erna Solbergs regjering har vorte ein stadig fjernare tanke. Kanskje har vi gløymt kva som skjedde i 2017 – førre valkamp der Erna Solberg sikra seg fire nye år med regjeringsmakt.
Tre faktorar talar for Solberg
Det er spesielt tre faktorar som talar for at Erna Solberg ikkje treng å finne seg ny jobb i september, sjølv om Støre og Arbeidarpartiet har relativt gode målingar for tida.
For det første går det skikkeleg godt med partiet Høgre. Høgre-folk har nytt godt av snart åtte år med regjeringsmakt, men er framleis landets største parti på dei fleste målingane. På snittet for april ligg partiet nesten eit halvt prosentpoeng framfor Arbeidarpartiet. Førre veke publiserte NRK si såkalla supermåling der statskanalen hadde spurt 600 veljarar i kvart av dei 19 valdistrikta om kva parti dei vil stemme på. Då NRK publiserte svara frå dei 11 400 veljarane, må det ha ført til jubel på bakromma i Høgre. Ikkje berre fordi at Høgre var nesten halvanna prosentpoeng framfor Arbeidarpartiet, men også fordi målinga var den beste for dei borgarlege partia på mange månader.
[ Erna Solberg åpner for å diskutere abortnemndene ]
KrF og Venstre må over sperregrensa
Høgre åleine kan ikkje redde regjeringa, men er avhengig av at Frp, KrF og Venstre også gjer det relativt godt. For dei to minste held det å kome seg over sperregrensa. I supermålinga frå NRK er trenden positiv for både Frp og KrF, medan Venstre ser ut til å ha lengst veg til mål.
For det andre er 2017-valkampen friskt i minnet hos alle som driv med politikk i Norge. Kva som eigentleg skjedde er det framleis ikkje semje om blant forståsegpåarane, men det som lenge såg ut til å skulle bli ein soleklar valsiger for Jonas Gahr Støre og Arbeidarpartiet enda i alle fall opp som ein fiasko for opposisjonen. Mange peikar på at stemningsskiftet skjedde omtrent samstundes med partileiardebatten under Arendalsveka, der Støre og Ap fekk si første dårlege måling.
For strategane på raudgrøn side er stemningsskiftet i førre stortingsvalkamp eit så stort traume at ein liknande dynamikk i årets valkamp fort kan skape panikk av den paralyserande sorten. Valkamp er ofte enten-eller, slik Bård Vegar Solhjell formulerte det for eit par år sidan: «Moderne valkamp kan vere spennande, viktig og informativ. Men medielogikken har også ein tendens til å skape sine eigne historier. Vinnarhistoria, der alt du tek i blir til gull. Taparhistoria, der alt blir til gråstein.».
Dersom opposisjonens taparhistorie frå 2017 skulle gjenta seg i årets valkamp, kan Solberg ha gode sjansar.
MDG og Raudt
For det tredje kjempar fleire av opposisjonspartia mot sperregrensa. At MDG og Raudt skal karre seg over sperregrensa, er langt frå sikkert. Begge partia er under på NRKs supermåling – og ligg omtrent på KrFs nivå. På snittet for april ligg dei likevel så vidt over sperregrensa. Dersom desse to partia ikkje kjem over fire prosent vil det bety at opposisjonen samla sett vil ha langt færre mandat enn det mange strategar på venstresida har rekna med den siste tida.
Dessutan har Raudt og MDG det med å ligge høgt på målingane tidleg i valkampen fordi partia tiltrekk seg unge, urbane veljarar – også kjend blant partistrategane som dei veljarane som ofte ikkje møter opp når det gjeld. Med same kurve som normalt vil desse partia dermed få ein tøff kamp mot sperregrensa.
Skulle det derimot vise seg at Raudt og MDG kan klare sperregrensa, kan alle krav og forventningar frå sjølvsikre Bjørnar Moxnes og Une Bastholm gjere sitt til å skape inntrykk av raudgrønt kaos.
Mykje er framleis uklart.
Borgarleg trekkspel
Ein ting er at vi ikkje veit korleis Erna Solberg skal få stabla på beina ei stabil regjering etter valet. Dei fire borgarlege partia har fungert som eit slags trekkspel for Solbergs regjeringsprosjekt, der nokon har gått inn, andre ut – men dei har heile tida danna eit parlamentarisk fleirtal i Stortinget.
Det er også særs uklart kva parlamentarisk grunnlag ei regjering leia av Jonas Gahr Støre eigentleg vil styre på – og om alle partia i den raudgrøne koalisjonen i det heile tatt vil ha Støre som statsminister. Det spørsmålet har Trygve Slagsvold Vedum ved fleire høve nokså oppsiktsvekkande nekta å svare på. Senterpartiets strategar verkar framfor alt meir opptekne av å sikre Senterpartiets oppslutnad på framfor å sikre eit eventuelt regjeringsskifte.
Det er lenge til val. Mange kriser, skandalar og saker kan treffe landet vårt innan september. Det er derfor alt for tidleg for strategane i Arbeidarpartiet å lene seg tilbake og fantasere om regjeringsmakt no.
[ Jorunn Lossius (KrF) om abort i valkampen: «Dette må veljarane forhalda seg til» ]