Kommentar

Den tredje reformasjonen

Det dogmatiske har jo ingen betydning længer; hva man overalt søger er religiøs løftning eller religiøs selvfordybelse.

Sitatet ovanfor er frå journalisten og forfattaren Arne Garborg, som gjennom store delar av livet braut med og grubla over dei største eksistensielle spørsmåla. Garborgs tankar om moderne religiøsitet er høgst aktuelle enno i dag, både her i Noreg og om vi ser på nabolandet vårt, Danmark. Der er nemleg det religiøse landskapet i ferd med å endre seg i så stor grad at kommentatorar snakkar om «den tredje reformation».

Framleis er litt over 80 prosent av danskane medlemmar av folkekyrkja. Men i det stille er ei ny form for buddhisme, tilpassa vestleg individualisme, i ferd med å breie om seg. Ulikt dei to store reformasjonane Danmark har vore igjennom tidlegare – likt Noreg: overgangen frå norrøn tru, og den protestantiske reformasjonen – er denne «tredje reformasjonen» fundert i folkedjupet, ikkje hjå makthavarane. Som Kristeligt Dagblad konkluderte i sommar, etter ein grundig artikkelserie kalla «Østen i Vesten»: Folket i Danmark er i ferd med å skifte tru.

Reinkarnasjon.

Kyrkje- og trusredaktør Morten Thomsen Højsgaard nemner ei rekkje endringar som byggjer opp under påstanden om det danske religionsskiftet. Til dømes er det fleire danskar som trur på reinkarnasjon enn på at Jesus stod opp att etter å ha døydd på krossen. Haldninga til yoga og meditasjon i folkeskulen er meir positiv enn haldninga til salmesong. Langt fleire danskar har prøvd alternative behandlingstilbod, frå akupunktur og soneterapi til clairvoyance, enn tilsvarande kristne tilbod som forbøn, retreat og pilegrimsreiser.

Samtidig sit den vestlege tanken om individet sin rett til å bestemme sjølv, i høgsetet. «Borte blir talen om formaningar, preiker, openberringar eller ei tru som er fast eller gjeve på førehand. Inn kjem nysgjerrigheit etter det som er annleis, dialog, meditasjon og søken etter meining, som djupast sett finst eins eige indre,» skriv Thomsen Højsgaard.

Tru på livet.

Det er freistande å seie med Garborg: «Det dogmatiske har jo ingen betydning længer; hva man overalt søger er religiøs løftning eller religiøs selvfordybelse.» Det er dette som er den tredje reformasjonen, innvarsla av den norske forfattaren allereie for hundre år sidan.

I Kirke og Kultur nr. 2/2009 skriv sokneprest Simen Aalvik Simensen om Arne Garborgs moderne religiøsitet. Garborg stod heile livet i spenn mellom det kristne grunnlaget og viljen til å tenke fritt. Symptomatisk er det at debutromanen Ein fritenkjar (i bokform 1881) først stod på trykk i bladet Fedraheimen i 1878 – same år som salmen «Gud signe Noregs land» stod på trykk same stad.

Garborgs livssyn vart etter kvart det som kan kallast ei religiøs-humanistisk «tru på livet». Livet sjølv er mysteriet, men det treng ikkje å hindre ei gudstru. Gjennom dette livssynet ønskte Garborg nettopp å gjere ei religiøs oppfatning mogleg og meiningsfylt, som dominikanarpresten Finn Thorn påpeika i si bok Arne Garborg og kristendommen. Men Garborg låste ikkje vegen inn i livsmysteriet til ein særskilt religion.

Indre kampar.

Mykje av det Garborg observerte i samfunnet på slutten av 1800-talet er aktuelt framleis i dag. Menneska søkjer framleis etter meininga med livet, men synest det er vanskeleg med dogme og kravet om å underkaste seg ein autoritet. Då er det eigentleg ikkje så overraskande med rapportane frå Danmark, ei religiøs vending vi her i Noreg bør følgje særleg godt med på.

Berre ti prosent av danskane ser i dag på kristendommen som den einaste sanne religionen. Thomsen Højsgaard kommenterer: «Kyrkja sjølv har vore oppteken av å kjempe indre kampar mellom liberale og konservative krefter, dernest av tilhøvet til islam. Først i det siste er det gått opp for leiande teologar og geistlege at danskane sine religiøse preferansar handlar om noko heilt anna: sjølvrealisering og eit godt liv som verkar i praksis.»

Finst det nokon som kjenner seg att?

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar