Kommentar

Donald Duck mot nye høgder

Han er arbeidarklassen og middelklassen på symjeføter. I konstant krangel med slekt og kapitalisme. Verdas mest populære and fyller 75 år i dag.

Då Mikke Mus var blitt ein fløtepus, kom hissigproppen Donald Duck som ei massekulturell redningsbøye ein junidag i 1934. Den vidgjetne matrosen gjorde sin offentlege debut som bifigur i teiknefilmen Den kloke lille høna. Og allereie frå starten av leid Walt Disneys førsteand av ein alvorleg karakterbrest.

Donald er nemleg lat. Han er kynisk, utspekulert og hovmodig. Han er dei katolske dødssyndene inkarnert. Fråtsar gjer han gjerne, om han får sjansen.

Men når den vesle høna i teiknefilmen spør Donald om hjelp til å plante og hauste mais, får han akutt magetrøbbel. Først når maisen er klar til å etast, melder unnasluntraren seg. Då er det for seint, høna gir han berre ei flaske med magemiddel, og Donald ender sin filmdebut som ein angrande sjølvstraffar.

Populær.

Som teikneserie kom Donald til Noreg i desember 1948, og viste seg etter kvart å bli umåteleg populær. På det meste gjekk Donald Duck & Co i 250.000 vekentlege eksemplar.

Personleg trur eg ein av årsakene var serieskaparen Carl Barks, som frå byrjinga var representert i dei norske hefta. Eit artig munnhell går ut på at Carl Barks har betydd like mykje for nyare historieforståing som Karl Marx. Mellom 1944 og 1966 teikna Barks fleire hundre Donald-historier av særs høg kvalitet.

I ein bursdagshyllest som denne er det naturleg å trekkje fram eit par viktige hendingar frå livet til 75-årsjubilanten. Det som mange vil meine er den aller beste Donald-historia, stod på trykk i norske Donald Duck & Co nummer 13-17 i 1963. I «Eggemysteriet» oppdagar Donald og nevøane Ole, Dole og Doffen eit ukjent firkantfolk i det indre av Andesfjella. Hjå firkantfolket er absolutt alt firkanta, og alle snakkar nynorsk med preg av vossamål. Ein populær song på Gufseplassen, som den avsides dalen heiter, går som følgjer: «På Vossevangen der vil eg bu. Der veks det kløver yver heia! Der går kvar ungkar i blanke sko og med ein sylvknapp i trøya!» Historia skapte heftig språkdebatt.

Trehjulssykkel.

«Donald Duck og Gullhjelmen» er eit anna av dei store Donald-eventyra, der han og gutane dreg på jakt etter ein norrøn gullhjelm som gjev eigedomsretten til heile Nord-Amerika. Det hadde vore noko for Jens Stoltenberg!

Ein personleg favoritt er likevel «Hvem-vet-hva-konkurransen», der Donald har grave seg ned i ein diger bunke bøker og puggar som ein gal for å vinne tidenes quiz. Då han i finalen svarer rett på kor mange liter vatn som renn gjennom Glomma kvar dag, er han blitt så tussete i hovudet at han vel ein trehjulssykkel som premie framfor ein sekk med pengar.

Klassekamp.

På snurrig vis ligg det eit slags marxistisk malapropos i denne vedunderlege Barks-historia. I eit langt liv har Donald stått opp imot, og blitt hundsa av, overklassa og kapitalismen (representert ved onkel Skrue). Men når Donald, som ei sann and av arbeidar- og nedre del av middelklassen, brått har utsikter til rikdom, snublar han i symjeføtene og blir verande i sin vande stand.

Det er difor vi elskar Donald. Han er ein av oss. Han er klønete og dum som oss. Han har ambisjonar som oss. Han kan vere på toppen av verda i den eine augeblinken, og heilt på botnen i den neste.

Donald Duck er spegelbiletet av alle gjennomsnittsmenneske, i matrosdrakt. Når vi ler av Donald, ler vi av oss sjølve. Og når han ein sjeldan gong tek rotta på fetter Anton, kjennest det som ein siger for heile menneskeheita.

Gratulerer med dagen, Donald Duck!

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar