Eit meir autoritært Europa
Kva skjedde eigentleg då EU-landa fekk med seg Ungarn og Polen på ei avtale verdt 19 000 milliardar kroner? Sjølv ikkje Angela Merkels merkling ser ut til å stoppe den autoritære utviklinga.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.
På tysk har verbet merkeln vorte eit verb brukt blant unge tyskarar, som i følge den tyske ordbokpublikasjonen Langenscheidt betyr leiing der ein ikkje gjer noko, ikkje tar noko avgjerd og ikkje uttalar seg. Å fortynne og forsinke politiske prosessar for å sikre seg ei avtale. Altså, sentrale karakteristikkar ved den tøyelege og fleksible leiarskapen til den tyske forbundskanslaren dei siste femten åra.
Det var merklinga til Merkel som gjorde at EU nok ein gong tidleg i desember fekk halt i land langtidsbudsjettet for dei neste sju åra og ein kriseplan. Budsjettet vart opphavleg vedteke på eit EU-toppmøte i juli, før medlemslanda Polen og Ungarn la ned veto tidlegare i haust.
Grunnleggande rettsstatsprinsipp
Dei autoritære regima i Budapest og Warszawa protesterte mot ein klausul i budsjettet som sa at utbetalingar til medlemsland kan stoppast dersom landet bryt med grunnleggande rettsstatsprinsipp.
Det er kanskje ikkje så rart at dei polske og ungarske statsleiarane protesterte slik. Dei forstod nok at den nye rettsstatsmekanismen ville bety stans i pengeoverføringane frå Brussel. Det var umogleg å tolke mekanismen annleis enn at ingen rettstat ville bety ingen pengar. Enten det, eller så må dei høgrepopulistiske regima slutte å plukke frå kvarandre det uavhengige rettsvesenet sitt, ved å fylle opp domstolane med regjeringslojale dommarar – slik dei har halde på dei siste åra. Det er openbert noko dei ikkje har tenkt å slutte med.
Lenge har EU-leiarane i Brussel vore ufrivillege tilskodarar til ei framsyning der Polen og Ungarn har gjort nett som dei vil. I 2018 utløyste EU-kommisjonen den såkalla artikkel 7 i EU-traktaten mot landa, som betyr at EU kan føre sanksjonar mot eit medlemsland som bryt grunnleggande menneskerettar. Problemet er berre at alle dei 26 andre medlemslanda må vere samstemte. Så lenge Polen kan blokkere for Ungarn og omvendt, har ingenting skjedd.
Tannlaus union
EU har mangla kuler, krutt og våpen i krigen mot dei autoritære kreftene som trugar unionen frå innsida. Mange har med rette kalla unionen tannlaus.
Å knytte EU-utbetalingar til grunnleggande rettsstatsprinsipp vart derfor sett på som eit slags gjennombrot, eit etterlengta tiltak for å stogge den autoritære utviklinga i fleire av medlemslanda, og då spesielt Polen og Ungarn. Initiativet kom opphavleg frå Nederland på EU-toppmøtet i juli. Mekanismen var krystallklar: Ingen rettstat, ingen pengar.
I realiteteten stod forhandlingane mellom den tyske regjeringa, Ungarn og Polen – fordi det er tyskarane som har presidentskapet i EU for tida.
Heile den autoritære utviklinga i Polen og Ungarn er drive fram av pengestraumar som gjer det mogleg for dei øvste leiarane å samle store pengesummar blant sine næraste allierte
Emil André Erstad, gjestekommentator
Då avtala var sikra 10. desember var det påfallande å sjå kor begeistra dei autoritære leiarane i høvesvis Polen og Ungarn var. Den polske statsministeren Mateusz Morawiecki kalla budsjettavtala «ein dobbelsiger», fordi Polen vil motta 174 millionar euro og fordi landet fekk avgrensa kriteria den omtalte rettsstatsklausulen. Den ungarske statsministeren Viktor Orbán var endå tydelegare: «Vi vann. Vi avverga faren for at budsjettet kunne brukast til å tvinge Ungarn til å fatte avgjerder som vi ikkje ønsker», sa han om forhandlingsresultatet.
Det var forvirrande å sjå reaksjonane etter avtala, fordi alle såg ut til å vere like begeistra – både dei autoritære og dei liberale. Både den svenske og finske statsministeren, høvesvis Stefan Löfven og Sanna Marin var tydeleg fornøgd med resultatet: «For første gong sidan EU vart grunnlagt koblast no rettsstaten sine prinsipp til utbetaling av pengar. Det er historisk og ein stor suksess for Sverige, som har ivra for dette i mange år», var Löfven sin dom.
Kven har rett?
Så kven har eigentleg rett? Dei polske og ungarske regima, eller dei nordiske statsleiarane og EU-leiarane i Brussel? Det er mildt sagt ei nokså ulik tolking av den framforhandla avtala.
Mekanismen som skal sikre at medlemslanda må følge rettstatens prinsipp for å få utbetalt pengar, ligg framleis intakt i avtala. Slik sett kan Löfven, Marin, Merkel og EU-leiarane stå med rak rygg. Problemet er at den nye avtalen har lagt inn tilleggstolkingar av kva denne mekanismen betyr, som gjer at den sannsynlegvis aldri kjem til å bli brukt. Det er her polske Morawiecki og ungarske Orbán kan erklære siger på sin kant.
I den nye avtala er det berre dei brota på rettsstatsprinsippa som har direkte konsekvensar for pengane landa får frå Brussel som gjeld. Det betyr at regima i Ungarn og Polen kan halde fram med å plukke dei dommarane dei vil ha, trakassere journalistar, akademikarar og opposisjonelle – så lenge dei held seg reine i behandlinga av pengane dei frå Brussel. I tillegg ligg det inne ei forseinking av heile prosessen, ved at klausulen ikkje vil tre i kraft før Polen og Ungarn får sjansen til å ta saka til EU-domstolen i Luxembourg. Vi kan måtte vente ei god stund på ei avgjerd frå dei som er kledd i EU sine dommarkapper – og i mellomtida er det fritt spelerom for dei autoritære i Polen og Ungarn.
Autoritær utvikling drive fram av pengestraumar
Og dette siste er viktig: Heile den autoritære utviklinga i Polen og Ungarn er drive fram av pengestraumar som gjer det mogleg for dei øvste leiarane å samle store pengesummar blant sine næraste allierte. Utan den føreseielege pengestraumen frå EU er det ikkje sikkert at det vil vere like lett å få lojalistane til regima til å marsjere like pent på rekke.
Kritikarar av avtala hevdar at EU og Merkel hadde betre kort på handa enn dei var villige til å bruke, ved at dei for eksempel kunne utsett vedtaket av sjuårs-budsjettet til 2021, med eit årleg naudbudsjett i mellomperioden. EU måtte altså ikkje inngå kompromiss på dei autoritære sine premiss – slik mykje no tyder på at dei har gjort.
Den frie rettsstaten, eit fritt sivilsamfunn og ei fri presse er sjølve grunnpilarane i det Europa EU har vore den sentrale drivkrafta i å bygge, men no spreier autoritære krefter seg som råte på innsida av EU-byggverket. Det vil halde fram så lenge ingen effektive verktøy kjem på plass.