Kommentar

Siger for alle undertrykte

«12 Years a Slave» fekk Oscar for beste film fordi det var den mest idealistiske.

Det blei ikkje ein enorm triumf for Steve McQueens råsterke slavedrama under Oscar-utdelinga natt til måndag. 12 Years a Slave var nominert til ni Oscar-statuettar og fekk med seg tre. Alfonso Cuaróns romfartsfilm med Sandra Bullock, Gravity, fekk sju prisar, og blei såleis ein «større» vinnar.

Når vi ser attende på prisane i år, står likevel 12 Years a Slave att som vinnar. Statuetten for beste film er på mange måtar den gjævaste. Og han er ein høgt fortent vinnar, som eg også antyda i filmmeldinga tidlegare i år. Historia om den frie, svarte mannen som blir kidnappa og seld som slave er noko av det sterkaste du ser på lerretet for tida.

Betre enn seg sjølv. 12 Years a Slave demonstrerer at det går an å bli kåra til beste film, sjølv om andre filmar utmerker seg endå meir innan dei ulike fagkategoriane. Såleis var det Cuarón som fekk prisen for beste regi, og det var Matthew McConaughey (Dallas Buyers Club) og Cate Blanchett (Blue Jasmine) som vart kåra til dei beste skodespelarane.

Somme kritikarar har spurt seg om ein film kan vere større enn sine eigne bestanddelar. Sjølvsagt kan han det. Dette er noko av det magiske med kunsten.

12 Years a Slave lukkast med å fortelje ei original (og meir eller mindre sann) historie om eit tema som USA enno ikkje er ferdige med. Ein skulle tru at det ikkje var nødvendig å lage filmar om amerikansk slavemishandling lenger. Det er det, for filmen er aktuell utover sitt eige historiske utgangspunkt. Framleis finst det mange ufrie menneske i denne verda, menneske som er offer for ulike typar slaveri. Rasisme og framandfrykt har stadig tilbakevendande aktualitet, anten vi snakkar om openlyse eller skjulte straumar.

Lykke og ulykke. Då den kenyanske skodespelaren Lupita Nyong'o vann Oscar for beste kvinnelege birolle – den første store filmrolla hennar – i 12 Years a Slave, utbraut ho ifølgje VG: «At så mykje lykke i livet mitt, er eit resultat av andres ulykke kjem eg aldri til å gløyme.» Ho viste til slavarbeidarane i filmen. Og ho kunne vist til våre samtidige undertrykte.

12 Years a Slave konkurrerte mot ei rekke filmar som utmerka seg på forskjellig vis. Den særeigne Her, om mannen som forelskar seg i operativsystemet sitt, var kanskje den aller mest originale og framtidsretta av dei. Filmen vart løna med statuett for beste originalmanus. Eg må likevel innrømme at eg gler meg over at filmar som American Hustle og The Wolf of Wall Street ikkje nådde heilt opp i tevlinga. Begge greip fatt i hedonistiske livspraksisar i vår nære fortid – finanskriminalitet og svindel – men evna ikkje i like stor grad å gjere seg relevante.

Idealistisk retning. Mykje kan seiast om dei 6000 medlemmene i det amerikanske filmakademiet, der gjennomsnittsalderen visstnok skal vere rundt 63 år. Ein av fordelane med modne medlemmer er at stemmene ofte går til filmar som har ei «idealistisk retning». Slik er det også når det svært mykje mindre Svenska Akademien (18 medlemmer) deler ut Nobelprisen i litteratur.

Natt til i går triumferte 12 Years a Slave fordi det var den mest idealistiske. Det er liten grunn til å hisse seg opp over det, når det samtidig var ein av film av høg kvalitet. Steve McQueen fortel Solomon Northups historie på ein effektiv og gripande måte, utan å bli sentimental. Og måten amerikanske slavedrivarar brukte Bibelen til å legitimere slavedrifta har avfødd debatt, også på Vårt Lands sider.

12 Years a Slave, som i tillegg til hovudrolleinnehavaren Chiwetel Ejiofor kan by på ei rekke høgprofilerte namn i diverse biroller (t.d. Michael Fassbender, Benedict Cumberbatch, Paul Giamatti og Brad Pitt), er ein av filmane du absolutt bør prioritere å få sett på kino i vår.

Ikkje nødvendigvis fordi han vann Oscar. Men fordi han er ein siger for alle undertrykte.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar