SV vedtok denne helga å utvide grensa for sjølvbestemt abort til veke 22. Dette fekk stortingsrepresentant Jorunn Gleditsch Lossius til å reagere kraftig, og måndag ettermiddag la ho ut eit bilete av sin eigen mage då ho var 22 veker på veg med sitt første barn.
Det er helt sjokkerende og dypt fortvilende at vi nå ser en situasjon i norsk politikk der partiene på venstresida bruker sine landsmøter til å frata barnet i magen alt rettsvern, skriv ho i innlegget som er delt rundt 1500 gongar.
HVOR ER RESPEKTEN FOR DET UFØDTE LIV? SVs landsmøte har vedtatt å utvide abortgrensa til uke 22. Under ser dere et...
Posted by Jorunn Elisabet Gleditsch Lossius on Sunday, April 25, 2021
På spørsmål om ho meiner dette no bør bli ei valkampsak for KrF viser ho til at også Arbeidarpartiet, Raudt og MDG har gjort vedtak om å utvide abortgrensa, og at dette er noko veljarane derfor er nøydde til å ta omsyn til.
— Det er absolutt ingen i KrF som gler seg over desse framlegga, og vi skulle helst sett at dei aldri var foreslått. Men når situasjonen er som den er, så er vi klare for å vere ei røyst for det livet i mors mage som ikkje har ei eiga røyst og til å stå opp for fosterets rettsvern, seier ho.
[ Historisk SV-ja til selvbestemt abort fram til uke 22 ]
Borgfreden broten
Lossius avviser at det var KrF som sjølv braut borgfreden i abortsaka under partiets retningsvalsdebatt. Den gongen løfta partileiar Kjell Ingolf Ropstad fram innstrammingar i abortlova som moglege gevinstar av å gå inni ei borgarleg regjering. Lossius viser til at SV-leiar Audun Lysbakken tydeleg har avvist at dette har hatt noko å seie for SV sitt standpunkt.
Ho viser også til at fleire parti har hatt abortdebattar på sine landsmøter også tidlegare år, og at SV allereie før årets landsmøte hadde inne ei formulering i sitt program om å utvide abortgrensa til 16 veker. Også debatten om reservasjonsretten meiner Lossius viser at borgfreden i abortsaka var broten allereie før retningsvalsdebatten i KrF.
På landsmøtet til Ap var det likevel fleire som peikte nettopp på denne debatten som bakteppe for at Ap no går i liberal retning om abortlova. — Det er mykje på grunn av at Erna Solberg og KrF sette abortlova i spel, sa Ap-leiar Jonas Gahr Støre.
— Arbeidarpartiet må stå inne for den politikken dei sjølv har vedteke. At dei forsøker å legge skulda på KrF, og antydar at dei vel å fjerne rettsvernet til barn i mors mage på rein trass, det synest eg er skremmande, seier Lossius.
[ Ap-vedtak om abort og narkotika kan gi bakrus ]
— KrF har brote kompromisset
I ein e-post til Vårt Land svarar nestleiar i Arbeidarpartiet Ingvild Kjerkol på utsegna frå Lossius.
— Abortlova har vore eit breitt kompromiss. KrF og Erna Solberg har brote det kompromisset. KrF har forhandla om ulike innstrammingar i kvinners sjølvbestemming heilt sidan Erna Solberg blei statsminister og i 2019 lykkast dei med ei historisk innstramming.
Ho seier også at standpunktet har modna i Arbeidarpartiet, og at det at ei nemnd skal avgjere i spørsmål om å gje helse hjelp til kvinner er ei utdatert ordning i 2021. Ho presiserer samstundes at Arbeidarpartiet ønskjer å gje eit betre helsetilbod og betre oppfølging til kvinnene som kjem opp i ein slik situasjon.
— Maktbalansen blir skeiv når kvinna blir sett på gangen i avgjersler om hennar eige liv, avsluttar Kjerkol.
[ Etterlyser en grundigere debatt om abortloven: - Det er nærmest en kappestrid om å flytte grensen ]